Kristenkonservative vil ha borgarleg regjering utan Venstre

3 hours ago 5


Denne helga startar kampen om kristenveljaren når Oslo Symposium blir arrangert for åttande gong.

Kristenstevnet har eit konservativt utspring, men samlar også gjester frå andre sida av midtstreken. Målet er todelt:

  • Å sikre at ein «ikkje-sosialistisk regjering» kjem til makta etter valet
  • Å demme opp for den «sekulære fundamentalismen»

Det set partiet Venstre i ein skvis, meiner stemneleiar Bjarte Ystebø.

Han seier Kristeleg Folkeparti bør kutte banda til sentrumskameraten først som sist, og heller omfamne sitt verdikonservative og sanne eg.

Dei som stemmer KrF gjer det på grunn av dei kristne hjartesakene: abort, dødshjelp, familieverdiar, kamp mot rus, støtte til Israel og vern om kristendommen i samfunnet. Venstre er like verdiliberale som SV, og står langt frå KrF.

Frp seier ja til sprit, porno, røyk, diesel, surrogati, eutanasi, stamcelleforsking og søndagsopne butikkar. Ungdomspartiet deira vil avvikle trusstøtta. Kvifor er det ein betre match for KrF?

Det er opplagt spenningar den vegen òg. Men det er vanskeleg å forstå at Venstre-samarbeid har vore opplagt, og Frp-samarbeid kontroversielt.

Bjarte Ystebø

Bjarte Ystebø og Oslo Symposium varslar oppgjer med den «sekulære fundamentalismen». Det går særleg utover Venstre.

Foto: Anand Eide

Stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, lever fint med den nye «skurkerolla».

– Eg tar det som eit adelsteikn vi at vi blir utpeika som hovudmotstandar av Oslo Symposium, seier han.

Han legg til:

– Ystebø har heilt rett: Venstre er garantist nummer éin for liberale rettar for alle. Det trengst meir enn nokon gong når Trump og Putin gjer felles sak mot dei vestlege liberale verdiane.

Forsiktig oppgjer med Donald Trump-kulten

I tillegg til eit krast oppgjer med dei liberalprogressive kreftene i Venstre, varslar Ystebø eit forsiktig oppgjer med Donald Trump.

NRK har tidlegare skrive om korleis den amerikanske presidenten set Kristen-Noreg på prøve.

Då KrF-leiar Knut Arild Hareide talte til Oslo symposium i 2019, vart han bua ut av då han kritiserte dansinga rundt gullkalven.

Ystebø vil drive inn ein kile mellom frontane.

På den eine sida gir han Trump «stor honnør» for å levere på kristne symbolsaker som abort, Israel og trusfridom.

Her har han gjort meir enn nokon annan republikansk president, i alle fall sidan Ronald Reagan.

På den andre sida åtvarar han mot tendensen til personkult rundt Maga-presidenten.

I kommentaren Sterke leiarar er ikkje redninga vår skriv Ystebø at kristne ikkje skal sette sin lit til politiske leiarar og at «kristne verdiar strir mot autoritært styre».

Gullstatue av Trump i Gaza

Donald Trump meiner han er utpeika av Gud til å gjere USA storslått igjen. Onsdag delte han dette bildet.

Foto: Skjermdump / Instagram Donald Trump

Kristne må ikkje gifte seg med ei politisk rørsle

Kyrkja har berre ein konge og frelser, og det er Jesus, seier Joakim Magnus, som er leiar i den kristne tankesmia Skaperkraft.

Han er «langt på veg einig» i at Venstre har bevega seg bort frå KrF, men legg vinn på at kristenheten uansett må unngå å «gifte seg med ei politisk rørsle».

Så står det att å sjå korleis den nye konservative bølga vi ser i Vesten vil slå ut i norsk politikk, og korleis ho vil påverke partia inn mot valet i haust.

Erna Solberg på Oslo symposium

– Det er ikkje så komplisert og nyansert. Russland har invadert Ukraina. Erfaringa mi er at Trump kan endre seg fort, men det er skuffande og frustrerande at ein alliert som vi stoler på sviktar vennene sine, sa Høgre-leiar Erna Solberg i sin tale.

Foto: Anand Eide

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk meiner KrF kan «profittere på den konservative bølga som nå skyl over Vesten og Noreg».

Men da må dei reindyrke den verdikonservative linja og tore å vere meir konfronterande i stilen, slik partileiar Dag Inge Ulstein var i utspelet om at det berre finst to kjønn.

Til liks med Ystebø håpar han på ei borgarleg regjering etter valet – utan Venstre.

På meg verkar det som banda mellom Venstre og KrF nesten er kutta. Dei har i alle fall blitt mykje slakkare dei siste åra.

  • Alfred Bjørlo

    Eirik Pessl-Kleiven / NRK

    Alfred Bjørlo, Venstre

    Det er ufatteleg at Oslo Symposium midt i denne dramatiske tida for verda er meir redde for Guri Melby og Venstre enn for Vladimir Putin og Donald Trump. No må Ystebø vakne og sjå kva verdiar i samfunnet vårt som faktisk er verdt å kjempe for.

  • Vidar Udjus, politisk redaktør i Fædrelandsvennen

    Per-Kåre Sandbakk

    Vidar Udjus, politisk redaktør i Fædrelandsvennen

    KrF og Venstre har blitt politiske hovudmotstandarar i saker som begge parti ser på som viktige verdisaker. I ein del økonomisk politikk står dei kvarandre framleis nær, men dette er ikkje hjartesaker for KrF. Brotet mellom Venstre og KrF i Oslo kan i så måte ein retningsvisar for utviklinga framover mellom dei to partia.

  • Sunniva Gylver og kong Harald utenfor Oslo Domkirke.

    Fredrik Varfjell / NTB

    Sunniva Gylver, biskop i Oslo

    Dette er ei fin moglegheit for meg som fersk biskop til å møte mange menneske frå andre kyrkjelydar og kyrkjesamfunn. Eg gleder meg til både å lytte og å bli lytta til på Oslo symposium – eg trur eg kan ha ei viktig stemme inn der. Eg har klippetru på å snakke saman, både med dei ein er einige og ueinige med, så lenge det finst eit minimum av gjensidig respekt og folkeskikk.

  • Dag Inge Ulstein

    NRK

    Dag Inge Ulstein, KrF-leiar

    Noreg treng ei ny regjering. Det er KrFs fokus nå, ikkje på å utdefinerte andre som vil det same. Samtidig har Ystebø heilt rett i at KrFs tydelege stemme er viktigare enn nokon gong i saker som dødshjelp, utviding av abortlova, familiepolitikk, nei til narkotika og det å verne om dei kristne verdiane og den kristne kulturarven.

  • Kjetil Løset

    NRK

    Kjetil Løset, kommunikasjonssjef i Frp

    Kva parti KrF vel å samarbeide med må vere opp til dei. Strategien vår ligg fast. Vi ønsker å byte ut dagens regjering med ei Frp-Høgre-regjering.

  • Morten Helland KrF

    Tale Hauso

    Morten Helland (KrF), ordførar i Bømlo

    Alle parti må først og fremst fokusere på eigen politikk og verdigrunnlag, også KrF. KrF er eit sentrums- og styringsparti, basert på våre tre grunnverdiar. Det bør alltid vera i vår interesse å finne samarbeid som gir mest mogleg gjennomslag for politikken vår, og drar han mot verdigrunnlaget vårt. Då er det meir konstruktivt å finne kva me er einige med andre om, enn det motsette.

  • Andreas Bjorland

    Ole Andreas Bø

    Andreas Bjorland (KrF), ordførar i Hå

    Det er viktig med eit klart ikkje-sosialistisk fleirtal etter valet. KrF skal kjempe for dei viktige verdisakene. Og eg vil samarbeide med det fleirtalet som gjer best gjennomslag for politikken vår. Eg er einig i at Venstre har bevega seg i ein uheldig retning. Men vi skal kjempe for gjennomslag i regjering, framfor å definere alle vi ikkje kan samarbeide med.

  • Eirik Løkke rådgivar i Civita fotografert etter dagsnytt 18 den 9. juli 2024.

    Eirik Løkke, Civita

    At Ystebø ikkje ønsker at KrF skal samarbeide med Venstre er forståeleg ut frå forskjellar i verdispørsmål. Men spørsmålet Ystebø må stille er om han trur KrF får meir eller mindre innverknad ved å velje bort samarbeid med Venstre. Mi vurdering er at det kan gi KrF og kristen-konservative vesentleg mindre innverknad.

  • Joakim Magnus, leder for Skaperkraft

    Skaperkraft

    Joakim Magnus, leiar i Skaperkraft

    Eg er ikkje like optimistisk som Ystebø at eit fast samarbeid med Høgre og Frp vil gi KrF gjennomslag for hjartesakene deira. Dessverre har alle parti blitt sekulariserte, også høgresida. Det er vanskeleg å karakterisere dagens Høgre og Frp som verdi-konservative parti.

  • Axel Fjeldavli

    NRK

    Axel Fjeldavli, fagsjef i Tankesmien Agenda

    Det er nok sant at samarbeid KrF-Venstre kan smerte meir for ein del av fotfolka i både KrF og Venstre enn for nokre tiår sidan. Men å stenge døra for eit samarbeid, tenker eg kjem meir an på storleiken mellom partia. Kva KrF vel å gjere er alltid ei avveging mellom å «vere seg sjølv fullt og heilt» og å søke makt gjennom samarbeid. Og det er jo ei avveging alle parti står i.

  • Toppkandidat for Kviteseid KrF Tarjei Draugedal

    Telemark KrF

    Tarjei Draugedal (KrF), ordførar i Kviteseid

    Den liberale narkotikapolitikken til Venstre er heilt på kollisjonskurs med verdigrunnlaget mitt, når ein veit korleis det kjem til å lamme alt politiarbeid på narkotikaområdet. Frp har nok dei kontroversielle standpunkta sine òg, men at dei har menge felles verdiar med KrF, er det liten tvil om.

  • Vårt Land

    NRK

    Vårt Land på leiarplass

    Det er ikkje alltid lett å finne felles grunn, verken i dei politiske blokkene eller i kristenheten. Men når det gjeld tilfellet Trump, bør vi alle samlast om det faktumet at den antidemokratiske politikken hans og menneskefiendtlege retorikk verken kan givast namnet konservativ eller kristen.

Publisert 01.03.2025, kl. 08.21

Read Entire Article