– Det er alle mann til pumpene, seier Volvo-forhandlar Jan Petter Myklebust i Førde.
Han har droppa juleferien på grunn av dei nye momsreglane som trer i kraft ved nyttår. Då blir nye elbilar opptil 50.000 kronar dyrare.
I alle ledd jobbar bilbransjen no på spreng.
– Det er skikkeleg trøkk i utleveringane i heile Noreg. Både lokalt og nasjonalt går det mot rekord, seier Myklebust.
Det er lite juleferie å få for Volvo-forhandlaren i Førde. I midten står Jan Petter Myklebust.
Foto: NRKMå vere i Noreg før nyttår
For at bilane skal unngå ekstra moms, må dei stå på norsk jord innan fyrverkeriet smeller.
På landets største hamn for bilimport i Drammen har dei stått på døgnet rundt.
– Vi har fått inn over 30.000 biler dei to siste månadene. Det er ny rekord, seier Tom Egil Johannesen, losse- og importansvarleg hos Motorships AS.
Tom Egil Johannesen seier dei har lossa 30.000 bilar på hamna i Drammen dei siste månadane.
Foto: Nicolai Frøystad Delebekk / NRKTo store skip med bilar har allereie komme til hamna denne veka, med nær 2000 bilar som skal i land.
– Og så tek vi nyttårsferie, før vi er over til normalen igjen frå 2. januar, seier Johannesen.
Bilar frå to store skip skal i land denne veka i Drammen.
Foto: Nicolai Frøystad Delebekk / NRKTrur på sterkt 2026
Det var i haust at regjeringa kunngjorde at elbilar skal koste meir i moms – inntil 50.000 ekstra frå 1. januar 2026.
Det førte til kraftig auke i salet.
I november vart det registrert 70 prosent fleire bilar enn november i 2024, ifølge Opplysningsrådet for Veitrafikken.
I desember er over 26.000 bilar registrert, ifølge førebelse tal – nær dobbelt så mange som i heile desember i fjor.
Ulf Tore Hekneby i Noregs største bilimportør trur at det sterke bilsalet held fram i 2026.
Foto: Mia Modalsli Tesaker / NRKDet er bilimportørane som har ansvaret for å få bilane til Noreg.
For den største bilimportøren, Harald A. Møller, har julestria vore eksepsjonelt stri.
– I år er det veldig lite juleferie på oss som jobbar i systemet vårt. No står vi på for å få bilane ut til kundane våre, seier Ulf Tore Hekneby, sjef i Harald A. Møller.
I 2027 og 2028 ligg det an til enda meir moms på elbilar. Bilbransjen reknar derfor med at dei blir travelt også til neste år.
Harald A. Møller trur det blir seld 170.000 personbilar til neste år, tett opp mot rekord.
I bilbyen Førde har telefonen gått varmt hos Frydenbø Bil.
Foto: Nils Ole Refvik / NRKLikevel kan det bli ein liten pust i bakken på nyåret etter eit heftig momskappløp.
– Det har vore ein heftig, men givande haust, seier Jan Petter Myklebust i Førde.
Publisert 30.12.2025, kl. 05.30
















English (US)