Krev 50.000 kroner for VM-bord: – Heilt galskap

1 hour ago 2


Skal du sikre deg og vennegjengen den beste utsikta til Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard i sommar, må du grave djupt i lommeboka.

Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland

Mange vil sjå det norske herrelandslaget i VM, og dei som vil ha best utsikt, inkludert mat og drikke, må bla opp.

Fotballfeberen herjar, og barar, utestader og eventarrangørar riggar til enorme storskjermar. Men ønsker du å sitte komfortabelt med eiga servering, kostar det dyrt.

NRK si kartlegging viser at prisane for dei mest eksklusive plassane strekk seg opp mot eit femsifra beløp.

Det dyraste bordet ligg på Lekter’n på Aker Brygge i Oslo. Der må du betale 50.000 kroner for ein eigen cabana med plass til 15 personar under Noreg sin kamp mot Senegal.

I pakken inngår forfriskingar og mat. Leiinga ved Lekter’n på Aker Brygge avviser at dei utnyttar fotballfeberen til å presse opp prisane. Dei understrekar at 50.000 kroner gir gjestene ein base for heile dagen.

Eier Joppe Gjelseth av Lekteren på Aker brygge er strålende fornøyd med at Oslo åpner igjen.

Joppe Gjelseth ved Lekter`n på Aker Brygge forsvarer VM-prisane.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

– Prisen reflekterer ikkje berre ein sitteplass til éin kamp, men ei heildagsoppleving med eigen base, service, mat, drikke og tilgang til ein unik VM-atmosfære, skriv Joppe Gjelseth, eigar av Lekter`n på Aker Brygge i ein e-post til NRK.

Pakken inkluderer ei definert mengde mat og drikke. Går gruppa tom utover kvelden, må dei betale ekstra i baren.

Dei opplyser at det historisk sett er bedrifter som kjøper slike VIP-løysingar, men at dei også merkar interesse frå private grupper.

Gjelsteth understrekar at berre nokre få plassar blir selde på førehand, og at dei har gratis inngang på alle kampane dei viser.

Fleire av arrangørane NRK har snakka med peikar på at det kostar enorme summar å i det heile få lov til å vise fotball-VM for eit stort publikum. Det bekreftar Gjelseth:

– Sjølv om vi hadde selt alle våre cabanaer kvar dag gjennom meisterskapen, ville ikkje det aleine vore nok til å dekke kostnadene våre for å vise VM. Det seier litt om kor store kostnadene er på TV-lisensar og leige av utstyr.

Kostar å lage folkefest

Men VIP-festen er ikkje berre reservert for hovudstaden.

I Tønsberg blir det klart gjort til fotballfest i dei gamle verftshallane på Kaldnes. Der er det plass til nærare 3000 personar.

Eit bord kostar 8000 kroner.

Rigges for VM-fest i Tønsberg i Verft hallen

Det er ikkje mange dagane igjen til det brakar laust med VM-fest i Tønsberg.

Foto: Theo Aasland Valen / NRK

– Da får du ein bra pakke med snacks, mineralvatn og litt alkoholhaldige varer til heile festen, seier arrangør Alexander Lorentzen.

Han peikar på at store arrangement også medfører høge kostnader.

arrangør Alexander Lorentzen i verfthallen på Kaldnes

Alexander Lorentzen er klar for folkefest.

Foto: Theo Aasland Valen / NRK

– Det er store lisensavgifter for å vise fotball, og kostnader ved ein sånn produksjon. Noko må vi jo ta betalt for.

Kva meiner folk om prisane på VIP-bord frå 13.00050.000 kroner?

  • en person som smiler til kameraet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Jonas Dyvik Nilsen: «Det er fint for dei som har råd til det. Eg er student og skal ikkje bruke heile budsjettet på eit VIP-bord.»

    Foto: Fredrik Pedersen / NRK
  • en mann med skjegg (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Hågen Furu: «Det verka først litt dyrt med 16. 000 kroner for eit bord, men om vi er åtte menneske er det ikkje så gale. Men 50.000 kroner for eit bord er brutalt. Det er alt for dyrt.»

    Foto: Fredrik Pedersen / NRK
  • En kvinne i hvit singlet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Kristin Bøe: «Det er heilt tullete. Det er teit å sitje på eit VIP-bord når vi kan sitje saman på ein benk eller ein pub og gle oss på same måten. Å sitje på eit sånt bord for å flotte seg, då mistar vi gleda.»

    Foto: Fredrik Pedersen / NRK
  • En person som holder en blå pose (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Elisabeth Storstrøm Michelsen: «Det er ein heilt sjuk høg pris å betale. 50. 000 for eit bord i Oslo? Då er eg glad eg ikkje bur i Oslo.»

    Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Meiner prisen er verd det

I Skien kostar dei dyraste borda 15.754 kroner for åtte personar.

Frida Haugen Utne, som arrangerer VM-torg i Skien.

Frida Haugen Utne gler seg veldig til VM startar.

Foto: Håkon Lie / NRK

– Eg forventar full folkefest. Nå har vi selt ut Noreg – Frankrike allereie.

Det seier Frida Haugen Utne, som arrangerer VM-torg i Skien.

Ho meiner likevel prisen er forsvarleg.

– Når vi ser inn i storbyane, så skal folk ut med ganske mykje meir.

For dei som kjøper dei dyraste borda, følger det med blant anna drikkebongar.

– Da får du nok drikkebongar til å halde ut stort sett heile kvelden, seier Utne.

Åtvarar mot «økonomisk bakrus»

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl reagerer kraftig på prisnivået som nå møter norske fotballsupporterar.

Silje Sandmæl

Silje Sandmæl er forbrukarøkonom og gründer som har starta for seg sjølv.

Foto: Stig B. Fiksdal / DNB

– Eg vil vel seie at det er heilt galskap. Når det gjeld VM, så skal det vere idrettsglede og samspel, og folk skal ha det hyggeleg. Men det skal ikkje vere ei tapsbombe. Eg håpar at mange av desse borda held fram med å vere tomme, og at folk heller samlast og ser kampane heilt gratis, seier Sandmæl til NRK.

Sjølv om arrangørane forsvarer summane med dyre rettar og at mat og drikke er inkludert i prisen, er økonomen klar i sin tale:

– Du betaler absolutt ein dryg pris for stemninga. Her er det mange som ønsker å tene pengar, og det er forståeleg nok. Men ikkje la deg utnytte.

Når VM-pakkane blir selde med mykje inkludert drikke, åtvarar Sandmæl mot at du fort kan bli blind for kva festen eigentleg kostar.

– Det er faren med slike arrangement. Du blir litt blind for lommeboka fordi du ønsker å kose deg. Å dra kortet kvar gong du skal ha meir mat eller drikke kan bli ein ekstremt dyr affære.

Øl servering uten mat

Det kan fort bli dyrt under ein VM-kamp når Noreg speler.

Foto: Vidar Ruud

Hennar klare råd til vennegjengar som nå vurderer å spleise på dyre VIP-pakkar for å få med seg den historiske meisterskapen, er å tenke kreativt.

– Skriv heller «Noreg» på ei kvit T-skjorte enn å bruke tusenvis av kroner på utstyr, mat og drikke. Gle deg heller over at vi er i VM. Det bør eigentleg gi rus nok, seier Sandmæl.

Publisert 05.06.2026, kl. 21.13

Read Entire Article