For eit par år sidan merka Yvonne Kristin Lund Seem (48) at noko var annleis. Ho gjekk frå å kjenne seg bra, til å ha dårleg humør og kjenne seg nedfor.
Samanlikna med korleis livet hadde vore tidlegare, kjente ho seg sett ut av spel.
– Så høyrde eg via nokon kjente at det kunne vere symptom på overgangsalder, seier ho.
– Eg tok ein prat med legen for å høyre litt.
Etter å ha utelukka andre sjukdommar, fekk Seem begynne med hormonbehandling. Først ein spray, og så plaster. Nå har ho brukt medisinane i eit år.
Yvonne Seem trudde først symptoma hennar kom av noko anna.
Foto: Privat– Hetetoktene er borte, eg søv betre på natta, kjenner meg meir oppstemt og kjenner at eg har litt meir overskot til ting. Så det har definitivt hjelpt, seier ho.
Nå har forskarar frå USA sett på korleis hormonterapi fungerer på kvinner i denne perioden.
Kan få symptom ti år før
Når kvinner kjem i overgangsalderen fell produksjonen av østrogen. Det gjer at menstruasjonen etter kvart forsvinn. Mange får plager som hetetokter, humørsvingingar, nedsett sexlyst og søvnproblem, forklarer Marianne Natvik.
Ho er lege, og har skrive bok om overgangsalderen.
Men mange får symptom fleire år før menstruasjonen forsvinn. Denne perioden blir kalla perimenopausen og kan vare i alt frå nokre månader og opptil ti år.
– På veg mot siste menstruasjon skjer eggløysingane meir uregelmessig. Hormonnivåa svingar og blir lågare, og dette kan gi symptom, seier ho.
Lege Marianne Natvik seier at hormonbehandling er trygt for dei kvinnene som har plagsame symptom.
Foto: KreftforeningenForskarar frå Ohio har nå analysert over 120 millionar pasientjournalar. Av desse plukka dei ut 150.000 journalar som tilhøyrde kvinner i målgruppa for studien.
Resultata frå studien blei presenterte på årskonferansen til The Menopause Society i oktober.
Målet var å samanlikne korleis østrogen påverka helsa når kvinnene starta med behandling før eller etter siste menstruasjon. I tillegg samanlikna dei med kvinner som ikkje fekk behandling.
Ingen auka risiko
Forskarane fann at kvinner som begynte med østrogenbehandling tidleg, altså i første del av overgangsalderen, ikkje hadde noko høgare risiko for ein del alvorlege sjukdommar enn dei som starta seinare.
Dette kan tyde på at det kan vere fordelar ved å starte hormonbehandling tidleg, meiner forskarane.
Men både forskarane sjølv og Natvik meiner ein skal vere varsam med å slå noko fast utifrå studien som nå er gjort i Ohio.
– Funna dei har gjort kan tyde på at det ikkje er farleg å starte med hormonbehandling i perimenopausen med tanke på risikoen for brystkreft, hjarte- og karsjukdom og slag.
Både ho og forskarane bak studien seier at det trengst meir forsking som ser meir på heilskapen og følger kvinner over tid.
– Vidare studiar må gjerast for å bekrefte desse resultata og sjå på langsiktige effektar av østrogenbehandling. Men det er fint å vite at det verkar trygt for dei å starte i den første fasen av overgangsalderen, seier ho.
Hormonplaster er eitt av fleire legemiddel til kvinner med plager i overgangsalderen.
Foto: Martin Fønnebø / NRKIngen førebyggjande effekt
Anne Ragnhild Kjus Skomedal er gynekolog hos privatsjukehuset Aleris. Ho seier at det ikkje er noko nedre aldersgrense for når ein kan starte med hormonbehandling.
– Nokre kan kjenne plager frå dei er under 40 år, men det er vanlegare frå midten av 40-åra, seier ho.
Gynekologen seier at det kan vere vanskeleg å vite om plagene har samanheng med perimenopause eller noko anna.
Anne Ragnhild Kjus Skomedal seier at det ikkje er noko poeng i å starte med hormon før ein har plager.
Foto: Aleris– Viss plagene går utover livskvaliteten, er det på tide å vurdere om ein skal starte opp med hormonbehandling, tenkjer iallfall eg. Vi vurderer alltid om pasientane kan starte behandling utifrå ein risikoprofil for blant anna brystkreft og faren for blodpropp, seier ho.
Og det har heller ingen effekt å starte med hormonbehandling før symptoma dukkar opp.
– Det er ikkje som nokon trur at ein skal starte tidleg med hormon for å førebyggje seinare plager. Ein skal starte behandling når ein har plager, seier Skomedal.
– Må snakkast meir om
På tidleg 2000-tal blei både kvinner og legar skremde av studiar som fortalde at hormonbehandling gav auka risiko for ein del sjukdomar. Sidan då har forsking vist at dette er meir nyansert.
I dag blir hormonbehandling rekna som trygg for dei fleste kvinner med symptom som går ut over livskvaliteten deira.
Natvik forklarer at i Noreg blir det oftast gitt ein kombinasjon av østrogen og progesteron. Men ho seier at det er viktig å undersøke om det er andre årsaker til symptoma før ein begynner med hormon.
– Stress kan også gi liknande symptom, og ofte skjer overgangsalderen i ei travel tid i livet. Det er lurt for alle å sjå på livsstil, prioritere søvn, stressmeistring, kosthald, fysisk aktivitet, gode relasjonar, mindre alkohol og kutte røyken, seier legen.
Yvonne Seem diskuterte biverknader av hormonbehandlinga med legen sin, og synest ho fekk god informasjon.
– Det kjennest jo godt når legen for det første tar deg seriøst, og at dei har høve til å teste ut for å sjå om det er det som plagar deg, og om det kan gi betring. Så er det jo godt å ha ein lege som er lydhøyr, seier ho.
Det er bra at det kjem meir forsking på overgangsalder og kvinnehelse, synest ho.
– Det har heldigvis blitt snakka meir om i sosiale medium dei siste åra. Men det er endå viktigare at vi torer å vere opne om problem vi kvinner har.
Publisert 28.11.2025, kl. 21.16














English (US)