Denne vinteren har fleire reagert på bilkøyringa til turistar i Nord-Noreg.
Befolkninga i Lofoten er redd og kallar det sinnssjuk køyring når turistane er bak rattet.
Eit slikt tilfelle skjedde på nyåret litt utanfor Narvik.
NRK har tidlegare skrive om turisten frå Kina som berre skulle oppleve fantastisk natur, men mista lappen etter å ha køyrd vinglete. Han var ved fleire høve over i motsett køyrefelt.
– Køyringa er definitivt av ein slik art vi ikkje ønsker på vegane.
Sa distriktsleiar i UP, Geir Marthinsen tidlegare til NRK.
Turisten var verken sjuk eller ruspåverka, men utrygg bak rattet, ifølge politiet.
Ikkje nok med at turisten mista føreretten i Noreg og fekk ei saftig bot på 9000 kroner, vart han også utvist frå landet i fem år.
Politiet i Nordland oppretta ei utvisingssak på turisten etter at førelegget var vedtatt, og sende det så vidare til UDI for godkjenning.
– Det er rutine å varsle utlendingseininga om saker som gjeld utanlandske statsborgarar som har fått ein straff som kan føre til fengselsstraff. Og straffa i dette tilfellet er førelegget på 9000 kroner, opplyser politiadvokat Siv Remen til NRK.
Avisa Nordland skreiv om saka først.
Mangel på respekt
Remen kjenner ikkje til at nokon har blitt utvist frå Noreg på eit slikt grunnlag.
– Så vidt eg veit har ikkje vi i Nordland gjort dette på bakgrunn av ein trafikksak tidlegare.
UVANLEG: Politiadvokat Siv Remen seier ho ikkje kjenner til at nokon har blitt utvist frå Noreg på bakgrunn av ein trafikksak tidlegare.
Foto: Benjamin Fredriksen / NRKEiningsleiar i UDI Kontroll, Bjørn Risberg seier dei ikkje fører statistikk på utvisingssaker som handlar om brot på vegtrafikklova.
– Heimelen for utvisning er at dei er «straffa i Noreg».
Men seier likevel at personar som har blitt utvist for brot på vegtrafikklova denne vinteren har vore turistar.
Og når UDI vurderar alvoret i desse sakene, så ser dei på tilknytinga utlendingane har til Noreg og farepotensialet i den straffbare køyringa.
– Innreiseforbodet blir fastsett ut frå alvorsgrada av det straffbare forholdet. For brot på vegtrafikklova får ein som regel innreiseforbod på 2 eller 5 år, seier han.
I utvisingsvedtaket til den kinesiske turisten, som NRK har fått tilgang til, står det at UDI vurderte lovbrotet hans som grovt. Det var på grunn av at måten han køyrde på sat andre menneske i livsfare.
UDI skriv også at det var køyreferdigheitene til dei andre sjåførane som gjorde at det ikkje enda i kollisjon.
Dei meiner det er nødvendig å reagere strengt fordi dette viser mangel på respekt for andre menneskes integritet og sikkerheit.
– Har ikkje opplevd så graverande køyring før
Til og med politipatruljen som rykka ut for å stoppe turisten fekk kjenne på vinglekøyringa.
Ifølge politiet sin rapport frå hendinga måtte patruljen bråbremse og svinge mot grøfta for å ikkje kollidere med turisten.
Til og med etter at politiet fekk snudd bilen og køyrd etter han med sirene og blålys på, let turisten vere å stoppe. Han haldt fram med å køyre vinglete med politiet bak seg.
Politibetjentane som stoppa den kinesiske turisten seier at dei aldri har opplevd så graverande køyring før.
Foto: UtrykkingspolitietPatruljen måtte til slutt køyre forbi turisten, og stille politibilen på tvers i vegbanen for å stoppe han.
Ifølge rapporten nekta turisten også å opne bildøra, og politiet måtte fysisk dra han ut av bilen.
– Politibetjentane som stoppa deg er erfarne med 20 års erfaring, og uttaler at dei ikkje har opplevd så graverande køyring tidlegare. Du utsette både deg sjølv, passasjeren i bilen din, og andre bilistar i livsfare med måten du køyrde på, står det i rapporten.
Publisert 26.02.2025, kl. 14.47