Ho er Noregs beste kvinnelege langdistanseløpar, og mange kilometer blir lagde ned kvar einaste dag. Ute på Oslos vegar eller i marka er ho sjeldan aleine, og det merkar ho.
– No spring eg veldig masse rundt Maridalsvannet, for det er jo rett ut frå døra mi. Så det er ofte eg høyrer at eg får eit påheng bak meg, som prøver å henge på ei stund, fortel Karoline Bjerkeli Grøvdal.
Therese Johaug og fleire av Noregs langrennsstjerner fortalde i vinter om overivrige mosjonistar som ville utfordre dei på skitrening.
Grøvdal kjenner først og fremst det er uskuldig moro, og synest det er fint om ho kan motivere andre.
– Eg vil ikkje seie at det er veldig plagsamt. På ski er det kanskje meir plagsamt, for då trakkar ein kanskje oppå skia og sånn, men det er jo litt sånn i intimsona når du plutseleg høyrer godt at nokon spurtar bak for å nå deg igjen, og så legg dei seg tett oppi ryggen din, så du må liksom gi dei blikk.
– Freistande å sette opp tempoet
– Men så skjønner eg at det er gøy å teste seg sjølv mot meg, om dei veit at eg driv med løping. Så det er eit lite problem, men det er freistande å sette opp tempoet litt, og få dei bort, seier Grøvdal og ler.
34-åringen hugsar spesielt éin episode godt.
– Eg var på ein veldig roleg joggetur i området her. Og så kom det ein forbi meg. Dette var ikkje ein supersprek person, og det visste han sjølv. Men han, ein i 40-åra, tok i og sprang, kom på sida mi. Og så kikka han på meg, og kjente meg igjen. Og då sa han til meg: «No kjenner eg meg utruleg dum når eg ser kven du er».
– Han klarte ikkje å springe frå meg, det blei nesten same tempo. Men så sa han at han var midt inne i eit Strava-segmentet, så han måtte springe forbi meg. Men han var så flau fordi han sprang forbi meg. Så det var litt morosamt.
Friidrettsekspert og supermosjonist Kristian Ulriksen, som i mange år dreiv NRK-podkasten «I det lange løp» med Jann Post, kan ikkje hugse å ha opplevd at tilfeldige mosjonistar har prøvd å henge på han på trening.
SUPERMOSJONIST: Kristian Ulriksen ute på ein av mange treningsturar.
Foto: Aleksander Walmann– Det blir kanskje litt mannssjåvinistisk å seie, men det kan hende det er ein del gutar og mannfolk som tenker at dei burde springe frå alle jenter, same kven jenta er, seier Ulriksen.
– Og så kjem plutseleg Karoline, som er så god som ho er, og så får dei liksom litt sjokka, fortset han.
To alternativ
Som regel er det noko Grøvdal opplever når ho er ute på det som for henne er rolege langturar. Då skal ho også halde det roleg og ho vil derfor ikkje springe fortare enn det som er planen. Ho understrekar at møta med mosjonistar ikkje plagar henne, og at folk som helsar er noko ho synest er veldig hyggeleg.
– Men du spring frå dei om du vil?
– Om eg blir veldig irritert, så er det to alternativ. Enten at eg stoppar, tar ein pause og lèt som eg knyter skoen, for å la dei springe. Men då må vi sørge for at det er langt nok til at eg ikkje tar dei igjen. Eller så må eg berre «gønne» på og springe sånn at eg får ei luke, og så ta tempoet ned igjen etterpå.
– Har du blitt irritert?
– Ja, det har jo hendt at eg berre aukar farten og spring frå dei med ein gong eg merke at dei prøver å henge på. Og så kan eg springe i tempoet mitt igjen. Det er litt morosamt å gjere òg, ler Grøvdal.
– Det er jo artig at folk gjer det. Det er kanskje prisen å betale for å vere kjendis og kjent løpar. Dei fleste mosjonistar som spring i Noreg, veit jo kven Karoline er, seier Ulriksen og fortset:
– Det er bra ho også meiner det er ein del av sjarmen. Det er på ein måte ei anerkjenning, der folk tenker «dæven, det er ho som vann EM-gull i halvmaraton. Eg må prøve å springe saman med henne».
GULLVINNAR: Karoline Bjerkeli Grøvdal med EM-gullet på halvmaraton frå Roma 2024.
Foto: Heiko Junge / NTBMåtte ha med dørvakt
Langdistansedronninga er likevel ikkje den einaste som har opplevd ekstra merksemd på løpetur.
– Det har vore nokre overivrige mosjonistar som har kome litt tett på, og det kan jo irritere. Men no er eg er berre glad for å bli stoppa på treningstur, for då får eg igjen pusten og får kvilt meg litt, seier NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal, og flirer.
NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal.
Foto: Tor Erik Schrøder / Tor Erik Schrøder / NTBHan blei olympisk meister på 800 meter i 1996, og det er mange som har stoppa han på trening for å diskutere og få svar på ulike spørsmål. Og treningsentusiastar er ikkje ein heilt ny ting.
– Det er lenge sidan no, men vi sprang på ein bane inne på Leangen Ishall. Der kunne det hope seg opp med mosjonistar, spesielt når det var dårleg vêr. Då var det nesten farleg når vi sprang så fort, så vi måtte ha med oss dørvakt, minnes Rodal.
Hylles av Skarstein: – Burde sett slike videoer oftere 00:55
Publisert 29.04.2025, kl. 16.32