Kallar inn TikTok etter kjempebot: – Eg er skuffa

19 hours ago 3


TikTok-eigar Bytedance har varsla at dei vil anke avgjerda om bota på 530 millionar euro.

Bota på 530 millionar Euro tilsvarar 6,2 milliardar kroner.

Det er det irske datatilsynet (DPC) som meiner at Bytedance / TikTok har brote dei strenge personvernreglane.

Personopplysningar om europeiske brukarar har blitt blitt lagra på kinesiske serverar, og at kinesiske tilsette har hatt tilgang på desse dataene.

Dette gjeld både TikTok-brukarar i EU og i EØS-området.

I granskinga som er gjennomført av DPC, har dei spesielt sett på overføringar av data til Kina og om TikTok var open og tydeleg nok om dette med brukarane.

Kallar inn til møte

Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) kallar no TikTok inn på teppet.

– Eg er skuffa over at TikTok ikkje ser ut til å ha tatt dette på tilstrekkeleg alvor, seier Tung.

Ho kallar no TikTok inn til eit møte for å få ei fullstendig utgreiing om kva tiltak dei gjennomfører for å rette opp og utbetre dei alvorlege manglane.

– Eg reagerer sterkt på at TikTok har overført opplysningar om europeiske brukarar til Kina slik selskapet nå har erkjent.

Ho meiner det er alvorleg at dei først gav irske myndigheiter feilaktig informasjon, det er bra at det irske datatilsynet reagerer kraftig.

TikTok logo

TikTok er ei populær plattform blant norske barn og unge. Ifølge Medietilsynets rapport Barn og Medier 2024, brukar 58 prosent av barn og unge mellom 9–18 år appen.

Foto: Dado Ruvic / Reuters / NTB

Innrømde lagring

DPC meiner at TikTok ikkje var opne med brukarane, noko som er eit brot på krava til openheit.

TikTok opplyste først at dei ikkje lagra data i Kina, men innrømde i april 2025 at noko data likevel hadde blitt lagra der – i strid med tidlegare informasjon dei hadde gitt til DPC.

Det irske datatilsynet vurderer no om det er behov for ytterlegare tiltak, i samråd med andre datatilsyn i EU.

Janne Stang Dahl i det norske Datatilsynet meiner at DPC har gjort ei grundig vurdering.

– Vi tenker jo at dette er ei stor sak, seier Dahl.

Ho peikar på at det er mange personopplysningar som blir overført til Kina.

– Det er jo alvorleg at personopplysningar frå så mange brukarar blir overført til eit land utan brukaren sjølv veit det, meiner ho.

TikTok er usamde

TikTok er ueinig i avgjerda og planlegg å anke ho i sin heilskap.

Dei meiner at avgjerda ikkje tek omsyn til "Project Clover", eit datasikkerheitsinitiativ på 12 milliardar euro som blei innført i 2023.

Dette prosjektet skal ha innført nokre av dei strengaste datavernstiltaka i bransjen.

TikTok peikar på at avgjerda fokuserer på ein periode før 2023, altså før desse tiltaka blei innførte.

Dei understrekar at dei aldri har fått førespurnader frå kinesiske styresmakter om tilgang til europeiske brukaropplysningar, og at dei heller aldri har delt slike data.

TikTok meiner at denne avgjerda kan få konsekvensar for alle globale selskap som opererer i Europa, ikkje berre dei sjølve.

Dei viser også til at TikTok har 175 millionar brukarar i Europa, over 6 000 tilsette, og at plattforma har bidrege til over 51 000 jobbar og 4,8 milliardar euro i verdi.

Hovudkontor i Irland

Straffa svarer truleg til den tredje høgaste bota som nokon gong er utferda av det irske datatilsynet.

Tidlegare har Amazon fått ei bot på 746 millionar euro medan Facebook-eigar Meta har fått ei bot på 1,2 milliardar euro.

Irske myndigheiter utferda dei fleste av desse bøtene da dei fleste store teknologiselskapa har den europeiske forretningsadressa si i Irland.

– Må ta omsyn

Kina-ekspert Hans Jørgen Gåsemyr peikar på at EU strammar grepet overfor dei store teknologiselskapa.

– Det er alvorleg, noko dei tar veldig seriøst. Det er på ingen måte overraskande og TikTok er førebudde på dette, seier Gåsemyr.

Han seier vidare at det skjer store endringar internt i TikTok.

– Særleg når det gjeld korleis data blir behandla og lagra. Desse endringane heng saman med krava frå EU.

Publisert 02.05.2025, kl. 12.06 Oppdatert 02.05.2025, kl. 13.45

Read Entire Article