På ei røys av sprengt stein står ordføraren i Austrheim Morten Sognnes (H).
– Dette området her ligg heilt ypparleg til rette for kjernekraftverk, seier han.
Han står saman med dei som humoristisk kallar seg for «kjernekarane». Kommunen har alliert seg med det private selskapet Norsk Kjernekraft AS.
Selskapet vil bygge kjernekraftverk fleire stadar i Noreg. Dette er berre ei av dei aktuelle tomtene.
Ordførar Morten Sognnes, og direktør i Norsk Kjernekraft, Jonny Hesthammer (til høgre)
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRKDirektøren i Norsk Kjernekraft AS bukserer seg opp på steinrøysa. Han er tynnkledd i regn og iskald vind, men likevel såre fornøgd:
– Det er ikkje vi som går til kommunane, det er kommunane som tar kontakt med oss, seier Jonny Hesthammer.
I kommunestyre og lokalaviser over heile landet har smilande politikarar trykka varme hender, for å feire at dei er gått i allianse med Norsk Kjernekraft AS.
NRK
Varme klemmar
Ordførarane i Lyngdal og Farsund helsar representantane frå Norsk Kjernekraft AS i september 2025. Då vart planar for kjernekraft i området presentert.
NRK
På tur i skog og mark
Sør-Koreanske leverandørar ynskjer å bygge kjernekraftverk i Noreg. Her ser dei på eit planlagt område på Nordmøre. I kommunane Aure og Heim har regjeringa nyleg godkjent eit program for å konsekvensutgreie kjernekraft.
NRK
Grunneigar stiller med areal
Idar Sønstabø i Dalane Energi og grunneigar Bjørn Risa trykker hender etter å ha blitt einige om mogleg tomt til Norsk Kjernekraft i Lund kommune.
NRK
Folkemøte i kvar kommune
Bygdefolk i Austheim på samfunnshuset for å høyre om planane om kjernekraftverk. Folkemøte er vanleg i dei kommunane Norsk Kjernekraft AS bankar på døra.
Gunnar Grindstein / NRK
Milliardær med trua på kjernekraft
Trond Mohn er ein av landets rikaste, no er han største aksjonær i Norsk Kjernekraft AS. Under ein konferanse i Finnmark snakka han varmt om kjernekraft.
NRK
Glede over kjernekraftavtale
Jonny Hesthammer frå Norsk Kjernekraft AS og ordførar i Austrheim Morten Sognnes, jublar over avtale om at kommunen kan bli vertskap for eit kjernekraftverk.
Ni norske kommunar og eit kommunalt selskap har bestemt seg for å bli eigarar i lokale kjernekraftverk. Eit kjernekraftverk kan produsere enorme mengder straum på liten plass.
– Forretningsmodellen vår er å bygge lokal kraft til lokal industri, seier Hesthammer.
I avtalane kommunane har gjort med Norsk Kjernekraft ligg det også håp om store pengesummar.
Morgondagen kan bli avgjerande for vegen vidare. Då legg det offentlege Kjernekraftutvalet fram sin rapport.
Utvalet er oppnemnd av regjeringa, og skal gjere greie for fordelar og ulemper ved å bygge kjernekraftverk i Noreg.
Men allereie finst det altså konkrete planar om kjernekraft i fleire norske kommunar:
Kraftverk som Norsk Kjernekraft AS ønskjer å byggje. Dei har òg ønskje om å byggje på Svalbard.
Kan gi kommunane milliardar
I nokre kommunar som Aure, Heim og Alver har avtalane med Norsk Kjernekraft AS vore opne om ein leitar i kommunen sine sakspapir.
Fem kommunar har heldt anten heile eller deler av avtalane hemmelege. Dette er dei delane som handlar om store inntekter.
Fleire har brukt grunngjevinga «forretningssensitiv informasjon». Fyrst då NRK kravde innsyn valde kommunane å gi slepp.
Her er eit døme frå Vardø kommune:
Ein fast plass ved pengekrana
I Austrheim viser avtalen å kunne sikre kommunekassen ein milliardsum over generasjonar.
Kommunen og dei andre eigarane har nemleg sikra seg noko spesielt: Ein eigen type grunnleggarhonorar gjennom spesialaksjar.
Desse aksjane gir dei rett på tre øre for kvar einaste kilowattime kraftverket produserer, uansett kven som eig dei vanlege aksjane i framtida.
Tre øre høyrest kanskje lite ut, men tala blir fort store:
- Kjernekraftverka i Austrheim har som mål å lage 10 milliardar kilowattimar straum året.
- Med «grunnleggarhonoraret» betyr dette 300 millionar kroner, rett i lomma på grunnleggarane, kvart år.
- Av desse vil 60 millionar kroner gå på deling til kommunane Austrheim og Alver, kvart år, i kanskje 100 år framover. Det blir 6 milliardar kroner.
- Dei resterande 240 millionar kronene kan årleg gå til dei private eigarane.
Dette seier ordførarane om hemmeleghaldet:
Austrheim kommune, ordførar Morten Sognnes (H)
– Norsk kjernekraft opererer i ein marknad. Då må ein kunna drøfta ulike idear i lukka forum, fram til endeleg løysing er valt. Når planane er ferdig utarbeidd, vil det sjølvsagt vera full openheit.
– Dersom eit anlegg kan realiserast, må det gjennomførast fullverdig planprosess med konsekvensutgreiing, og deretter byggjesøknad. Dette vil sjølvsagt vera opne prosessar.
Marius André Jenssen Stenberg / NRK
Aure kommune, ordførar Hanne Berit Brekken (Ap)
Aure og Heim kommunar har heile vegen gjort avtalen med Norsk Kjernekraft offentleg, i sakspapira til kommunestyret:
– All verksemd i ei kommune er i utgangspunktet offentleg med mindre det finst ein lovheimel for å unnta offentlegheit. Vi har ikkje funne grunn for å unnta saka frå offentlegheita. Vi meiner det er særleg viktig å vere open i slike prosessar.
Sidsel Vik / NRK
Vardø kommune, ordførar Tor-Erik Labahå (Sp)
– Norsk Kjernekraft har inngått tilsvarande avtalar med fleire andre kommunar i landet. Vi valde i innleiinga å følgje den same praksisen. Forvaltningslova sin paragraf 13 pålegg kommunen teieplikt om forretningsforhold som kan vere av konkurransemessig betydning for den opplysningane vedkjem. Etter å ha drøfta saka med Norsk Kjernekraft, kom vi fram til at informasjonen kunne delast.
Egil Trones Christiansen / NRK
Halden kommune, ordførar Fredrik Holm (H)
– På tidspunktet for den opphavlege vurderinga blei det lagt til grunn at avtalen inneheldt opplysningar som kunne omfattast av teieplikt knytt til forretningsforhold.
Slike vurderingar skal vere konkrete og kan endre seg over tid. På noverande tidspunkt er det vurdert at grunnlaget for unntak ikkje lenger er til stades, og dokumentet er derfor gjort offentleg.
Lars Sigurd Eide / Privat
Narvik kommune: Lars Sigurd Eide, direktør i det kommunale næringsselskapet Futurum AS
– Narvik kommune er ikkje del av denne prosessen endå. Futurum AS, som er Narvik kommune sitt næringsselskap, greier ut dette på vegner av kommunen. Det vart i ei tidleg fase vurdert at ikkje alle økonomiske og strategiske scenario egnar seg for full offentleggjering. Dette handlar ikkje om å halde informasjon skjult for innbyggarane.
Ingvald Nordmark / NRK
Lund kommune, ordførar Gro Helleland (KrF)
– Det er vanleg at forretningssensitiv informasjon unntakast offentlegheit, også der kommunar er eigarar, i tråd med regelverket i offentleglova
Thor Brodreskift
Norsk Kjernekraft AS, Jonny Hesthammer, direktør
– Der ligg jo litt sensitive opplysningar i aksjonæravtalen som i utgangspunktet ikkje skal ut, i alle slike aksjonæravtalar så er det noko som man ynskjer å dele, og så er det noko man ikkje ynskjer å dele. Når du får kommunane med på laget, så skjønar vi at det er litt annleis. Men no har vi offentleggjort alt saman.
– Uheldig for tilliten til kommunen
Hemmeleghaldet ser svært uheldig ut, meiner Fredrik Holth, ekspert på forvaltningsrett.
Fredrik Holth er jurist i advokatfirmaet Holth og Winge.
Foto: Inger Kristine Lee / NRK– Eg tippar veldig mange innbyggarar ville hatt interesse av å lese aksjonæravtalen, og prøve å forstå kva rolle kommunen skal ha i denne saka. Dei vil kanskje tenke at avgjerda allereie er teken.
Han legg til:
– Dette handlar om tilliten til at kommunar som i så stor grad har eigeninteresse likevel gjer alle naudsynte undersøkingar for å avdekke eventuelle ulemper med tiltaket.
Synest det er lite gjennomsiktige prosessar
Det finst bekymring blant folk i området. Jon Hugaas er blant dei, og har alt skrive innlegg i lokalavisa.
Han er skeptisk til om lokalpolitikarane eigentleg kan nok om risikoen knytt til kjernekraft, og fryktar at dei har latt seg farge for mykje av ei side.
Jon Hugaas bur i Austrheim si nabokommune Alver. Han er skeptisk til eit kjernekraftverk i området han bur i.
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK– Eg synest prosessane er lite gjennomsiktige, seier Hugaas.
Han viser til rapportar frå forskarar som har åtvara om både handtering av kjernefysisk avfall og terrorfare.
– Lokalpolitikarane baserer seg i hovudsak på kunnskap formidla frå den eine aktøren som har interesser i å få bygd dette, seier Hugaas.
Dette må du vite om kjernekraft
- Kva er eit kjernekraftverk?
Tenk på det som ein gigantisk og avansert vasskokar. I staden for å brenne kol eller gass for å lage varme, deler ein atomkjernar (fisjon) av metallet uran. Denne prosessen frigjer enorme mengder energi som varmar opp vatn til damp. Dampen driv ein turbin som lagar straum.
- Kor mykje straum kan små kjernekraftverk lage?
Kjernekraftverka som Norsk Kjernekraft AS ønskjer å byggje i Noreg, er såkalla små modulære kjernekraftverk (SMR). Ifølgje selskapet kan eit anlegg med fire slike reaktorar produsere 10 TWh i året. Kvar av reaktorane treng eit område på storleik med ein fotballstadion. Til samanlikning: Alle dei 1400 vindturbinane i Noreg, fordelt på 65 vindkraftverk, produserer i dag 14 TWh i året Kjelde: SSB
- Er kjernekraft trygt?
Kjernekraft er blant dei tryggaste energikjeldene i verda, målt i tap av menneskeliv iht energimengd. Det kjem fram i rapporter frå EU og FN. FN har berre sett på erfaringa til no, og ikkje vurdert framtidig ulukkesrisiko. EU reknar risikoen som svært låg, men seier følgjene kan verte store. Samstundes reknar EU dambrudd for vasskraft som meir sannsynleg, med minst like alvorlege følgjer. Konklusjonane frå EU føreset at det raskt kjem løysingar for trygg og varig lagring av radioaktivt avfall. Det manglar idag. Kjelde: EU, FN
- Er dei nye små kjernekraftverka tryggare?
- Kan kjernekraftverk løyse klimakrisa?
Kjernekraft gjev svært låge utslepp av klimagassar, og FNs klimapanel viser at teknologien kan spele ei viktig rolle for å hindre at temperaturen stig meir enn 1,5 grader. Samstundes påpeikar dei at nye kjernekraftverk, særleg i Europa og Nord-Amerika, ofte har blitt mykje dyrare og teke langt lengre tid å byggje enn fornybare alternativ som sol og vind, som no har falle kraftig i pris. Utan kjernekraft krevst det ein endå raskare utbygging av fornybar energi, meir energilagring, og store kutt i energiforbruket for å nå klimamåla. Kjelde: IPCC (AR6, WGIII) .
- Kvifor har vi det ikkje i Noreg i dag?
Noreg har hatt rikeleg med rimeleg vasskraft, og kjernekraft har politisk sett vore uaktuelt i tiår. No har krav om meir energi og naturvernomsyn gjort at debatten er tilbake for fullt. Snart kjem Kjernekraftutvalet sin rapport, frå eit utval sett ned av regjeringa.
– Du må tru på folk
Tilbake på ordførarkontoret avviser ordførar Morten Sognnes at kommunen har låst seg til ei side av saka.
Kommunen har hatt folkemøte, der konsekvensane for kommunen var tema, også dei negative.
Direktør i Norsk Kjernekraft, Jonny Hesthammer møter ordførar Morten Sognnes.
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK– Saka er at når du snakkar med ein forskar så har den kome til eit resultat, snakkar du med ein annan forskar kjem den med eit anna resultat. Så blir det motsetningar, seier Sognnes.
Sognnes stolar på Norsk Kjernekraft AS.
– Du må tru på det når folk med kompetanse hevdar å bevise at dette er trygt.
Norsk Kjernekraft AS seier dei kan kjernekraft, og at internasjonale rapportar gir dei eit solid kunnskapsgrunnlag:
– Både FN og EU har gjort grundige undersøkingar om både sikkerheita og avfallsproblema, seier Jonny Hesthammer.
Ordføraren understrekar at det ikkje er endeleg bestemt at kjernekraftverket skal byggast. Det skal både konsekvensutgreiast og sendast byggesøknad.
– De må ikkje gi uttrykk for at vi ikkje lever i eit demokrati, for det er det i høgste grad, seier Sognnes.
Meiner dei står fritt
I Austrheim har kommunen alt peika på tomt, og håpar på arbeidsplassar og store faste inntekter.
Norsk Kjernekraft seier at eit kjernekraftverk kan produsere straum i 80 år, kanskje 100.
Kjende personar i Norsk Kjernekraft er Ola Borten Moe, Sunniva Rose Sunniva Rose og Trond Mohn.
Foto: Stortinget, UIO, NRKDei lovar også at kraftverka skal byggast utan statleg støtte. Folk skal ikkje frykte at «grunnleggarhonoraret» er å gjere seg rikare på folk sine skattepengar.
Målet er å inngå kraftavtalar med store kundar som datasenter og annan industri, og at prisen dei betalar skal vere kommersielt lønsam.
– Ein industri som krev subsidiar, er ikkje ein berekraftig industri over tid, seier Jonny Hesthammer i Norsk Kjernekraft AS.
Slik kan eit kjernekraftverk sjå ut.
Illustrasjon: GE VernovaOrdføraren held på det positive med at selskapet er interessert:
– Vi er veldig glade for at dei bankar på døra, og vil etablere seg. Industribygging og arbeidsplassar er målet vårt.
Han snur seg mot sidemannen frå Norsk Kjernekraft AS:
– Og Jonny, du er jo eit leksikon, utruleg interessant å høyre på, fagleg superbra.
Publisert 07.04.2026, kl. 19.26














English (US)