Nytt år betyr nye reglar.
1. januar blei det forbode å røyke på leikeplassar og utandørs idrettsområde. Dei nye reglane, som skal verne barn mot passiv røyking, skaper nå stor usikkerheit.
Dette då enkelte meiner det er uklart kvar grensene for kva som blir definerte som leikeplass og idrettsområde går, særleg knytt til kor langt unna ein må vera for å kunna røykja lovleg.
Sjå kvifor lovendringa skaper uvisse i videoen under:
Den nye røykjelova skaper uvisse mellom anna på Hamar. Reporter: Vibecke Wold Haagensen.
Sjølv er ikkje ordførar i Hamar, Vigdis Stenby (BBL), heilt sikker på kor grensa går.
– Om du står her vi står nå, så er det sikkert greitt å ta seg ein blås. Men om du står som publikum heilt inntil banen, vil eg tenke at det ikkje er lov.
Heller ikkje kven som har ansvar for handhevinga av dei nye reglane meiner ho er heilt klart.
– Nei, det er vel opp til kommunen, kanskje, i og med at dette er kommuneområdet. Eg trur nok eg kan seie at vi ikkje kjem til å prioritere å ha vakthald på den typen område, seier ho.
Det er ikkje berre i Hamar dei nye reglane skaper utfordringar. I Tromsø kryssar skiløypa i byen, der det er lov å røykja, område som er tilpassa brukte til idrett, der det ikkje er lov å røykja. Tilsvarande område finst fleire stader i landet.
På Charlottenlund i Tromsø er det tett mellom der ein kan røykja (gult) og ikkje kan røykja (raudt). Måla er ikkje nøyaktige og kartet er ikkje kontrollert med kommunen.
Usikker på reglane
Dei nye reglane, som kommunen har fått ansvaret for å handheve, skaper nå stor forvirring.
For kor nært eit område der barn er i aktivitet er det greitt å røykja etter at dei nye reglane tredde i kraft?
Når NRK møter ordføraren ved Koigen brygge, der både det kjente stupetårnet i byen, sandvolleyballbanen og skateparken ligg, er sjølv ho usikker.
– Det er litt meir uklare område. Det er litt meir flytande, for å seie det sånn.
– Eg satsar på at folk flest bruker sunn fornuft.
Vigdis Stensby, ordførar i Hamar kommune.
Foto: Frode Meskau / NRK– Men kommunen skal sette grensa?
– Ja, vi skal jo det, men vi kan ikkje vere ute overalt og følge med på kvar enkelt kommunal kvadratmeter til kvar tid, seier Stensby, som blir usikker når NRK spør kva reglar som gjeld på sandvolleyballbanen:
– Ehhh ... godt spørsmål. Spør du meg, så spør eg deg.
3600 kroner i bot
Det er ikkje berre på leikeplassar og idrettsområde der barn ferdast, at ein ikkje lenger kan ta seg ein blås.
Sit det eit barn i bilen, har du ikkje lov å røyke.
Bot dersom du blir tatt? 3600 kroner.
– Det kan vere ubehageleg. Nokon synest kanskje ikkje at folk skal ha makt over det, men eg synest det er greitt, seier Amelia Szymanska.
– Det er barna som er framtida, så vi bør ta vare på dei så tidleg som mogleg, og spesielt passe på at dei ikkje inhalerer det som er i røyk, legg ho til.
Amelia Szymanska har forståing for det nye forbodet.
Foto: NRKHo får støtte av Kristoffer Steen Johannessen, som jobbar som fagarbeidar i ein av barnehagane på Hamar.
– Eg synest eigentleg det er veldig bra. Eg er litt spent på om nokon skal handheve eit sånt regelverk, men utgangspunktet er positivt, seier han.
Kristoffer Steen Johannessen.
Foto: Frode Meskau / NRKStøtter tiltaket
Første nestleiar i KrF og medlem av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Ida Lindtveit Røse, støttar tiltaket, som ho meiner er ekstremt viktig for å verne barn og unge mot konsekvensane av røyking.
– 350.000 nordmenn blir eksponerte dagleg for passiv røyking i Noreg. 120.000 av dei er barn.
Ho er godt fornøgd med at tiltaket nå har tredd i kraft.
– Eg meiner det viktigaste vi politikarar gjer, er å skape gode rammer for oppveksten til barn og unge. Barns lunger er små og i utvikling. Å ta grep mot røykinga har vore viktig for KrF i mange år.
1. nestleiar i KrF og medlem av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Ida Lindtveit Røse.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKLåge forventningar
Sjølv om kommunane er sette til å handheve dei nye reglane, ventar ikkje helse- og omsorgsministeren at store ressursar blir sett inn.
– Vi forventar ikkje at kommunane skal bruke mykje tid på dette. Dei har mange andre viktige oppgåver òg, seier Jan-Christian Vestre (Ap).
Helse- og omsorgsminister Jan-Christian Vestre (Ap).
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRKSjølv er Vestre sikker på at kommunane klarer å handheve dei nye reglane på ein praktisk og smidig måte.
– Det er allereie kommunar og fylkeskommunar som har lokale forbod, som dei handhevar sjølv.
– Det vil vere opp til kvar enkelt kommune korleis ein fører tilsyn med dette. Dersom det er eit stort problem, kan det vere ein god idé å sette opp eit skilt som viser at her er det ikkje lov å røyke. Er det eit enda større problem, får ein vurdere korleis ein skal bruke tilsyn på dette.
Vestre påpeikar at det ikkje er fastsett, slik det heller ikkje har vore på tidlegare forbod, nokon bøtesats ved brot på reglane.
Publisert 13.01.2026, kl. 16.47













English (US)