Med eit fokusert blikk sit Kari-Celine Reiss-Jacobsen på ein stol.
Framfor seg har ho ei balje med vatn.
Så trekkjer ho pusten.
Ho er klar for å senke hovudet ned i det 10 grader varme vatnet.
HELD PUSTEN: Kari-Celine Reiss-Jacobsen med ansiktet under vatn.
Foto: Daniel Thuv Eriksen / Privat– Det er litt vanskeleg å roe ned pusten og pulsen slik at ein har roa nok til å ha hovudet under vatn og presse seg på det, seier den 22-årige skøyteløparen.
Saman med lagkompisane i rekrutteringslaget Mjøsteam på Hamar, har ho forsøkt å «drukne» seg sjølv for å bli betre.
– Det er jo også eit ubehag å ha hovudet under vatn og halde pusten, seier Reiss-Jacobsen og legg til:
– Eg var litt skeptisk og hadde kanskje ikkje heilt trua på det, men det er jo litt artig å ha vore med å vere ein del av eit slik stort prosjekt.
SKØYTELØP: Distanser som for eksempel 500, 1000 eller 1500 meter kan vere perfekte for å få effekt av «drukne-metoden» til Rønnestad. Kari-Celine Reiss Jacobsen satsar på 1500 meter.
Foto: Geir Olsen / NTBKjent forskar
Det er ingen kven-som-helst som står bak ideen om at «drukning» kan gjere godt for å auke kapasiteten.
Bent Rønnestad er mannen bak forsking på mellom anna varmetrening, som fleire profilerte utøvarar innan uthaldsidrett har teke i bruk dei siste åra.
Han har tidlegare vore kåra til verdas beste sykkelforskar, og da Jonas Vingegaard vant Tour de France i 2022 takka han mellom anna Rønnestad for hjelpa.
Nå har han altså sett seg ut enda ei ny metode som han meiner kan gje fordelar på idrettsarenaen.
FORSKAR: Bent Rønnestad har i fleire år vore ein markant skikkelse i forskingsmiljøet. Han er professor i idrettsfysiologi.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK– Her prøver vi å utnytte fysiologien smartast mogleg, seier Rønnestad til NRK.
Men kvifor skal det å «drukne» seg sjølv vere lurt for å yte betre?
Organet som kan hjelpe
Her blir det kanskje litt komplisert, men det heile handlar om milten.
Rønnestad forklarer at tidlegare forsking har vist at viss ein held pusten samtidig som ein har hovudet i kaldt vatn, så skjer ein såkalla refleksiv samantrekking av milten.
– I milten har ein i utgangspunktet ein liten blodreserve samla. Når milten da trekkjer seg saman, så skyt han på ein måte ut ekstra blod i blodbanen. Da blir det fleire røde blodceller som sirkulerer rundt i sirkulasjonssystemet.
Og det er nettopp blodcellene som transporterer oksygen til muskulaturen. Jo fleire er på mange måtar betre, for da får musklane i teorien tilgang på meir oksygen og blir med det ikkje like fort slitne.
Vil teste meir
– Det er jo litt spesielt da. Det er ikkje så vanleg akkurat.
Orda høyrer til Sondre Hvammen (22). Han er også hardtsatsande skøyteløpar for Mjøsteam.
Han er skeptisk til om vi får sjå heile verdas skøyteløparar sitte med hovudet vatn rett før viktige konkurransar.
– Det må nok ganske mykje meir forsking til for at folk skal sitte med hovudet ned i bøtta, seier han.
Lagkompis Filip Møller Nordal (19) er hakket meir positiv til tanken. Men peikar på ein ting som kan gje utfordringar.
– Det som er litt problematisk med tanke på skøyter er jo at du blir veldig våt i håret og ansiktet, så det er ikkje heilt det beste når du skal inn i ein kald skøytehall.
– Kva med badehette?
– Det er sant. Uansett, eg kjem nok til å teste det.
VM-LØPAR: Filip Møller Nordal på 5000 meter under skøyte-VM i Vikingskipet.
Foto: Geir Olsen / NTB– Kvifor vil du teste det igjen?
– Eg leiter jo heile tida etter måtar å bli betre på da, eller få betre treningsutbytte. Da vil ein jo prøve alt som er lovleg for å kunne bli betre. Det er jo slik at viss ein blir ein prosent betre med noko, så er jo det eitt år med trening, seier Nordal, som er ein av landets mest lovande skøytetalent.
Han innrømmer likevel at det til nå ikkje har vore berre behageleg å teste ut «drukninga».
– Det er ikkje slik at du sit der med ein veldig god kjensle når du nesten prøver å drukne deg sjølv. Men ein blir liksom litt meir våken med ein gong ein dreg opp hovudet. Så det er jo noko som skjer i alle fall når ein gjer det.
«Bloddoping»
I forskingsprosjektet til Rønnestad og hans masterstudentar, så hadde dei ein regel om at ingen fekk halde pusten lenger enn to minutt.
Dette for å unngå at nokon pressa seg unødig lenge.
Ifølgje Rønnestad er det uansett meir enn nok for å oppnå ei effekt som mange nok har negative assosiasjonar til.
Nemleg bloddoping.
– Kva tankar gjer du deg rundt det med samanlikning med doping?
– I utgangspunktet for meg så er jo snakk om kroppens ibuande mekanismar for å betre prestasjon. Vi aukar kroppens EPO-produksjon og vi får fleire raude blodceller. Det er tilsvarande effekten av å injisere blod, men vi gjer det på ein heilt naturleg måte og det er kroppens naturlege måte å tilpasse seg eit nytt stimuli på, seier Rønnestad og held fram:
– Viss vi held pusten med hovudet i kaldt vatn ser det altså ut som kroppen har ein naturleg respons på dette med å frigjere den vesle blodreserven som finst i milten.
– Ikkje noko eg vil anbefale folk
Sjølv om professor Rønnestad har trua på metoden, så er han ærleg på at det foreløpig ikkje finst noko grunnlag for å eintydig si at det funkar.
Difor kjem han med eit åtvaring til folk flest.
– Førebels er det noko motstridande funn, så det er ikkje sikkert dette har nokon effekt på prestasjon. Det er nok også eventuelt mest egna for dei som allereie er på eit veldig høgt nivå og vil teste ut korleis dette funkar for seg sjølv.
– Anbefaler du folk å byrje å halde pusten før knallharde treningsøkter?
– I utgangspunktet er ikkje dette noko eg vil gå ut og anbefale folk å «satse på». Eg tenkjer at dette kan vere litt krydder på toppen av ein så godt som optimal treningskvardag, og at ein da har kompetansepersonar og utstyr tilgjengeleg for å evaluere om dette kan vere gunstig eller ikkje, seier Rønnestad.
Professoren håpar uansett å forske meir på metoden, og han trur den kan ha best effekt for idrettar som har konkurransetid på under tre minutt.
Han listar opp både løping, svømming og sprintlangrenn som moglege idrettar der det kan hjelpe på, i tillegg til skøyteløp.
Kari-Celine Reiss-Jacobsen har trua på at dette er noko som plutseleg kan bli å sjå att på fleire idrettsarenaer.
– Viss det blir meir forsking rundt det og at det viser seg å ha ein effekt så trur eg at det kjem til å bli utbreitt, seier Reiss-Jacobsen.
Hvem tror japanere at Jakob Ingebrigtsen er? – Ser ut som han har mye penger 01:00
Publisert 15.09.2025, kl. 22.28 Oppdatert 15.09.2025, kl. 22.45