Kallar skaderaset ein epidemi – ekspert hevdar denne detaljen har skulda

5 hours ago 5


– Vi har sett i fleire år at kneskadar er ein stor problematikk. Det er skummelt den tendensen vi ser nå, med såpass mange kneskadar, seier NRK-ekspert Johan Remen Evensen.

Rett før VM i Trondheim mista Noreg fire utøvarar på grunn av kneskadar. NRKs ekspert meiner at dei bøygde staga kan vere ein del av grunnen til alle skadane.

Pius Paschke, stag

DETALJ: Det svarte, vertikale staget, er festa på baksida som du ser her.

Foto: AP

Han seier at dei fører til ein ekstra slitasje for kneet i landinga. Og han trur at det er ein del av årsaka til at mange ryk korsband og leddband i knea.

– Det tenker eg er noko FIS kunne ha gjord noko med ganske enkelt. Dei bør forby bøygde stag, og heller la det vere opp til utøvaren å ha flate ski i lufta.

NRKs andre ekspert, Maren Lundby, er ikkje heilt einig. Ho vedgår at dette er eit problem, men ønsker ikkje eit forbod.

– Det synest eg høyrest veldig drastisk ut, seier Lundby og held fram:

– Eg trur det er ein kombinasjon av utstyr og at når ein er i eit underskot, så blir ein meir skadeutsett.

NRK har snakka med ei rekke personar i hoppmiljøet. Det er fleire teoriar.

Maren Lundby

SAMANSETT: NRKs ekspert Maren Lundby meiner det er fleire grunnar.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Kallar det ein epidemi

I desember 2023 mista Anna Odine Strøm resten av sesongen på grunn av alvorleg kneskade etter fall.

– Om du tar med førre sesong òg, så kan du jo kalle det ein epidemi. Det er jo frykteleg dumt å utsette utøvarane for fare, seier Strøm til NRK.

Ho meiner at strengare dressreglar er ei årsak til kneskadane. Med mindre dress må du ha større fart for å hoppe like langt, og det gir større belastning i landinga, forklarer Strøm.

Switzerland Ski Jumping WCup

ALVORLEG: I sveitsiske Engelberg gjekk det gale for Anna Odine Strøm i 2023.

Foto: AP

– Det var jo nesten ingen kneskadar før det blei regelendring. Så kom dei nye målereglane etter førre VM som sørgde for mindre dressar, og så kom det plutseleg ein epidemi med kneskadar.

Den ferske VM-bronsevinnaren meiner at det bør gjerast grep når regelendringar skal diskuterast på vårmøtet til Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS).

– Eg meiner det er nokon på toppen her som må seie at «sånn her kan det ikkje fortsette» Det er ein vond sirkel vi er inne i nå. Vi må få brote sirkelen opp på ein eller annan måte, konkluderer ho.

– Det er hjarteskjerande

Eirin Maria Kvandal har også vore gjennom ein alvorleg kneskade, og slite med det i lang tid.

– Det er jo brutalt. Det er hjarteskjerande. Eg får vondt inni meg, seier ho.

I kvalifiseringa onsdag fall tyske Luisa Görlich, og skadde kneet. Ho hadde akkurat komme tilbake etter ein annan kneskade.

Kvandal viser også til kneskadane til Halvor Egner Granerud, Thea Minyan Bjørseth, Silje Opseth og Kjersti Græsli, som har ramma det norske laget den siste månaden.

– Eg trur det handlar at mange hopper med veldig tjukke pads. Da blir kneet trykt fram, du blir svakare, og har mindre å ta imot med.

GJEKK GALE: Eirin Maria Kvandal fall, skadde kneet og var ute i lang, lang tid etter dette fallet i 2021.

Foto: AFP

I tillegg peikar ho på hopping i normalbakkar. Alle NRK har spurt i denne saka er einige om at dei mindre bakkane gir ei større belastning.

– Du kjem ofte frå ei større høgde, og landar med meir trykk. Så det er definitivt også ein faktor. Eg er einig med Strøm om dressane og. Det er samansett, seier Kvandal.

For eitt år sidan blei også landslagshoppar Kristoffer Eriksen Sundal skadd i menisken.

– Det er jo ikkje bra at sånne skadar skjer, spesielt på det norske laget. Det er eit stort trykk å hoppe. Det pleier å gå fint, men når det ikkje gjer det, så kjenner du på det, seier Sundal.

Har jobba tett med problemet

Henning Stensrud er trenar på det norske kvinnelandslaget. Han har følgt både Kvandal og Strøm tett i opptreningsfasar etter kneskadar. Han har forska mykje på tematikken.

– Det er veldig komplisert, fordi det er mange ting. Det kan komme av alt frå bakkepreparering, til korleis kvar enkelt utøvar landar, og sjølvsagt utstyr. Det er mykje utstyr ein kan gjere noko med tenker eg.

 Hopp, stor bakke for kvinner

HJELPAR: Henning Stensrud (til høgre) har vore trenar for landslaget i fleire år.

Foto: NTB

Stensrud foreslår også avgrensingar på kva ein kan gjere med sko. Han vil ha mindre pads, og han ønsker større dressar. Han vil også ha rettare stag, og betre preparerte bakkar.

Han meiner at det må takast grep.

– Eg håpar det. Det er mange grep som kan takast. Ein kan gjere ting med bakken. For eksempel flytte K-punktet lenger opp i bakken. Det er veldig mange løysingar på det her, seier han.

NRK har prøvd å få gjere eit intervju med FIS-leiinga i hopp, men førebels ikkje lykkast i å komme i kontakt.

Publisert 03.03.2025, kl. 22.52

Read Entire Article