Kampsporttrenar får strengare fengselsstraff og får aldri trene barn igjen

1 day ago 4


Det er ei tydeleg letta kvinne NRK snakkar med etter at dommen mot den tidlegare trenaren hennar er klar.

– Eg håpar at dommen kan verke avskrekkande, og bidra til at andre ikkje gjer slike lovbrot.

Ho er ein av tre utøvarar mannen nå er dømd for seksuelle overgrep mot.

Før saka skulle opp til lagmannsretten, fortalde ho til NRK kva ho frykta mest.

– Mitt verste mareritt er å ikkje bli trudd. Viss det skjer, og han ikkje blir dømd, er eg redd han kan fortsette å utnytte utøvarar.

ankesak

– Eg har brukt så mange år på å forsøke å legge dette og han bak meg, fortalde kvinna til NRK i forkant av rettssaka. Ho håpar dommen kan gjere at det blir lettare.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Får aldri trene barn igjen

Kampsporttrenaren i 50-åra frå Bergen er dømd til tre års fengsel, for gjentatte seksuelle overgrep mot tre av dei tidlegare utøvarane sine.

Overgrepa strekte seg over ein periode på 15 år. Utøvarane var mellom 15 og 17 år då overgrepa skjedde.

Trenaren er også dømd til å betale 250.000 kroner i oppreising til to av utøvarane, og nærmare 300.000 kroner i oppreising og erstatning til den tredje utøvaren.

I ein samrøystes dom gjer Gulating lagmannsrett det klart at mannen aldri skal få trene barn under 18 år igjen.

lagmannsretten

I vitneboksen i Gulating lagmannsrett, nekta trenaren straffskyld.

Foto: Erica Hvedding Kronheim / NRK

Skjerpar straff og erstatning

Hordaland tingrett dømde i april kampsporttrenaren til to år og tre månadar fengsel for overgrepa mot dei tre utøvarane.

Tingretten dømde mannen til å betale totalt 550.000 kroner i oppreising og 100.000 kroner i erstatning til dei tre utøvarane.

Han mista også retten til å vera trenar – men berre for jenter under 18 år – dei neste fem åra.

Lagmannsretten har altså no skjerpa både fengselsstraffa, erstatningsbeløpa og trenarforbodet.

«Massive bevis»

Lagmannsretten skriv at forklaringane til den tiltalte «kan utelukkes», medan alle dei tre tiltalte står fram som truverdige og pålitelege.

Ifølge dommen har forsvararen meint at forklaringane til dei fornærma er «for lite konkrete, usannsynlege og at det er for lite konkrete beviser.»

Det avviser lagmannsretten kontant:

«Bevisa mot tiltalte er massive», heiter det i dommen.

I skjerpande retning viser retten til aldersforskjellen, og at forskjellen utover i perioden vart større mellom han og nye utøvarar han forgreip seg på. Trenaren var mellom 16 og 28 år eldre enn jentene då overgrepa skjedde.

– Grundig dom

Bistandsadvokaten for to av dei fornærma, Cecilie Wallewik, skriv til NRK:

– Eg er veldig nøgd med resultatet. Dommen er grundig og god, og eg er glad for at vi fekk medhald i auka erstatning til begge klientane mine.

Gulating lagmannsrett, Cecilie Wallewik, Cathrine Pryser Grøndahl,

Advokatane Cathrine Pryser Grøndahl og Cecilie Wallevik har hjelpt til de tre fornærma i både tingretten og lagmannsretten.

Foto: Erica Hvedding

Ho peiker også på gleda over at lagmannsretten har skjerpa trenarforbodet.

– Det er særleg viktig for klientane mine at han er frådømd retten til å trene barn og unge på ubestemt tid.

Det var då ei av dei tidlegare utøvarane såg at mannen var i ferd med å starte nye kurs for barn, at ho i 2022 gjekk til politiet og fortalde om overgrepa.

Overgrep mot til saman seks utøvarar

Politiet meiner også at kampsporttrenaren har utsett ytterlegare tre utøvarar for overgrep.

Disse fekk derimot status som vitne i både tingretten og lagmannsretten, fordi politiet meiner forholda er forelda.

– Det er veldig frustrerande. Det kjennest som om eg er usynleg, og at det han gjorde mot meg ikkje betyr noko, sa ei av desse vitna til NRK i samband med ankesaka.

I Gulating lagmannsrett trekte aktor Eli Andrea Skaar fram nettopp talet på utøvarar og korleis deira historier var svært like. Ho bad om tre år og ni månader fengsel for trenaren.

– Det er i straffeskjerpande retning lagt vekt på den kyniske framgangsmåten vi meiner den tiltalte har brukt i nesten 20 år overfor mindreårige utøvarar, for å skaffe seg seksuell omgang.

Gulating lagmannsrett, kampsportsaken, aktor Eli Andrea Skaar

Politiadvokat og aktor Eli Andrea Skaar meiner kampsporttrenaren har hatt ei kynisk framgangsmåte ovanfor sine utøvarar.

Foto: Erica Hvedding Kronheim / NRK

Gulating lagmannsrett, kampsporttrener, forsvarer Agnieszka Bulat

Advokat Agnieszka Bulat frå Elden Advokatfirma, forsvarar trenaren.

Foto: Erica Hvedding Kronheim / NRK

Har nekta skuld

Mannen har gjennom hele rettsprosessen nekta straffskuld, og gjentok dette i Gulating lagmannsrett.

Men når også lagmannsretten har dømd han som skuldig, er sjølve skuldspørsmålet avgjort.

Han kan altså ikkje frikjennast i Høgsterett, men han kan framleis anke straffeutmålinga.

Hei!

Har du tips til denne, eller andre saker? Send meg gjerne en e-post: erica.kronheim@nrk.no 

Publisert 07.01.2025, kl. 11.56

Read Entire Article