Krev endring i sjukehusa: Vil sleppe til fleire helsefagarbeidarar

6 days ago 9


– Eg valde helse fordi eg hadde ein draum om å vere superhelt da eg var liten. Men ein kan ikkje få superkrefter her i verda, så... Eg fann ut at i helse kan eg hjelpe og redde liv, så derfor valde eg det, seier Tony Alexander Stensnes.

Han utdannar seg til å bli nettopp helsefagarbeidar.

En ung mann med fregner og blondt hår sitter i et rom. Han har på seg en hvit skjorte med grønn krage og et regnbuefarget bånd rundt halsen. I bakgrunnen sitter flere personer, noen av dem i hvite klær. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tony Alexander Stensnes vil jobbe innan helsesektoren for å hjelpe andre menneske.

Foto: Tomas Berger / NRK

Helseministeren tek no eit oppgjer med måten denne yrkesgruppa har blitt møtt på.

– Eg meiner det var gale i si tid å legge eit løp der vi skulle ha færre helsefagarbeidarar på sjukehusa våre, seier Vestre til NRK.

Bakteppet for signala frå statsråden er blant anna eit historisk og mykje omtalt vedtak gjort av Norsk Sykepleierforbund på eit landsmøte i Loen så langt tilbake som i 1989.

Vedtaket slo fast at berre offentleg godkjente sjukepleiarar skulle vareta pasientbehandlinga på sjukehus. Det reduserte i praksis rolla til helsefagarbeidarar i spesialisthelsetenesta.

Vestre

Helse- og omsorgsminister Jan-Christian Vestre møtte helsefagarbeidarar i Østfold førre veke.

Foto: Tomas Berger / NRK

Oversett

For i tiåra som har gått, har helsefagarbeidarane i for stor grad blitt oversett som arbeidskraft ved norske sjukehus.

Vestre understrekar at ansvaret for dette først og fremst ligg hos sjukehusa sjølv – og hos politikarane som legg føringane.

– Betyr det at du meiner at det vedtaket frå 1989 bør gjerast om, eller ikkje bli praktisert, slik Sjukepleiarforbundet i utgangspunktet ønskjer?

– Eg opplever at Norsk Sykepleierforbund har ei konstruktiv tilnærming til ansvars- og oppgåvedeling. Dei er tilhengarar av det. Også dei anerkjenner at det er behov for ulike yrkesgrupper, seier Vestre.

Vestre

Helse- og omsorgsminister Jan-Christian Vestre tek eit oppgjer med måten helsefagarbeidarane har blitt møtte på.

Foto: William Jobling / NRK

Målet må difor vere å utdanne fleire, behalde dei som allereie står i jobben og også tilby gode løp for vidare karriere og utdanning for helsefagarbeidarane, ifølgje Vestre.

– Vi ser at helsefagarbeidarane gjer ein veldig viktig jobb, og vi treng fleire helsefagarbeidarar i åra som kjem. Det viser alle framskrivingar for helsepersonell, seier Vestre.

– Meiner du at bemanningsutfordringane i sjukehussektoren skal løysast gjennom at mindre kvalifiserte tilsette skal utføre oppgåver til lågare lønn?

– Vi skal ha eit mangfald av yrkesgrupper i helsetenesta vår. Alt tyder på at det vil vere eit stort behov for både fleire sjukepleiarar og fleire helsefagarbeidarar framover. Her er det godt samarbeid som er nøkkelen.

Fem personer sitter rundt et bord og spiller kort. To av dem er kledd i lilla uniformer, mens de tre andre er kledd i hvite uniformer. Bordet er dekket av kortstokker og individuelle kort. I bakgrunnen står en prosjektor, en klokke og hyller med diverse gjenstander. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

For å jobbe som helsefagarbeidar må du ha fagbrev.

Foto: Tomas Berger / NRK

– Kva for nokre spesifikke oppgåver på sjukehuset meiner du kan overtakast av helsefagarbeidarar?

– Helsefagarbeidarane gjer jo ei lang rekke oppgåver på norske sjukehus i dag, blant anna med stell, pleie og klargjering av pasienten, seier Vestre.

Han fortset:

– Partane i ventetidsløftet har peika på fleire oppgåver helsefagarbeidarane kan gjere, som oppgåver i samband med kirurgi, blodprøver og sårskift.

Plass til fleire

Norsk Sykepleierforbund meiner Loen-vedtaket ikkje hadde som hensikt å presse nokon ut av spesialisthelsetenesta.

– Vedtaket seier berre at det er nødvendig å ha sjukepleiarar i helsetenesta som er ansvarleg for sjukepleietenesta. Dette står vi fast ved i dag, seier nestleiar Kai Øyvind Brenden.

Portrett av en mann med briller, kledd i blå dressjakke og stripete skjorte. Mannen ser mot kamera. Bak ham er det et oppslag med bilder og tekst, derav ett med en sykepleier. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Nestleiar i Norsk Sykepleierforbund, Kai Øyvind Brenden.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Forbundet er einige i at det er plass til fleire helsefagarbeidarar på sjukehusa.

– Vi meiner absolutt at det er plass til både helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og mange anna type helsepersonell, seier Brenden.

Han understrekar samtidig at det må gjerast på rett måte.

– Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, vi har ulik utdanning og derfor ulik kompetanse. I nokre tilfelle betyr det at vi har litt ulike oppgåver.

Han fortset:

– Men det betyr ikkje at det ikkje er mange oppgåver også helsefagarbeidarar kan gjere, på lik linje med sjukepleiarar. Men det må gjerast på ein ordentleg måte, med gode prosessar og god opplæring, seier Brenden.

Bemanningskrise

Enkelt forklart er forskjellen på ein sjukepleiar og ein helsefagarbeidar utdanningsnivået: Ein helsefagarbeidar har fagbrev frå vidaregåande skole, ein sjukepleiar ei treårig bachelor-grad. Ein sjukepleiar tener også meir enn ein helsefagarbeidar.

Ei hovudbekymring for Vestre er bemanningskrisa som er under oppsegling i helsesektoren.

Flere studenter i hvite og blå uniformer sitter rundt et bord. En mann i hvitt, med briller og regnbuefarget snor, ser mot høyre. En kvinne med hestehale i hvit uniform ser mot venstre. En kvinne i blå uniform sitter i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Helseminister Vestre meiner desse blir ekstra viktige i tida framover, for å sikre at vi har nok helsepersonell.

Foto: Tomas Berger / NRK

Eldrebølga er ei viktig årsak til at det vil trengst langt fleire hender i helse og omsorg i tiåra som kjem.

– Regjeringa vil legge fram ein helsepersonellplan før sommaren. Der vil vi vise, gjennom konkrete tiltak, korleis vi skal sikre at Noreg har nok helsepersonell, seier Vestre.

– Vi veit at den største mangelen vil komme på helsefagarbeidarar og sjukepleiarar.

– Korleis skal pasientsikkerheita varetakast viss sjukepleiarkompetansen skal erstattast av helsefagarbeidarar med kortare utdanning?

– Pasientsikkerheit er alltid det viktigaste, og vi skal ha topp kvalitet i tenestene våre. For at god ansvars- og oppgåvedeling skal bli vellykka, er det viktig at ein brukar rett kompetanse på rett stad og til rett tid.

– Her er eg glad for at partane allereie har blitt einige om premissane for dette, seier han.

Publisert 20.04.2026, kl. 07.19

Read Entire Article