Kraftig brann i sjukehus i Storbritannia – fødande kvinner blir evakuert

3 weeks ago 17


SmartFishFarm - Automatic
SkyRadio.no


Ein stor brann har brote ut i taket på St. Michael’s Hospital i den britiske byen Bristol, ifølgje BBC.

Brannen starta like før klokka 16.30 lokal tid, og store, svarte røykskyer kunne raskt sjåast over byen, skriv NTB.

Fleire gravide kvinner, mange av dei i gang med fødselen, er evakuerte frå sjukehuset.

Bilete frå staden viser at jordmødrer hjelper kvinner utanfor bygningen. Ei av dei, Jess Hutchinson, fortel til BBC:

– Det var skikkeleg skummelt. Eg kunne høyre brannen på taket av sjukehuset.

Brannmannskap frå Avon Fire and Rescue er på staden og har starta sløkking. Brannvesenet ber folk halde seg unna området, melder lokalavisa Bristol Post.

Read Entire Article