– Å stå tiltalt for tap av liv samstundes som du veit at du er uskuldig dømt på grunn av det tekniske – det er oppskrifta på eit mareritt, seier Thomas Elverum.
I februar 2012 var den tidlegare yrkessjåføren involvert i ei ulykke der ei kvinne mista livet.
Elverum blei dømt for aktlaust drap, men har heile tida hevda han var uskuldig.
– Det har vore forferdeleg. Det er det ikkje nokon tvil om.
13 år etter ulykka håpar Elverum å bli frikjent for drapet. Onsdag skal den gjenopna saka opp for retten igjen.
Elverum meiner sjølv ein teknisk feil på bremsekabelen var årsaka til ulykka i 2012.
Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRKMista kontroll
Elverum var på veg frå Dombås til Trondheim tidleg om morgonen den 24. februar i 2012.
På veg opp ein slak bakke fekk semitraileren skrens. Elverum mista kontrollen og snart dekka køyretøyet heile vegbanen.
Personbilen som kom imot hadde ikkje moglegheit til å unngå kollisjonen.
Fire personar sat i bilen.
Den 25 år gamle kvinna i passasjersetet døyde kort tid etter samanstøyten. I tillegg blei to av dei andre i bilen skadd.
Ulykka fann stad i Drivdalen i Oppdal kommune i 2013. Biletet er tatt ved ei anna anledning.
Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK– Det har vore veldig tungt. Det var det mest tragiske utfallet som kunne skje, seier Elverum.
– Eg tenker på vedkomande veldig, veldig ofte.
NRK har vore i kontakt med dei etterlatne sin bistandsadvokat, Trond Walmsnæss Wehn. Han fortel at dei ikkje ønsker å uttale seg om at saka igjen skal opp for retten.
Slik såg autovernet ut etter ulykka.
Foto: PolitietElverum mista førarretten, blei dømt til seks månader i fengsel og måtte betale 750.000 i erstatning til dei etterlatne.
Dommen er sona for lenge sidan og Elverum har tatt førarkortet på nytt.
Trøndelag tingrett og seinare Frostating lagmannsrett meinte Elverum må ha køyrt for fort på det glatte føret.
Retten meinte også at marginane var små og at Elverum må ha svinga på rattet.
Vegvesenet kan ha målt feil i svingen
Onsdag skal saka igjen bli behandla i rettssystemet. Sju dagar er sette av i Eidsivating lagmannsrett for den 13 år gamle saka.
I 2023 bestemte Gjenopptakingskommisjonen at saka skulle bli tatt opp igjen.
Ei gruppe fagfolk meinte farta ikkje var høg nok til å vere grunnen til at vogntoget fekk skrens da ulykka skjedde. Dei jobba for å få saka gjenopna.
Helge Andersen, som tidlegare jobba over 25 år i Statens vegvesen og entreprenør Steinar Nomeland gjorde eigne målingar og utarbeidde sin eigen rapport.
Målingane Statens vegvesen gjorde låg til grunn for at Elverum blei dømt. Dei viste at svingen der ulykka skjedde hadde ein svingradius på omkring 450 meter.
I «Sving-rapporten» frå Andersen og Nomeland er svingen derimot målt til å ha ein svingradius på 540–570 meter.
Dei meinte marginane ikkje var så små som dei som blei lagt til grunn i dommen.
Dermed var farta Elverum må ha halde for å ha utløyst skrens også ha vore høgare enn det lagmannsretten la til grunn.
I «Sving-rapporten» meiner Helge Andersen og Steinar Nomeland at Statens vegvesen sine målingar er feil.
Foto: Sving-rapportDei nye målingane meinte gjenopptakingskommisjonen var god nok grunn til at saka på nytt skal bli behandla av retten.
Meiner bremsefeil var årsaka
Elverum meiner ein teknisk feil var skuld i ulykka.
– Bremsane låste seg. Eg var på veg opp ein bakke og bremsene låste seg. Det var grunnen til at hengaren slang ut.
Også Helge Andersen peikte på feil ved bremsane som ei mogleg årsak til ulykka.
I Brennpunkt-dokumentaren «Kollisjon» kom det fram at Andersen varsla i fleire år om bremsefeil på vogntog og kontrollar som ikkje fanga opp disse feila.
Elverum meiner ein feil på bremsekabelen mellom hengaren og trekkvogna var årsaka til ulykka.
Foto: NRKDa saka mot Elverum var oppe i lagmannsretten, uttalte Andersen at det var sannsynleg at det var ein feil på bremsen som hadde ført til ulykka.
Andersen peikte på at det var blitt registrert 134 feilkodar i koplinga mellom tilhengaren og trekkbilen.
Det kom også fram at Statens vegvesen ikkje hadde undersøkt kontakten på tilhengaren etter ulykka, men berre hadde sjekka kontaktpunktet på trekkbilen.
Lagmannsretten såg på forklaringa med bremsefeil som lite sannsynleg da Elverum blei dømt.
– Det har vore forkasteleg
Elverum er skuffa over det han meiner er fleire feil politiet og Statens vegvesen har gjort i arbeidet med saka.
– For min del så har det vore forkasteleg.
– Det har vore veldig hardt å stå i. Det har vore heilt ufatteleg.
Bremsekabelen sender signal mellom trekkvogna og hengaren. Ved straumbrota snakkar dei ikkje saman.
Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRKKurt Ottesen i Statens vegvesen viser til at rettssystemet no skal behandle saka på nytt.
– Statens vegvesen ønsker ikkje å kommentere dette ytterlegare no like før retten skal gjere sin vurdering, skriv Ottesen i ein e-post til NRK.
Det var Trøndelag politidistrikt som hadde ansvaret for etterforskinga av saka.
Påtaleleiar Eli Aasland fortel at det er Innlandet politidistrikt som overtok den gjenopna saka.
– Vi ønsker ikkje å kommentere noko på disse spørsmåla no, og vil forhalde oss til domstolen sin vurdering av bevisbiletet, skriv Aasland i ein e-post.
Da saka blei behandla av gjenopptakingskommisjonen skreiv politiet i sine merknadar at dei meinte det ikkje var kome nye bevis som ville endre utfallet av saka:
Meiner det enno er bevis for at Elverum er skuldig
– Vi forheld oss til den avgjerda Gjenopptakingskommisjonen trefte i 2023, seier statsadvokat Thorbjørn Klundseter.
Sjølv om nye bevis har kome til, har statsadvokaten likevel tatt ut ein tiltale mot Elverum for aktlaust drap.
Statsadvokat Thorbjørn Klundseter er aktor i saka. Han meiner det framleis finst grunnlag for å dømme Elverum for aktlaust drap.
Foto: Vidar Ruud / NTBI saker der nye bevis gjer at det ikkje lenger er grunnlag for å oppretthalde skuldinga eller tiltaleavgjerda, vil påtalemakta kunne be lagmannsretten om ein frifinnande dom.
– Men det har ikkje vore tilfelle i denne saka, meiner Klundseter.
Han meiner derimot at det sjølv med nye bevis, er grunnlag for å dømme Elverum for aktlaust drap.
– Korleis vurderer du «Sving-rapporten»?
– Det er noko eg vil kome tilbake til når eg skal grunngi saka overfor lagmannsretten.
Det er Eidsivating lagmannsrett i Gjøvik som skal behandle den gjenopna saka.
Foto: Vidar Ruud / NTB– Noko eg aldri kunne ha føresett
Elverum fortel at det vil bety mykje dersom han no blir frikjent.
– Det vil bety alt. Ei forklaring for mine barn, familien og bedrifta.
– Og det betyr at eg kan begynne å leve livet igjen.
Det er sett av sju dagar i retten.
– Kor sikker er du på at du ikkje kunne ha handla annleis?
– Det er eg 100 prosent trygg på, seier Elverum.
– Årsakssekvensen var noko eg aldri kunne ha føresett.
Elverum fortel at han er heilt sikker på at han ikkje kunne ha handla annleis for å ha avverja ulykka.
Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRKElverum sin forsvarar, Alexander Nyheim Jenssen, fortel at han truleg vil få betalt tilbake dei 750.000 kronene han blei dømt til å betale i erstatning til dei etterlatne. I tillegg kjem sakskostnader.
– Dersom ein blir frifunnen så vil ein i utgangspunktet også bli frifunnen for dei sivile krava også.
– Men det er ein konkret vurdering retten må gjere.
Dersom han blir frifunnen vil Elverum også ha mogelegheita til å søke om erstatning.
– Det er ein separat prosess, forklarar Jenssen.
– Kor mykje kan det vere snakk om?
– Det er umogleg å seie noko om størrelsen på det og det er ikkje noko vi fokuserer på no.
Publisert 01.10.2025, kl. 07.25