Litt interessert i tennis, men du sit kanskje ikkje og følger alle kampane i turneringane slavisk?
Nå har det komme eit tilbod frå Australian Open som kanskje triggar ein litt anna målgruppe. Turneringa sit ikkje på rettane til å vise kampane direkte via sine eigne kanalar, men nå har dei lagt ut ein KI-variant med animerte spelarar.
– Det hadde jo vore interessant å sjå Daniil Medvedev gå berserk i animert versjon. Det er ei greie eg trur kunne slått an, seier Warner Bros. Discovery-kommentator Christer Francke til NRK om nyvinninga.
28 år gamle Medvedev sleit med å stagge temperamentet da lågt rangerte Kasidit Samrej (418 i verda) fekk settball i det tredje settet i første runde av turneringa.
Medvedev slo racketen i nettet to gonger og enda opp med å knuse eit kamera som var hengt opp nettopp der.
Det same gjorde KI-versjonen av Medvedev, som etter seansen fekk ei åtvaring frå dommaren.
Positivt overraska
Litt seinare kunne ein følge oppgjeret mellom Andrej Rubljov og Joao Fonseca via same kanal. I tillegg til dei animerte spelarane, har også lydspor frå banen og kommenteringa av turneringa blitt lagt ut.
Tennis-kjennar Sverre Krogh Sundbø lét seg imponere av tenesta.
– Det eg er mest imponert over at desse kampane blir gitt att så utruleg bra. Eg kjente i alle fall eg sat her og såg på ein kamp der eg fekk med meg alle nyansar av ein tenniskamp ved å sjå på animerte figurar. Det er faktisk ganske gøy å sjå på, seier Krogh Sundbø til NRK.
Han var ikkje klar over tilbodet før NRK tok kontakt, men lét seg likevel fascinere av nyskapningen, trass enkelte skjønnheitsfeil og litt hakking undervegs.
– Samtidig håpar eg jo ikkje at idrett blir Nintendo Wii. For det er jo litt kjedeleg om vi ikkje får lov til å oppleve det ekstreme som det idrettsutøvarar faktisk utøver på banen, legg han til.
Overfor BBC forklarer Australian Open at dei ønsker å gjere sporten meir tilgjengeleg og fenge den yngre generasjonen. Nå kan ein følge live idrett utan å betale abonnement, forklarer dei.
Blir hylla av brukarane
YouTube-kontoen til tennisturneringa har 2,6 millionar abonnement. Rundt 5000 hadde logga seg på sendinga da NRK var innom.
Også via sosiale medium blir innovasjonen hylla blant fleire brukarar.
– Eg elskar dette konseptet med animerte matchar, skriv ein av brukarane inne på YouTube-kontoen.
I sendinga på Discovery/Max var kommentator Francke mest opptatt av dei sportslege aspekta ute på hardcourten da han kommenterte Fonseca-Rubljov.
– Det var ein heftig match. Fonseca spelte heilt vilt bra og slo Rubljov 3–0 i sett. Det er ikkje så ofte ein ser så gode 18-åringar i slike turneringa. Han har eit heilt vilt god forehand og er nok kanskje det aller største talentet på touren, akkurat nå, meiner Francke.
– Om du kan velje, vil du helst sjå det live, via TV eller animert?
– Det er ikkje noko tvil om at eg har mest lyst til å sjå tennis live, seier han.
– Kva seier andre rettshavarar, trur du? Og kva tenker du viss sendingane du kommenterer blir utkonkurrert av tilbod som dette?
– Nå trur eg ikkje dette kjem til å bli utkonkurrert, for eg trur ikkje folk som ser på tennis til vanleg har lyst til å sjå på animerte spelarar. Så eg trur ikkje det skjer. Men det er konkurranse som med alt anna og det skjer nye ting heile tida. Eg trur kanskje yngre sjåarar kan synast det er morosamare å sjå nokre av kampane i modusen med animerte figurar, seier Francke som har kommentert internasjonal tennis på TV i 25 år.
NRK har gitt Warner Bros Discovery høve til å kommentere nyvinninga, men per nå ønsker ikkje TV-selskapet å nytte seg av den moglegheita.
– Vil påverke rettane
Den medievanten Krogh Sundbø er rimeleg sikker på at både nordiske og internasjonale medieselskap er nøydde til å komme på banen i samband med saka.
– Det er jo ei gyllen moglegheit for dei som ikkje har lyst til å betale det det kostar å sjå ting bak plattformer og få det med seg. Men det er jo klart at Warner Bros. Discovery, som sit med rettane i Noreg, eller ESPN på den amerikanske marknaden, nok ikkje er villige til å legge like mange pengar på bordet viss fansen vel å sjå det gratis på YouTube Live i staden, seier Krogh Sundbø.
– Ser du for deg at det er andre idrettar du også kunne ha følgt på denne måten? Kva med ei stor pokerturnering eller Premier League?
– Eg ville nok aldri valt dette alternativet. Men viss Viaplay fortset å ta 700–800 kroner månaden, for Premier League-abonnementet sitt, så er det ikkje til å sjå bort frå at eg hadde kjent meg tvinga til å gå dit, eg òg.
– Hei, jeg ser hvor du stirrer hen! 01:31
Publisert 17.01.2025, kl. 05.32