Krev 30 millionar i erstatning for tapt barndom

3 days ago 4


I 1994 blei tre små gutar skulda for å ha tatt livet av venninna Silje Marie Redergård (5) i ein akebakke i Trondheim.

Etter at NRK Brennpunkt avdekte alvorlege feil og manglar ved politiet si etterforsking, blant anna at barna blei pressa til å tilstå i avhøyr og at tekniske bevis mangla, blei etterforskinga tatt opp igjen.

I 2023 konkluderte Riksadvokaten med at gutane er uskuldige og at politiet ikkje hadde grunnlag for å konkludere slik dei gjorde i 1994.

Riksadvokaten beklaga overfor gutane. Etterforskinga fekk også massiv kritikk frå fleire ekspertar, og saka har blant anna ført til nye retningslinjer for avhøyr av barn.

Men gutane som levde stempla som drapsmenn i nesten 30 år, har aldri fått erstatning.

Hamna i fosterheim

Politiet meinte i 1994 at gutane hadde utøvd vald mot Silje og forlate henne i ein hjelpelaus tilstand slik at ho til slutt fraus i hel i den kalde snøen i akebakken ved eit bustadfelt på Tiller i Trondheim.

Men sidan gutane var under den kriminelle lågalderen på 15 år, kunne dei ikkje fengslast. Likevel fekk saka enorme konsekvensar for livet deira. Dei hamna begge to etterkvart i fosterheim, mot sin eigen og mødrenes vilje.

«Grunngivinga for tvangsflyttinga var den aktuelle saka», skriv advokaten til gutane, Roger Foyn, i søksmålet.

I regi av barnevernet blei gutane utsett for ei behandling som har fått sterk kritikk frå fleire fagfolk. Blant anna blei barna gjentekne gonger tatt med til grava til Silje fordi dei vaksne meinte dei ikkje uttrykte nok anger.

Den eine av gutane blei også utsett for vald som ein del av «behandlinga», noko NRK tidlegare har avdekt.

Ein av gutane har gjennom oppveksten og vaksenlivet slite med rusproblem og psykisk sjukdom og er blant anna diagnostisert med PTSD.

Fekk ikkje erstatning fordi dei var barn

Juridiske teknikalitetar har så langt sett ein stoppar for ein eventuell erstatning. I Noreg er reglane slik at ein må ha hatt status som sikta i ei straffesak for å kunne ha rett til erstatning.

Men sidan gutane var under den kriminelle lågalderen, fekk dei aldri den formelle statusen «sikta». Fordi dei var mindreårige blei det heller aldri noko rettssak eller dom.

Men politiets konklusjon frå ein pressekonferanse dei heldt berre eit døgn etter at Silje blei funnen død, blei ståande: gutane var gjerningsmennene.

Dette stempelet levde dei med i nesten 30 år.

Mannen som er kjent som 5-åringen i Silje-saken i Trondheim.

Foto: NRK Brennpunkt

– Fråtekne ein normal lukkeleg barndom

Den yngste av gutane, som den gong var 4 år, har så langt ikkje ønskja å delta i NRK sine dokumentarar eller uttale seg om saka.

Dermed er det «5-åringen» og «6-åringen» som no går til sak mot staten ved justisdepartementet. Dei to gutane sin advokat, Roger Foyn, meiner det ligg i sakas natur at dei må få ei høg erstatning. I søksmålet argumenterer han for at barna de facto blei sikta, og at dette fekk direkte følgjer for livet deira:

– Liva deira er forma ut frå at dei er drapsmenn, heilt frå dei var i barnehagen. Dei er fråtekne ein normal lukkeleg barndom og eit normalt liv elles.

Han seier vidare at det at dei ikkje blei formelt sikta, er i strid med sakas realitetar:

– Reelt sett blei dei ikkje berre sikta, men utpeikt som gjerningspersonar. Dei har jo ikkje blitt tilkjent dei verktøya ein treng i ei slik alvorleg sak, med oppnemnde forsvararar, kontradiksjon, osv. Dei blei fråtekne alle rettigheiter i ei alvorleg sak. Dei stilte faktisk dårlegare som barn enn dei ville ha gjort som myndige vaksne personar.

– Utsett for justismord

Dei to gutane, som i dag er i midten av 30-åra, krev 30 millionar kroner kvar.

Advokat Roger Foyn meiner saksøkarane i realiteten har vore utsett for eit justismord som best kan samanliknast med dei mest alvorlege og kjente sakene som har vore behandla i Noreg, blant anna Liland, Moen og Viggo Kristiansen-saka.

Viggo Kristiansen fekk 55 millionar kroner i erstatning etter å ha blitt reinvaska i Baneheia-saka.

– Gutane har jo ikkje sona straff, slik som Kristiansen og dei andre, men dei har fått betydelege psykiske belastningar og traume som er vanskelege å bearbeide, i og med at dei var barn, seier advokat Roger Foyn.

«6-åringen», som framleis ønsker å vere anonym, seier til NRK:

– Vi blei fråteke moglegheita til å vekse opp med vår biologiske familie på grunn av denne saka. Det finst ingen samanliknbar sak i norsk samanheng, men vi har sett ein verdi på kva vi meiner ein tapt barndom er verdt og det stigmaet vi har levd med sidan.

– Kva vil det bety for deg personleg om du får erstatning?
– Det vil bety at vi faktisk har blitt høyrt og trudd. Dette er måten staten kan gjere opp for den feilen som blei gjort.

Han håpar også at denne saka vil kunne bidra til å styrke rettstryggleiken til barn i Noreg generelt.

Verken justisdepartementet eller politiet har svara på NRK sine førespurnader i denne saka.

Silje blir funnet død i akebakken. Drapsalarmen går, og politiet lover en rask oppklaring.

Publisert 03.10.2025, kl. 10.21

Read Entire Article