Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_6384597eda954f9d973bc5510ab9c2af, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
«Kjent, kjært og keisamt» - NorwayToday

«Kjent, kjært og keisamt»

1 day ago 3


Femten år har gått sidan Ingrid Helene Håvik og Trond Bersu starta Highasakite.

Indiepopgruppa blei raskt ein suksess, og rundt midten av 2010-talet var dei blant landets mest toneangivande popartistar.

Ingrid Helene Håvik (vokalisten i Highasakite) ikledd rødt. Med armene i været og lukkede øyne.

Ingrid Helene Håvik på konserten til Highasakite under Slottsfjell 2023

Foto: Maud Lervik Grøttland / NRK

No slepper Highasakite sitt sjette album, «Testament».

Det er den tredje skiva dei gir ut sidan Håvik og Bersu igjen vart ein duo, og dei to viser at dei enno har all den gode, poppete driven som dei har gjort suksess på.

Forløysande

Highasakite held seg tru til uttrykket sitt også på dette albumet. Dei byggjer opp låtane med elektroniske instrument og synthar, dunkle trommer og seige basslinjer.

Mange gonger i løpet av albumet let dei arrangementa blåse seg opp og bryte ut i forløysande refreng. Dei held musikken mørk og litt mystisk, men også energisk og sterk.

Vokalen til Håvik står sterk og rak midt i alle låtane. Dei tek også med seg eit par gjestar som stiller med ekstra stemmer. På «So cool» har dei fått med svenske Miriam Bryant, og Jonas Benyoub syng androgynt og vakkert i duetten «Chemotherapy».

  • Miriam Bryant står på scenen med utsrakte armer

    Miriam Bryant på Slottsfjell 2025

    Foto: Eskil Olaf Vestre / NRK
  • en mann som sitter på en scene

    Jonas Benyoub på Øyafestivalen 2023

    Foto: Kim Erlandsen / NRK

«So cool» er den reinaste popsongen på albumet, ein glad danselåt som utvilsamt kjem til å slå an på konsertar og festivalar framover.

Som neste månad når dei går på scena i Unity Arena.

Samstundes er han vel lik ein drøss andre store poplåtar, og hitfaktoren kjem vel så mykje av assosiasjon som kvalitet.

Minimal utvikling

Sounden til Highasakite vart meir og meir elektronisk med dei fyrste albuma, og toppa seg på plata «Camp Echo» i 2016. Det slo an i ei tid kor DJ-ar, effektar og store, elektroniske poparrangement var det heilt store.

Da artistar som Selena Gomez, Avicii og Maroon 5 toppa listene for drygt ti år sidan, låg altså den norske gruppa midt i tida.

Det fungerte som berre det: «Camp Echo» blei ein listetoppar, og sikra bandet to prisar på følgande Spellemann.

highasakite

I 2016 vann Highasakite Spellemannprisen i kategoriane «Popgruppe» (for «Camp Echo») og «Årets musikkvideo» (for «Golden Ticket»).

Foto: NTB scanpix

I dag høyrest Highasakite ganske så like ut som for ti år sidan, sjølv om popmusikken på mange sett har gått vidare.

Og det i seg sjølv er ikkje ein dårleg ting, i pop som i alle sjangrar treng vi at alt ikkje høyrest likt ut.

Men popmusikken gjekk ikkje vidare heilt utan grunn. Elektropopen begynte å bli så utbreidd og så perfeksjonert av mange, at nærare, meir personleg uttrykk, humor og visepoppete lette kvalitetar vart viktigare og viktigare.

Vokalisten i Highasakite (Ingrid Helene Håvik) ikledd sorte klær, sittende foran en rød bakgrunn

Foto: Propeller Records

I dagens poplandskap høyrest musikken til Highasakite difor enno bra og storslått ut, som alltid, men også litt overprodusert og upersonleg. Sjølv om låtane tematisk sett er aldri så personlege.

Hyllar mor

Den siste singelen bandet sleppte før albumutgjevinga, «But, I loved», er eit nydeleg eksempel på kor nære Highasakite kan vere i songane sine.

I eit intervju med NRK fortalde Håvik at låta er ein hyllest til songpedagogmora Solveig. Låta er både sår og nær, og har sjølvsagt nydeleg vokal i sentrum.

Nokre låtar, som denne og etterfølgjande «Farewell», er særleg rolege og såre. Men alle spora på albumet deler den same mørke, intense melankolien som gruppa sin musikk er så kjend for, også dei låtane som har litt meir popdriv.

Ingrid Helene Håvik som synger inn i mikrofonen.

DEBUTÅRET: Highasakite på Pstereo i 2012

Foto: Jørn Gjersøe / NRK

Særleg sidan musikken også kjennest så kjend, gjer det at albumet manglar kontrastar. Det er massar av det inne i songane, der arrangementa blæs seg opp og blir store og sterke.

Men ting vert for likt. Og når heile albumet er over, er det ikkje lett å skilje låtane ein nettopp har høyrt frå kvarandre.

Toppbilde: Albumcover, Propeller Recordings

Publisert 20.08.2025, kl. 16.58

Read Entire Article