– Det verkar som ein fin ting, som opnar for fleire moglegheiter i framtida, seier Ingrid Braathu.
Ho går Explore Friluft ved Solborg folkehøgskule i Stavanger som har landa ei unik avtale med Universitetet i Stavanger.
Ingrid Braathu går sjølv glipp av moglegheita om å ta studiepoeng gjennom linja ho går på. Men trur den nye ordninga vil vere eit løft for folkehøgskulen.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKFolkehøgskulen er først ut i landet med ei slik ordning, der elevane frå hausten av kan søke seg vidare til Universitetet i Stavanger og få heile 35 studiepoeng i friluftsliv godkjend for eit år på folkehøgskule.
Poeng som elevane kan ta med seg vidare i høgare utdanning om dei søker høgare utdanning ved Universitetet i Stavanger.
Den kristne folkehøgskulen midt i Stavanger har fått fagplanen godkjent av universitetet.
– Vi skal halde fram med å vere folkehøgskule, men så er det veldig kjekt at Universitetet i Stavanger anerkjenner fagplanen vår og kan godkjenne den til studiepoeng, seier Johannes Sjursen, som er friluftslivslærar ved Solborg folkehøgskule.
Lærar for Explore Friluft, Johannes G. Sjursen står for undervisninga der han sjølv må demonstrere kuldebading for elevane.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKDet er onsdag morgon og elevane er samla for dagens undervisning, som er kuldebading.
Læraren startar med litt teori og testar elevane i kunnskap inne i saunaen.
Så er det rett ut i det kalde vatnet.
Folkehøgskulane er splitta
NRK har kontakta 21 folkehøgskular over heile landet.
Fleire av desse seier til NRK at dei er i for ei slik ordning, og kan sjølve tenkje seg å innføre det same.
Slik reklamerer Solborg folkehøgskule på deira nettside for at elevar kan få studiepoeng av å velje denne linja.
Foto: Skjermdump frå Solborg folkehøgskuleSamstundes er Folkehøgskulane delte om innføringa, der nokre er kritiske til ei slik ordning. Fordi dei meiner dette vil bli ei indirekte akademisering av folkehøgskulen.
Ville du nytta deg av moglegheita?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Eit tydleg skilje
Ved Campus på Universitetet i Stavanger nyt Åge Vigane morgonsola.
Han er førstelektor for friluftsliv ved universitetet, og hadde ideen om samarbeidet med Solborg folkehøgskule.
Han delar ikkje bekymringa om akademisering av folkehøgskulen.
– Dette kan vere med på å gje fleire ein betre overgang til høgare utdanning, seier Vigane.
Åge Vigane står ved gapahuken på Campus Ullandhaug ved UiS. Der har han fleire gonger samlingar med studentane sine.
Foto: Eirik Gjesdal / NRK– Vi gir ikkje ut studiepoeng
Det var saman med rektor på Solborg at Vigane fekk landa den unike avtalen.
Og rektoren avviser at dette er ei akademisering av folkehøgskulen, slik nokre folkehøgskular fryktar.
– Vi gir ikkje ut studiepoeng. det er universitetet som skal vurdere det, seier Halvard Aase, rektor ved Solborg folkehøgskule.
Halvard Aase. er rektor ved Solborg folkehøgskule i Stavanger.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKMen rektoren har trua på at tilbodet kan vere positivt for elevane.
Folkehøgskolerådet: Eit klokt val
Anne Tingelstad Wøien i Folkehøgskolerådet peiker på at viktig det er med tydelege roller i utdanningsløpet.
– Det er difor viktig at det er tydelege skiljelinjer slik at det er UiS, eller eventuelle andre universitet- eller høgskolar, som vurderer at kvaliteten og relevansen av det faglege opplegget til folkehøgskolen er så godt at dei vel å gi studiepoeng for dette, seier Wøien.
Anne Tingelstad Wøien
- Daglig leiar Folkehøyskolerådet
Ho meiner samarbeidet viser at folkehøgskole kan vere eit klokt val.
– Det viser at det kan vere smart å velje folkehøgskole før vidare studiar. I tillegg kan det vere smart å velje folkehøgskole for å fullføre vidaregåande skole, eller velje folkehøgskole for å få eit år å vekse på og klargjere vegen vidare for seg sjølv, seier t. Wøien.
Elevar og lærarar ved Solborg folkehøgskule i Stavanger er samla til morgonsamling.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKFrå praktisk undervisning til studiepoeng
Tilbake til elevane ved folkehøgskulen i Stavanger.
Dagens økt med undervisning går mot slutten. Og etter eit kaldt bad er det rett inn igjen i varmen.
– Det var kaldt, men ikkje så gale som eg først trudde, seier Sigurd Holden-Leira.
Elevane har humøret på topp etter å ha fullført dagens utfordning i det kalde vatnet.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKSjølve rakk dei ikkje moglegheita om å få studiepoeng for å gå friluftsliv på Solborg, men elevane stiller seg positive til ordninga som møter dei nye elevane dette året.
Publisert 21.01.2026, kl. 17.28

















English (US)