– Eg håpar dei fleste kjøper billett på førehand, seier Oksana Titova med ein liten latter.
På bussen på veg til jobb i Stavanger blei ho stoppa av vektarar som ville sjå billetten hennar på mobilen. Den var ikkje gyldig.
Det kosta henne 950 kroner.
Vektar Silje på billettkontroll i Stavanger. I bakgrunnen er kollega Maria, som var den som sjekka billetten til Oksana Titova.
Foto: Mari Rollag Evensen / NRK– Eg visste ikkje at eg ikkje hadde billett, seier ho.
Ho seier ho ikkje hadde oppdatert betalings-appen på mobilen.
– Det er litt trist. Men nå skal eg bli meir oppmerksam og meir ansvarleg, seier ho.
Oksana Titova hadde ikkje sjekka at bussbilletten var gyldig, men håpar de fleste gjer det.
Foto: Mari Rollag Evensen / NRKEin halv milliard reiser
I desse dagar lagar kollektivselskap over heile Noreg årsrapportane sine. I dei står mellom anna passasjertal, billettinntekter og tal over kor mange som ikkje har gyldig billett når det er kontroll.
NRK har slått desse tala saman for Oslo-området, Agder med Kristiansand, Rogaland med Stavanger, Vestland med Bergen, Trøndelag med Trondheim og Troms med Tromsø.
Det blei gjort over 530 millionar reiser med bussar, trikkar, baner og båtar i dei seks områda i løpet av 2024.
Alle passasjerane er sjølvsagt ikkje stoppa i billettkontroll. Men viss ein tar utgangspunkt i kor mange som pleier å ikkje ha billett, var det over 43 millionar reiser det ikkje blei betalt for i fjor.
Mistar millionar av kroner
Kva er prisen på ei bussreise? Ingen tør lage reknestykket over kor mykje det kostar Noreg. Men berre i Rogaland anslår Kolumbus eit tap på 30 millionar kroner. I Vestland «fleire titals millionar».
– Viss vi hadde fått 30 millionar, kunne vi skapt ganske mange fleire bussavgangar. Og vi kunne også etablert ruter til stader som trenger det, seier Edith Nøkling, administrerande direktør i Kolumbus AS, kollektivselskapet i Rogaland.
Ho seier Kolumbus og dei andre selskapa i Noreg er avhengige av folk ser på det som eit spleiselag.
Edith Nøkling, direktør i Kolumbus. Sidan ein trur at 2,5 millionar Kolumbus-bussreiser ikkje blei betalte for i fjor, jobbar selskapet med ulike måtar dei kan sikre at fleire løyser billett, men Nøkling kan ikkje seie akkurat korleis enno.
Foto: Mari Rollag Evensen / NRKI Vestland trur Øyvind Strømmen, pressekontakt i Skyss, at selskapet gjekk glipp av «fleire titals millionar» i fjor. I 2024 hadde dei 1,06 milliardar i billettinntekter, og dei trur at så mange som 10 prosent av dei reisande ikkje har gyldig billett.
Øyvind Strømmen, pressekontakt i Skyss.
Foto: SkyssOgså i Vestland hadde tilbodet vore betre med større billettinntekter.
– Betre tilbod på ettermiddag, kveld og natt. Fleire avgangar på stader som ikkje har så mange avgangar. I det heile tatt, ein kunne ha lista opp ting som de reisande ønska seg, som vi i dag rett og slett ikkje har økonomi til å prioritere.
Departementet: – Opp til fylkeskommunane
Det hadde vore mogleg å sikre at absolutt alle passasjerar har billett. Til dømes kjem du deg ikkje på eit fly i Noreg utan.
Men så er det litt meir arbeid å reise med fly enn med buss.
At fleire har billett, vil fylkespolitikarane i Rogaland at Kolumbus skal lage eit betre system for. Men direktør Nøkling seier det er utfordrande.
– Vi måtte tatt alle passasjerar inn framdøra på bussen. Men det vi veit, er at særleg i byane, betyr det mykje for kundane å ha det enkelt og fleksibelt. Det betyr dessutan mykje for at bussen skal komme seg av garde at vi har rask og smidig av- og påstiging.
– Dei tar av kassa til alle
I kontrollen desse to morgontimane i Stavanger skreiv vektarane Silje, Silja og Maria 14 gebyr. Dei trur dei sjekka over 400 passasjerar.
Sjølv om det er eit lågare tal enn Kolumbus legg til grunn, er ikkje Silja fornøgd.
Vektarane Maria, Silja og Silje brukar berre fornamna sine av omsyn til tryggleik i jobben. Dei skreiv 14 gebyr på to timar.
Foto: Mari Rollag Evensen / NRK– Det er eit høgare tal enn vi kanskje ønsker, seier ho.
Kollega Silje drøymer om at det var null gebyr.
– I dag føler eg vi har treft menneske som oppriktig har gløymt, seier ho.
– Men eg trur det alltid vil vere eit tal på dei som ikkje løyser billett.
Ei av dei vektarane trefte, var Trine Elisabeth Jess. Ho hadde billett. Men ein gong hadde ho ikkje.
Trine Elisabeth Jess har tidlegare vore vektar, og ho seier ho forstår godt korleis jobben deira er. – Dei er høflege og smiler, og du kjem langt med det, seier ho.
Foto: Mari Rollag Evensen / NRK– Det kjente eg. Men eg hadde gløymd det, seier ho.
Ho trur likevel nokon gjer det heilt med vilje.
– Dei tar jo av kassa til oss alle. Det er jo det de gjør. Når vi betaler. Alle skal jo vere med og betale, seier ho.
Har du nokon gong snike på bussen?
Publisert 27.02.2025, kl. 05.29