Kallar miljøtiltak for det komplette vannvidd: – Kan bli direkte farleg

10 hours ago 2


– Eg skal vere forsiktig, men eg lurer på om franskmennene her rett og slett har tatt fram eit gamalt tjuvtriks frå boka. At dette eigentleg er for å spare pengar, seier Ulriksen tydleg oppgitt til NRK.

Søndag skal 60.000 springe gjennom Paris sine gater i det tradisjonsrike maratonet. Men nytt av året er altså at alle flasker og plastkoppar frå dei ulike drikkestasjonane er fjerna.

I staden må løparane sjølv ta med seg sin eigen drikkebehaldar i form av ei mjuk flaske, ein samanleggbar kopp eller eventuelt drikkesekk som dei kan fylle opp ved ulike drikkepunkt langs løypa.

Håpet er å fjerne dei hundretusenvis av halvtomme plastflaskene og koppane som blir liggande att i bygatene.

– Komplette vannvidd, kallar Ulriksen det nye miljøtiltaket, som vart prøvd ut for første gong på halvmaratonen tidlegare i år.

NRK har forsøkt å kontakte den franske arrangøren om kritikken frå Ulriksen, men dei har førebels ikkje svart på våre spørsmål. Lenger ned i saka kan du lese arrangørens svar til BBC.

en mann med solbriller

KRITISK: Langdistanseløpar og arrangør av Drammen Halvmaraton Kristian Ulriksen er kritisk til miljøtiltaket under Paris Maraton.

Foto: Jørgen Ryggvik Karlsen / NRK

Den fritalande nordlendingen, som mellom anna er kjent frå NRK-podkasten «Det lange løp», understrekar at han ikkje kjenner til alle detaljane på korleis vatnet blir delt ut til løparane.

Han fryktar uansett det kan bli eit komplett kaos og evig lange køar når 60.000 løparane skal kjempe om dei edle dropane.

– Det vil sjølvsagt gå ut over prestasjonen, men det kan også vere direkte farleg, åtvarar Ulriksen, som sjølv er arrangør for populære Drammen Halvmaraton.

Lite hygienisk

Ein gjennomsnittleg mosjonist som deltar i slike løp brukar 4,5 timar. Han fryktar mange vil droppe å stå i kø og heller springe vidare. For deretter ende opp dehydrerte.

Han har sjølv sett deltakar i høg temperatur som trur dei toler meir dei gjere.

Ifølgje BBC Sport er det venta at representantar frå maratonløpa i London, New York og Chicago, som er i same skala som Paris, vil vere på plass i dei franske gatene for observere korleis systemet fungerer.

Maraton

FOLKSAMT: 60.000 skal springe gjennom Champs-Élysées i den franske hovudstaden søndag under Paris Maraton.

Foto: Christophe Ena / AP,NTB

Regjerande noregsmeister, Sjur Krystad Prestsæter, rosar det franske tiltaket.

– Det tenker eg er flott for det er mykje plast på eit slikt løp. Det er viktig å få redusert bruken av eingongskoppar og plast. Dette er framtida, seier han til NRK.

Ulriksen derimot håpar heile opplegget blir stua bort i ei skuffe.

– Eg nektar å tru at dette blir trenden. Eg trur heilt ærleg dette er noko som først og fremst ser bra ut i eit XL-ark og ikkje for dei som skal ut å springe.

Han peikar på at det kostar å hyre inn 5000 funksjonærar til for å ivareta alle drikkestasjonane. I tillegg er søppel nedover kontinentet er ein stor kostnad for arrangøren.

Vannflasker

VATN: Det går vanlegvis med store mengder flasker med vant under ein maraton. Her frå London i fjor.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP,NTB

Men han er også skeptisk til dei hygieniske forholda.

– Kva med sjukdommar viss alle skal stikke sine eigen kopp ned i dei same bøttene med vatn?

Han forstår at alle plastflaskene og dei hundretusenvis av plastkoppane som blir liggande igjen etter eit slikt løp er ei utfordring.

– Klart alle skal bidra og så vidare. Men er det verkeleg her slaget skal stå?, spør han retorisk.

Hevdar det ikkje vil bli eit problem

I eit intervju med BBC Sport seier direktør for Paris Maraton, Thomas Delpeuch, at han er trygg på at lange køar ved drikkepunkta ikkje skal bli eit problem.

Han seier at dei har auka talet på drikkepunkt frå åtte til 13. I tillegg er det sett ut vasspreiarar i tilfelle varmt vêr.

Folksamt

TETT: Arrangøren er trygg på at omlegginga skal gå smertefritt.

Foto: XAVIER GALIANA / AFP,NTB

– Plast er overalt i livet vårt, og vi treng tøffe avgjersle for å bryte oss lause. Løparane har sett pris på flasker og koppar i årevis for at det har vore praktisk, men ting forandrar seg no, legger Delpeuch til.

Han understrekar at utprøvinga under halvmaratonen for vel ein månad sidan var vellykka.

Ulriksen er likevel ikkje overtydd.

– Eg er jævlig usikker på korleis dette der skal gå.

Publisert 11.04.2026, kl. 13.36 Oppdatert 11.04.2026, kl. 14.37

Read Entire Article