Donald Trump har signalisert at han truleg vil stanse all amerikansk hjelp til Ukraina, ifølge kjelder til Bloomberg. Det med stor jubel frå Russland.
Den amerikanske presidenten har lenge vore kritisk til pengebruken, og sagt at USA må få igjen noko. Derfor la han ein mineralavtale på bordet, som ikkje har blitt signert.
Det blei mykje gestikulering i Det ovale kontor førre fredag
Video: ReutersDen geopolitiske situasjonen er snudd på hovudet, etter at Donald Trump skjelte ut Ukrainas president Zelenskyj i Det kvite hus.
I same møte hevda Trump at Ukraina berre kunne halde ut nokre dagar utan amerikansk støtte.
– Det er berre tull, seier Palle Ydstebø, oberstløytnant og hovudlærar ved Krigsskolen.
NRK har snakka med desse forskarane om korleis Ukraina vil klare seg:
Palle Ydstebø
Oberstløytnant og hovudlærar ved Krigsskolen.
Amanda Iversen Orlich / NRK
Tor Bukkvoll
Sjefsforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).
Frode Fjerdingstad
Tom Røseth
Hovudlærar i etterretning ved Forsvarets Høyskole/Stabsskolen.
Håkon Benjaminsen / NRK
Julie Wilhelmsen
Forskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI).
Aurora Ytreberg Meløe
Tormod Heier
Professor ved Forsvarets høyskole.
Forskarane har ulike vurderingar, men dei er alle einige om at Europa vil spele ei avgjerande rolle viss USA snur ryggen til Ukraina.
Økonomi: Europa må gi meir i støtte
USA har frå 2022 til desember 2024 brukt 119,7 milliardar dollar på økonomisk bistand til Ukraina, ifølgje den tyske tenketanken Kiel-instituttet.
Forskarane er stort sett einige om at Europa har kapasitet til å kompensere for dette.
Bukkvoll meiner at Europa kan klare å erstatte mykje av den økonomiske støtta dersom USA trekk seg ut.
– Europa kan nok gå inn og kompensere, seier han.
Bilete av vestlege statsleiarar utanom USA frå møte i London sundag 2. mars 2025.
Foto: AFPSamstundes peikar Røseth på at Europa si evne til å dekke militære behov ikkje er like sterk som den økonomiske.
Europa har gitt og skal etter planen gi over dobbelt så mykje økonomisk hjelp til Ukraina som det USA har og skal gi, ifølge Kiel-instituttet.
Våpen: Kan Europa erstatte USAs våpenstøtte?
Eit meir alvorleg problem for Ukraina er tapet av amerikanske våpen. Det er forskarane einige om.
Spesielt med tanke på langtrekkande luftvåpen.
Ukraina har til no fått amerikanske langtrekkande missil som kan nå 300 km. I november 2024 tillèt Biden at Ukraina kunne sende desse inn i Russland.
– Europa har ikkje industriell produksjon av våpen til å erstatte USA, spesielt når det gjeld viktig luftvern, seier Røseth.
Han seier at USA ikkje berre umiddelbart kan stoppe opp våpenhjelpa, fordi noko av det allereie er i ei leveringsfase.
– Det er ikkje sånn at du knipsar med fingrane og så er det amerikanske militære bidraget over, forklarer han.
Heier seier at våpenkuttet vil føre til ei betydeleg svekkinga av den ukrainske fronten. Ukraina står i dag for 30 prosent av eigen forsvarsevne, forklarar han.
Test av amerikanske langtrekkande missil i Sør-Korea
Video: ReutersEi mogleg mellomløysing er at USA likevel tillèt at Europa kjøper amerikanske våpen på vegner av Ukraina, forklarar derimot Bukkvoll.
Men viss dette også blir stoppa, vil situasjonen bli langt vanskelegare, ifølge han.
– Og då kan vi sjå større russisk framgang, seier Bukkvoll.
Jonas Gahr Støre under toppmøtet i Kyiv førre veke.
Foto: Javad Parsa / POOL / POOL / NTBTidlegare denne veka meldte Forbes at Ukraina vil vere i stand til å oppretthalde produksjonen av granatar, som er av dei viktigaste våpena. Slik kan europeiske initiativ bøte på eit eventuelt fråvær av amerikansk støtte.
Det er Ydstebø einig i.
– Europa klarer med eigen produksjon, saman med innkjøp frå det tsjekkiske initiativet, å levere 2 millioner granatar i året til Ukraina. Det vil seie i snitt 5500 granatar i døgnet:
– Det er ein god del mindre enn det Russland bruker, men det gapet tek dei igjen med skytekvalitet, rekkevidd og verknaden av granatane, seier han.
Ein ukrainsk politimann tek dekning framfor ein brennande bygning etter eit russisk luftåtak i Avdiivka, Ukraina. Russland auka øydelegginga av frontlinjebyane i 2024.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTBYdstebø understrekar at ein ikkje bør undervurdere Ukrainas forsvarsevne og viser til at det tok månader før det kom tung støtte både frå USA og frå Europa.
Soldatar: Treng Ukraina fleire folk?
– Russland har meir enn tre gonger så stor befolkning som Ukraina og derfor fleire menn tilgjengeleg, seier Wilhelmsen som meiner dette er Ukrainas største problem.
I november i fjor blei det meldt on at titusenvis av ukrainarar hadde desertert.
Ifølgje Kyiv Post hadde den ukrainske påtalemakta tatt ut tiltale mot over 60.000 ukrainarar som har desertert sidan krigen byrja.
– Dette har vore ei utfordring lenge, og det vil vere det vidare også, uavhengig militær og økonomisk støtte, seier ho.
Ukrainarar står knelande medan tenestemenn ber portrettet av frivillig soldat Volodymyr Rakov, 30, ein kjend dansar og koreograf som vart drepen i Ukraina-krigen. Bilete frå avskjedsseremonien i Kyiv, Ukraina, sundag 2. mars 2025.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTBUkraina får i dag både økonomisk og våpenhjelp frå vestlege land. Soldatar derimot står dei for sjølve.
Både Storbritannia og Frankrike har sagt dei kan vere villige til å sende fredsbevarande styrker til Ukraina. Sverige har heller ikkje utelukka dette.
Venstre her heime i Noreg har sagt at det er på tide på diskutere norske styrkar.
Røseth er einig med Wilhelmsen og seier at mobilisering har vore ei stor utfordring.
– Mangelen på vestleg militært utstyr påverkar kampmoralen.
Fronten ved Donetsk, Ukraina 15. februar.
Foto: ReutersYdstebø meiner derimot at soldatar ikkje er det største problemet for Ukraina.
– Eg vil seie dei er av same storleik. Russarane har eit større forsvar, men store deler er ikkje involvert krigen. Marinen, lite av flyvåpenet, strategiske atomstyrkar og bakre styrker er ikkje involvert.
– Russarane har vist at dei har fleire folk å forbruke. Dermed har dei klart å halde offensivane dei har hatt no i haust, men det har vore bestialske tap.
Kor lenge kan Ukraina klare seg utan USA?
Bukkvoll, i likskap med alle ekspertane, er ikkje einig i Trumps påstand om at Ukraina berre vil klare seg nokre dagar utan USA.
– Det har vore snakk om mellom eit halvt og eitt år, seier han.
Røseth på si side meiner Ukraina vil gå tom for amerikanske våpen fram til sommaren.
Heier viser til at Ukraina har sterke og rike allierte i ryggen.
Trump og Zelenskyj i Det ovale kontor.
Foto: Reuters– Ukraina bør ha ei moglegheit til å klare seg åleine om Russland vil halde fram krigen, seier Heier.
Også Ydstebø peiker på behovet for dei andre vestlege allierte.
– Utan at Europa aukar støtta, vil dette bli ei seigpining av Ukraina til lagera deira står tomme. Då vil Russland kunne klare å tvinge fram ei erobring av dei områda dei har annektert, seier Ydstebø og legg til:
Publisert 04.03.2025, kl. 22.13