Kina med historisk handels­overskot

1 hour ago 1


Kina sin eksport skaut kraftig fart i 2025.

Det leia til eit historisk handelsoverskot på 1 200 milliardar dollar – ein sum som tilsvarar om lag 12 000 milliardar kroner.

Aldri før har eit land hatt eit større overskot enn det Kina hadde i fjor.

Landet set rekord i eit år som starta med tollkrigen til USAs president Donald Trump, og med straffetoll frå EU på blant anna elbilar som byrja året før.

Kvinner som syr

Kvinner som syr ved ein tekstilfabrikk i Shandong-provinsen aust i Kina.

Foto: - / AFP / NTB

– Det viser kor robust Kina sin industriproduksjon er, fleksibiliteten og evna til å finne nye marknadar når eksporten til USA er under sterkt press.

Det seier direktør Henning Kristoffersen for Innovasjon Norge i Kina til NRK.

Samfunnsøkonom Olav Chen er overraska over tala frå Kina, samtidig som resultatet ikkje er uventa.

– Vi har sett tendensar til at veksten og eksporten frå Kina har halde seg bra og på gode nivå, seier Chen til NRK.

Enorme mengder kontainere med varer som skal eksporteres i Nanjing.

Enorme mengder konteinarar med varer som skal eksporterast frå hamna i den kinesiske storbyen Nanjing.

Foto: NTB

Mindre handel med USA

Handelsoverskotet skjer sjølv om USA sin president Donald Trump har forsøk å bremse kinesisk eksport med høge tollsatsar.

– Det er veldig overraskande. Dei færraste hadde forventa at Kina skulle sette nye handelsrekordar nok eit år, når ein hadde så høge tollsatsar og uro knytt til dei, seier Kelly Ke-Shu Chen.

Ho peikar på Kina si evne til å justere verdikjedene, auke handel til veksande marknadar og å spesialisere seg på avanserte varer som årsaker for handelsoverskotet.

  • Kelly Chen i DNB Markets.

    Kelly Ke-Shu Chen

    • Seniorøkonom i DNB Carnegie

Resultatet av handelskrigen er at Kina selde 20 prosent mindre til USA i fjor enn året før.

Handelen gjekk også ned andre vegen. Kina kjøpte 14,6 prosent mindre frå USA i fjor.

Olav Chen peikar på at Kina har hatt god tid til å utvikle strategiar for å kunne handtere handelskrigen.

– Kina har vore godt førebudd. Dei har førebudd seg på Trump 2.0. Handelskrig er ikkje noko nytt for landet – dei er kjent med våpenet, seier han.

Eit kontainerskip på havet. I bakgrunnen kan du sjå høgblokker.

Eit konteinarskip på veg mot ein terminal i hamnebyen Qingdao aust i Kina.

Foto: - / AFP / NTB

Samtidig har ikkje Trump nådd målet om eit meir sjølvforsynt USA.

– Eitt av måla som Trump hadde omkring tollsatsar var at større delar av produksjonen skulle bli flytta heim til USA, seier Ke-Shu Chen.

– Det har nok ikkje skjedd, ettersom det tar tid å bygge opp verdikjeder, legg seniorøkonomen til.

Trump og Xi tar hverandre i hendene

USAs president Donald Trump og Kinas president Xi Jinping under eit møte i Busan i Sør-Korea 30. oktober 2025.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters / NTB

Siger for USA

Tala for 2025 kan også bli sett på som ein siger for Trump sin handelspolitikk.

– Det er ein siger med tanke på at det gjer USA mindre direkte avhengig av Kina, seier Chen.

– Men i realiteten er Kina framleis verdsleiande på industriproduksjon og mange av dei viktigaste varene, legg han til.

  • Sosialøkonom og porteføljeforvalter Olav Chen er gjest i Drivkraft.

    Olav Chen

    • Samfunnsøkonom
    • Porteføljeforvaltar i Storebrand

Det inneber at sjølv om USA ikkje gjennomfører direkte handel med Kina, vil kinesiske varer ende opp i USA ved at varene går gjennom andre land – såkalla proxyland eller «China plus one».

Mexico og Vietnam er døme på slike land, som er ein mellomstasjon for kinesiske varar som blir importert av USA.

På den måten kan Kina unngå tollsatsane, forklarar Ke-Shu Chen.

– På mange måtar har Trump innført ein universal toll mot alle land. Han har jo sett problematikken og at det er vanskeleg å vere spesifikk med land dei ilegg toll, seier samfunnsøkonom Chen.

Konteinarar ved ei hamn i Jersey City

Stabla konteinarar på eit konteinarskip utanfor New York i USA.

Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP / NTB

Kunne ha kjøpt meir

Kina sin viseminister for toll, Wang Jun, sa onsdag at Kina kunne ha kjøpt enda meir frå utlandet.

– Nokon land blandar politikk inn i økonomi og handel ved å sette restriksjonar på eksport av høgteknologi til Kina, sa han.

Wang viste mellom anna til at USA sel dei mest avanserte databrikkene til Kina.

– Utan dette, ville vi ha importert enda meir, sa Wang.

Dette må du vite om toll

  • Kva er toll?

    Toll er ei avgift staten legg på varer som kjem inn i landet.

    Noreg krev for eksempel toll på ost som blir importert frå utlandet. Det gjer at ost frå utlandet kostar meir her heime, samanlikna med ost frå norske produsentar

    Kjelde: Regjeringa/Store norske leksikon

  • Korleis fungerer det?

    Det er bedrifta eller personen som importerer vara, som betaler tollen. Det skjer når vara passerer grensa.

    Inntektene frå tollen går til landet som har ilagt han.

    Sidan det då kostar meir å selje ei vare, kan ei bedrift sette opp prisen på produktet for å dekke inn kostnaden av tollen.

    Slik kan kostnaden av toll gå ut over forbrukarane.

  • Kva er formålet?

    Spesielt to argument for toll blir trekt fram:

    1. Styrking av eigne bedrifter mot konkurranse frå utlandet
    2. Inntekter til staten

    Toll gjer at utanlandske varer blir dyrare for forbrukarane i landet dei blir importerte til. Ved å gjere desse varene dyrare, kan staten håpe at folk heller vil kjøpe lokale produkt.

    Nokon meiner dermed at toll på importerte varer kan verne eit land sine eigne bedrifter mot konkurranse frå utlandet.

    Og sidan toll i praksis gir staten ekstra kroner for ei vare som blir sendt over grensa, meiner nokon at dette vil gi staten meir inntekter.

    Donald Trump drar også fram eit tredje argument, nemleg å bruke toll som eit forhandlingskort eller pressmiddel.

Stor auke i sal til Afrika

Ein auke i sal til andre land gjer opp for tapet Kina har i den amerikanske marknaden.

Sal til land i Afrika har auka særleg mykje, med heile 26 prosent i fjor, skriv AP.

I tillegg har den kinesiske eksporten auka med:

  • 13 prosent i Søraust-Asia
  • 8 prosent i EU
  • 7 prosent i Latin-Amerika

Handel mellom Noreg og Kina

Noreg hadde i fjor eit handelsunderskot med Kina på 83,936 milliardar kroner, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Den norske eksporten til Kina enda på 48,570 milliardar kroner, medan importen frå Kina til Noreg kom på 132,506 milliardar kroner.

Det er omtrent på same nivå som 2024.

  • Sosialantropolog Henning Kristoffersen er gjest i Sommer i P2.

    Henning Kristoffersen

    • Direktør for Innovasjon Norge i Kina

– Noreg tener likevel på at Kina, som er verdas største importør av olje og gass, hindrar ytterlegare fall i olje- og gassprisar, seier Kristoffersen.

– Ein anna gevinst, som ikkje kjem fram i eksportstatistikken, er dei produkta som norske selskap både produserer og sel i Kina. Blant anna i maritim sektor er dette betydeleg, legg han til.

Oljefelt

Edvard Grieg-feltet i Nordsjøen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Stor eksportør av bilar

Salet av bilar er ei viktig årsak til veksten i 2025. Eksporten av bilar frå Kina auka med 21 prosent, skriv AP.

Særleg bidrog salet av el- og hybridbilar kraftig.

Totalt selde Kina 7 millionar bilar til andre land i fjor.

Det er tredje år på rad at Kina er verdas største eksportør av bilar. Det etter at landet gjekk forbi Japan i 2023, skriv McKinsey.

To menn som jobber med en bildel på en fabrikk.

To fabrikkarbeidarar som jobbar med produksjon av køyretøyet Neolix X3. Bilfabrikken ligg i Jiangsu-provinsen aust i Kina.

Foto: JADE GAO / AFP / NTB

– Noko som har vore frykta har vore at varer som skulle til USA, i staden blir sende til Europa til stadig lågare prisar – og dermed utkonkurrere europeisk produksjon, seier Ke-Shu Chen.

I 2024 innførte Europa straffetoll mot kinesiske elbilar, men skal no forhandle med Kina om både prisnivå og kor mange bilar som kan bli eksportert.

Arbeidere som jobber på bildeler i en fabrikk i Kina

Fabrikkarbeidarar jobbar med bildelar på ein fabrikk i Jiangsu-provinsen.

Foto: JADE GAO / AFP / NTB

– Det nye no er at Europa skal bli einige med Kina om å sette minimumsprisar. Det er forhandlingar om prisnivå per bil og kor mange bilar som kan bli eksportert til det prisnivået, seier Ke-Shu Chen.

– Det er også ei slags innbakt oppfordring til kinesiske bilprodusentar om å sette opp fabrikkar også lokalt i Europa, legg ho til.

Les meir om handelskrigen her:

Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen:

Publisert 16.01.2026, kl. 07.21

Read Entire Article