Knuste den magiske grensa: Historisk monsterfangst på 52 kilo

6 days ago 7


Tradisjonen med kaffitorsk blei starta av Lofotposten i 1968.

Sidan den gong har avisa delt ut diplom og kaffi til alle som melder inn fangst av torsk eller skrei på over 30 kilo, derav namnet kaffitorsk.

Men nokre fiskar er mykje større enn det.

Denne veka blei Erik Arne Hansen og mannskapet om bord på «Vikanøy» historiske.

Dei knuste den 21 år gamle rekorden frå 2005, og blei samtidig dei første til å passere den magiske 50-kilogrensa med ein fisk på heile 52 kilo.

– Vi pumpa han jo inn i fabrikken. Då vi såg han, tenkte vi berre på Lofotposten og kaffitorsk, og at vi måtte ha oss kaffi. Så då var det berre å få tatt bilde av han, fortel Eriksen.

Erik Arne Hansen og mannskapet ombord på "Vikanøy" satte ny rekord i kaffetorsk med en fisk på 52 kilo.

Denne kjempetorsken vog 52 kilo, og er den største kaffitorsken som er fanga.

Foto: privat

– Trudde han var 35 kilo

Tysdag fiska snurrevadbåten «Vikanøy» frå Straumsjøen på feltet Klakken utanfor Andenes. Då fangsten kom inn, skjønte mannskapet at dei hadde fått med seg noko heilt utanom det vanlege.

Kjempetorsken var den aller siste fisken som kom ned i fabrikken.

– Vi fekk vege han då vi leverte. Vi trudde kanskje han var rundt 35 kilo, men han viste seg å vere mykje større, fortel Erik Arne Hansen.

Vekta stoppa ikkje før ho nådde 52 kilo. Det er ny rekord i Lofotpostens statistikk, som strekker seg tilbake til 2005.

Den førre rekordnoteringa var på 49 kilo.

Saka blei først omtalt av Lofotposten.

Snurrevadbåten «Vikanøy» fra Straumsjøen

Snurrevadbåten «Vikanøy» som blei brukt til å sette nye kaffitorsk-rekord.

Foto: Harald Mikal Halvorsen

Eriksen har vore borti stor torsk før, men mistenker at dette er den største han har sett. Denne gongen sørgde han for å få fangsten dokumentert.

Er det første gong du er med på å fiske ein kaffitorsk?

– Vi har sikkert fått det før, men vi har liksom ikkje fått det dokumentert, kan du seie. Men det blir jo berre synsing, seier han.

Dette seier eksperten om kjempa

Havforskar Bjarte Bogstad ved Havforskingsinstituttet fortel at det kan gå mange år mellom kvar gong det blir registrert ein torsk på denne størrelsen i norske havområde.

– Den siste eg kjenner til som blei rapportert, var den som var tatt i 2018. Han vog 55 kilo, seier Bogstad.

Bogstad refererer til verdsrekord-torsken fanga utanfor Kjøllefjord i Finnmark. Han anslår at kaffitorsken som blei fanga denne veka, kan vere rundt 20 år gammal.

– Det er slett ikkje vanleg at dei overlever så lenge. Det er få som blir meir enn 15 år. Rekorden ifølge russisk litteratur er ein torsk som blei 24 år.

  • Bjarte Bogstad, forsker.

    Bjarte Bogstad

    Havforskar ved Havforskningsinstituttet

Sidan fisken var så massiv, antar havforskaren at det dreier seg om ein hofisk. Til samanlikning hadde verdsrekord-fisken frå Finnmark heile 14 kilo rogn.

Trass i størrelsen, meiner ikkje Bogstad at fangst av slike kjemper er eit problem, sjølv om enkelte har retta kritikk mot sjølve kaffitorsk-tradisjonen.

– Eg trur ikkje det gjer så stort utslag på bestanden økologisk at ein fiskar desse her. Det er trass alt veldig mange mindre torsk som gyter, forklarer han.


Men korleis står det eigentleg til med torsken?

– Årets torskekvote er den lågaste på over 30 år, så det er jo ikkje bra. Men det er framleis ein del torsk som blir store og gamle, sjølv om ein dei siste åra har fiska litt hardare enn det biologien tilseier at ein burde. Vi er sjølvsagt spente på korleis innsiget blir no, seier Bogstad.

Sjølv om kaffitorsken på 52 kilo er ei sjeldan kjempe, trur havforskaren at det kan finnast endå større individ i djupet.

– Det er mogleg det finst torsk i havet som er i stand til å passere 60 kilo, men kanskje ikkje så veldig mykje tyngre enn det.

Publisert 14.02.2026, kl. 09.24

Read Entire Article