– Det er veldig spennande og veldig fint.
Det seier filmskapar Dag Johan Haugerud til NRK i det dei er på veg inn på den raude løparen i Berlin.
Fleire på laget bak filmen var reist frå Berlin, men fekk streng beskjed om å returnere til den tyske hovudstaden.
– Eg fekk ein telefon frå ei streng tysk dame om å reise tilbake, seier produsent Yngve Sæther.
– Vi veit jo ikkje så mykje enda, seier Haugerud.
«Drømmer» er den andre filmen i Dag Johan Haugerud sin trilogi «Sex Drømmer Kjærlighet».
Den handlar om ein 17-åring som forelskar seg i læraren sin.
Filmane har gått sin sigersgang på internasjonale filmfestivalar. Det heile starta på filmfestivalen i Berlin i fjor med filmen «Sex».
No er «Drømmer» med i hovudkonkurransen i Berlinalen.
Sist det skjedde med ein norsk film var i 2019. Då var «Ut og stjæle hester» av Hans Petter Moland med i toppen.
I år er det 19 filmar som konkurrerer om den aller gjevaste prisen, Gullbjørnen.
Då det blei kjend at «Drømmer» skulle vere med i hovudtevlinga, var det stor glede i det norske filmmiljøet.
– Det er ein enorm prestasjon som verkeleg dokumenterer kor flink og hardtarbeidande Dag Johan Haugerud er.
Det sa Kjersti Mo då dette blei kjend. Ho er direktør i Norsk filminstitutt.
Publisert 22.02.2025, kl. 17.02 Oppdatert 22.02.2025, kl. 17.13