Kommunar får millionrekning for flyktningar

4 months ago 18


Dyrtida strammar grepet og over heile Noreg sveittar kommunepolitikarar i desse dagar over blodraude tal i budsjetta.

Samstundes har også kostnaden med å busetje og integrere ukrainske flyktningar auka stort.

Sjølv om staten har sagt at dei skulle dekke kostnadane til kommunane – så viser ein fersk rapport frå Beregningsutvalget eit heilt anna bilde.

I fjor dekte staten berre 92 prosent av kostnadane til integrering.

På norskopplæring var talet nede i 80 prosent.

Rekninga er det kommunane som må ta.

Fleire kommunar vegrar seg

Tilbake til 2020 var situasjonen ein heilt annan.

Då var dekningsgraden på heile 105,9 prosent – kommunane kunne altså tene pengar på å huse flyktningane.

No krev fleire at staten kjem på bana for å gjere noko med situasjonen.

Nina Gran, fagleiar i Kommunesektorens interesseorganisasjon, (KS) seier situasjonen tynger på kommunane.

– Utgiftene for å ta imot flyktningar har auka mykje, men tilskota har stått stille.

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) har bede kommunane om å busette 18.900 flyktningar i 2025.

– Men på grunn av dei låge tilskota, er det mange kommunar som no signaliserer at dei vegrar seg på å ta imot like mange flyktningar neste år, seier Gran.

KS har teke opp problemstillinga med regjeringa, og det blir no jobba med å betre situasjonen.

Men kor tid det skjer, er uvisst.

Fryktar den gode dugnadsviljen kan smuldre opp

Stord kommune i Vestland er blant dei som no seier nei til å ta imot flyktningar neste år på grunn av pengemangel.

Sunnfjord kommune i same fylke kjenner også at pengemangel tærer på.

Her må dei kutte i skular og barnehagar neste år, og prosjekt blir skubba fram i tid.

Samstundes må kommunen i 2024 bruke 12,3 millionar av eiga lomme til flyktningar.

Leiarlønningar

Sunnfjord kommune har for lite pengar. Då blir ekstrakostnaden til flyktningar ekstra tung å bere. No ber kommunedirektør Terje Heggheim og politikarane om ekstra pengar frå staten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sidan 2020, har dei brukt 33, 6 millionar.

Men dei statlege pengane til å dekke opp for ekstrautgiftene har uteblitt.

– Staten bad kommunane vere med på dugnaden, og vi sa ja. Men dugnad i den forstand at vi også skulle ta rekninga – det var ikkje meininga. Her har ikkje staten innfridd løftet sitt, seier kommunedirektør Terje Heggheim.

Éi årsak til ekstrakostnaden, er at det seks månader lange introduksjonsprogrammet ikkje er nok og at flyktningane treng meir tid å lære seg språket.

Ein fersk rapport frå Beregningsutvalget peiker også på auka kostnader til sosialhjelp, samt at få ukrainarar kjem seg ut i jobb.

Kommunepolitikar i Sunnfjord Oddmund Klakegg (Sp) er stolt av jobben kommunen gjer for å ta imot flyktningar, men han fryktar konsekvensane dersom staten ikkje kjem på bana.

Oddmund Klakegg, ordførar i Jølster

Sunnfjord-politikar Oddmund Klakegg (Sp) og kommunestyret er samde i at dei vil ta imot 85 nye flyktningar neste år. Så langt har dei teke imot 420. Men fleire andre kommunar rundt om i landet er no usikre på om dei kan ta seg råd til dette.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi lever i eit godt og trygt land, men når ein skal begynne å forklare folk at ein må legge ned barnehagar og skular fordi ein må dekke opp kostnader med flyktningar, så kan den gode dugnadsstemninga smuldre opp, seier Klakegg.

Sv-politikar Åsmund Berthelsen i same kommune, er også klar på at det må meir pengar på bordet.

Lovar meir pengar

Stortingsrepresentant Anne Kristine Linnestad er Høgre sin integreringspolitiske talsperson.

Ho seier det er eit problem at kommunane ikkje får pengane dei treng for å integrere flyktningane.

– Vi forventar at regjeringa følger med på utviklinga og legger integreringstilskotet på eit nivå som er nærmare dei kostnadene som kommunane har til integrering, seier ho.

Anne Kristine Linnestad i Høgre

Høgre sin integreringspolitiske talsperson, Anne Kristine Linnestad, meiner regjeringa må dekke meir av kommunane sine utgifter.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

No lovar regjeringa meir pengar.

– Vi veit at situasjonen i kommunen er pressa, så difor har vi styrka kommuneøkonomien. Vi har også prisjustert integreringstilskotet for 2025 for første gong på fleire år, seier Kjetil Vevle, statssekretær i Arbeids – og inkluderingsdepartementet for Arbeidarpartiet.

Han seier tilskota skal gi kommunane ei «rimeleg» dekning av utgiftene dei har til å busette og integrere flyktningar.

Men om tilskotsauken i 2025 betyr at kommunane fullt ut får dekka utgiftene, gir han ikkje eit klart svar på.

Statssekretæren seier dei kvart år ser på om dekningsgraden er tilstrekkeleg, og at det er bakgrunnen for at dei neste år vil styrke tilskotet med om lag 830 millionar.

Han legg til at kommunar som lukkast i å få flyktningane raskt ut i arbeid, får mindre utgifter til sosialhjelp.

– Det meiner vi er bra for den enkelte, men òg bra for kommuneøkonomien, seier Kjetil Vevle.

Publisert 02.01.2025, kl. 05.38

Read Entire Article