Kraftige angrep mot Kharkiv natt til laurdag

10 hours ago 2


Minst éin person er drepen og fleire er skadd i russiske angrep mot storbyen Kharkiv natt til laurdag, opplyser ordføraren i byen Ihor Terekhov.

Ifølge ordføraren opplever nå Kharkiv det kraftigaste angrepet under heile den fullskalaen krigen.

– Så langt har minst 40 eksplosjonar blitt høyrde i byen på halvannan time, skreiv Terekhov på meldingstenesta Telegram natt til laurdag.

Russland har angripe fleire bydelar med dronar, rakettar og glidebomber – og fleire bustadblokker står i brann.

Ifølge ordføraren blei dei første eksplosjonane høyrde ved 2-tida, og ved 04-tida var det framleis russiske angrepsdronar i luftrommet over Kharkiv, som er Ukrainas nest største by.

Han opplyser at ein person er drepen og at minst sju er skadde, inkludert eit barn under to år. I tillegg blir det frykta at menneske ligg under ruinmassane.

(NTB)

Publisert 07.06.2025, kl. 04.59

Read Entire Article