Klar beskjed til Trump: – Dette er vårt land

3 hours ago 4


Khan Younis sør på Gazastripa har vore hardt råka av krigen. På same måte som resten av Gaza, ligg byen meir eller mindre i ruinar.

Våpenkvila gav håp. Men no har Donald Trump skapt uro og frykt for kva framtida vil bringe.

Midt i ruinane står Yasser Safi og ser rundt seg. Han har fått med seg nyheitene frå Trump sin pressekonferanse natt til onsdag.

– Vi har komme oss gjennom denne krigen, vi har opplevd eit folkemord med døden rundt oss på alle kantar. Husa ligg i ruinar. Men vi blei her til siste slutt. No kjem denne presidenten til oss med ein ny metode for å fortrengje oss frå landet vårt, der vi høyrer til. Dette er vårt land, og her blir vi!

– Rein galskap!

Donald Trump hadde besøk av den israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu då han kom med det overraskande utspelet om Gaza.

– Vi vil ta over Gazastripa, sa han.

Trump vil gjere Gaza til «Midtaustens riviera», utan palestinarane.

Trump Netanyahu

Donald Trump og Benjamin Netanyahu på pressekonferanse i Det kvite hus.

Foto: AP

Hilde Henriksen Waage er professor i historie ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet Prio. Ho følgjer utviklinga i Midtausten tett, og reagerte kraftig då ho høyrde nyheitene frå USA.

– Eg tenkjer først og fremst at dette er heilt frykteleg, og det er frykteleg vanskeleg å vere historikar og kommentere dette heilt på alvor. For dette her er jo rein galskap. Det er liksom som ein mafialeiar som kan presse og kjøpe og tvinge den eine aktøren etter den andre til å gjere det han vil, seier Waage.

Khan Younis i ruiner.

Reuters

Men ho legg til:

– I løpet av dei to vekene Donald Trump har vore president, har vi lært oss at bak desse kraftige utspela ligg det faktisk eit ganske blodig alvor.

– Kva vil du trekkje fram som mest problematisk her?

– Du kan ikkje berre tvangsflytte 2 millionar menneske. Palestinarane vil ikkje, og Egypt og Jordan, som han ser for seg at dei skal komme til, dei vil jo i alle fall ikkje. Dette vil berre føre til mykje meir ustabilitet og konflikt i regionen, seier Waage.

– Kan ikkje berre be oss dra!

Ahmed Shahin er ein av dei 2 millionar menneska som det handlar om. Han har ingen som helst sans for det Trump tek til orde for.

Gaza, Trump.

Ahmed Shahin - midt i ruinane i Khan Younis.

Foto: Reuters

– Det er her vi høyrer til. Den som ønskjer å byggje opp igjen må ikkje sparke oss ut under påskot av gjenoppbygging. USA har hjelpt Israel med å få i stand dei øydeleggingane vi ser her. Derfor må Trump byggje opp igjen mens vi er her. Han kan ikkje berre be oss dra.

Hilde Henriksen Waage meiner det er særleg interessant å følgje med på korleis Trump sitt utspel vil bli tatt imot i regionen.

– Donald Trumps overordna politikk er «America first». Han har ikkje tenkt å betale for dette. Israel har ikkje tenkt å betale for dette. Eg er redd for at ein då får med seg dei arabiske landa i golfen, som Saudi-Arabia, Qatar, kanskje andre golfstatar, til å betale for å tvangsflytte palestinarane, byggje opp heimar for dei ein annan stad – mot at dei normaliserer forholdet til Israel.

– Saudi-Arabia kan vere interessert

Ho trur Saudi-Arabia vil vere svært interessert i dette, for å kunne utvikle det saudiarabiske kongedømmet både økonomisk, politisk, og på mange andre område. Så det er det som er farleg, at her er det diverse «rosiner i pølsa» som kan spele inn.

forsker-1

Hilde Henriksen Waage.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Men er det ikkje også noko bra med dette, at Benjamin Netanyahu og Donald Trump er så gode venner, og at det faktisk skjer noko her? Dette er jo ein konflikt som ingen har klart å løyse i alle desse åra?

– Altså, viss vi verkeleg meiner at det i internasjonal politikk ikkje skal vere spelereglar, viss vi verkeleg meiner at internasjonal folkerett er noko tull, at etnisk reinsing er fint, fordriving er fint, så ja vel! Då er vi jo eigentleg kanskje på eit riktig spor no, vil nokon seie. Men det som er så frykteleg med dette, er jo at kvifor kunne ikkje Donald Trump og Benjamin Netanyahu for ein gongs skuld komme med ei løysing som kanskje ville ført til fred?

– Kva kunne det ha vore?

– Vi har ikkje gode løysingar på dette, men ein burde setje dei politiske måla først. Og det meiner eg må vere at palestinarane har rett til å bu i dette området, side om side med Israel. Og at det blir oppretta ein palestinske stat på Gazastripa, seier Waage.

Publisert 05.02.2025, kl. 19.21

Read Entire Article