Kaffi kostar skulen dyrt – brukar over 60.000 kronar meir i året

20 hours ago 6


– Eg er ganske avhengig av kaffi. Den fyrste koppen er ein oppkvikkar om morgonen. Det blir fleire utover dagen, fortel lærar i elektrofag Benny Arntsen ved Bodø vidaregåande skole.

På lærarrommet forsyner kaffityrste lærarar seg med kaffi, frå store blanke kaffikanner. Ifølgje rektoren går det nokre 100 liter kaffi kvar dag. Dei siste fem åra har kostnaden gått kraftig opp.

I 2019 kosta ein kopp 1,88kr. I 2024 kosta den same koppen 2,97kr. Forskjellen er kring 63.000kr meir i året for skulen og dei tilsette samanlikna med 2019.

Kaffikanner på disken i lærarrommet

Det går med fleire 100 liter kaffi kvar dag på personalet på Bodø vidaregåande skole i Bodø.

Foto: Ine-Sofie Bruhaug / NRK

Førebels får personalet drikke så mykje kaffi dei vil, men rektor Nina Røvik ved Bodø vidaregåande innrømmer at det kostar skulen meir enn før.

– Ei krone opp på eit så lågt beløp, det merkast når det er nokre hundre liter kvar dag som blir koka og drukken, fortel rektor ved Bodø videregående.

Globalt fenomen

Kaffiprisen er historisk høge ifølgje Kaffe.no, som er opplysingskontor for kaffi.

– Ein vil oppleve større etterspurnad enn tilbod av kaffi. Det kjem til å bli produsert mindre kaffi nå enn på veldig mange år. Først og fremst på grunn av klimatiske utfordringar, seier dagleg leiar i Norsk Kaffeinformasjon, Marit Lynes.

Marit Lynes

Marit Lynes, daglig leder i Norsk Kaffeinformasjon.

Foto: Norsk kaffeinformasjon

På råvarebørsen i New York nådde kaffiprisane sitt høgaste nivå nokosinne i februar i år.

Prisane har gått noko ned i etterkant, men i løpet av det siste året har kaffi stige med 95 prosent på råvarebørsen i New York, ifølge nettstaden Trading Economics.

Med andre ord kostar kaffi dobbelt så mykje nå.

– Kaffiprisane er på ein «all time high», seier Lynes.

Prisen skal truleg opp

Men den verste prisstiginga har ikkje nådd den norske forbrukaren heilt enda.

Den kaffien vi kjøper i butikkane i dag, er nemleg kaffi som blei kjøpt inn for ei stund sidan, forklarer Lynes.

– Det vil ta tid før den norske forbrukaren får dei prisane ut i marknaden, seier ho.

At råvareprisane doblar seg, betyr likevel ikkje at du og eg må betale det dobbelte.

– Brenning, emballasje og transport verkar inn på kaffiprisen. Her har ikkje prisane stige like mykje, forklarar Lynes.

Dårlege avlingar og dollarprisen har også ein stor innverknad.

Kaffi blir handla i dollar. Så når dollaren stig, går kaffiprisen opp.

Og når børsen svingar på grunn av vêrforhold, hausting, politisk uro eller endringar i etterspurnad, påverkar det prisen på kaffi globalt.

– Brasil og Colombia står for ein stor andel av verdsproduksjonen. Når det skjer noko med avlinga i eit land som står for 60 prosent av verdsproduksjonen, vil prisane stige.

Friele Kaffi i hylla på Rema 1000KaffiPrisRema 1000

Hylleprisen på kaffi er 117,90 kr for 500 gram kaffi i hylla på Rema 1000 i Bodø sentrum.

Foto: NRK

Klima endrar produksjonen

Karl Thunes er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio). Han seier at klimaforandringar gjer at produksjonen av kaffi har andre utfordringar nå enn før. Kakao er utsett for det same.

– Begge krev heilt spesielle klimatiske og jordmessige tilhøve for å trivast, seier han.

Viss tilhøva blir endra, kan produksjonen måtte bli flytta høgare opp, til dømes.

Både kaffi og kakao er også sterkt utsett for skadegjerarar som insekt og sopp. Også desse organismane kan få betre tilhøve av endra klima.

– Dette er med på å gjere kvaliteten dårlegare, avlingane mindre og tilbodet lågare, forklarer han.

Dette seier butikkane

NRK har vore i kontakt med dei størst matvarekjedene om grunnen til at prisane på kaffi har gått opp dei siste åra.

Dette svarer dei:

  • et skilt på ein bygning

    Audun Braastad / NTB

    Rema 1000

    – Prisauken me har sett på kaffi skuldast ein svakare kronekurs, auka transportkostnader og – kanskje viktigast – ein kraftig auke i råvareprisen som følge av klimaendringar. På berre eitt år har råvareprisen på kaffi nesten dobla seg, skriv Hege Rognlien, leiar for kommunikasjon i Rema 1000

  • Logo, firmanamn

    Norgesgruppen

    Norgesgruppen

    – Kaffiprisane er blitt vesentleg høgare. Me har aldri opplevd så høg råvarepris på kaffi over tid som me ser no. Det er heller ikkje teikn til at det vil endre seg i nær framtid.

    – Dårlege avlingar i Brasil, og kaffispekulasjon, der spekulantar har kjøpt opsjonar i kaffimarknaden er også med på å presse prisane oppover, skriv Kine Søyland kommunikasjonssjef i NorgesGruppen ASA

  • Illustrasjonsbilde. Logoen til selskapet Coop som er på bygningen i Oslo sentrum.

    Frederik Ringnes / NTB

    Coop

    – Me har nyleg hatt kampanje på kaffi. Me såg ein auke i sal av kaffi på 80 %. Tørke i Brasil og mindre avlingar har ført til ein kraftig auke i prisane på kaffibønner, som nå har nådd nivå som ikkje har vore sett på over 50 år, skriv Harald Kristiansen, Kommunikasjonsdirektør Coop Noreg SA.

Brukar ein tredjedel på kaffi

– Kaffi er kjempeviktig. Om morgonen er det om å gjere å få ein kaffikopp for dei fleste, fortel rektor ved Bodø vidaregåande, Nina Røvik.

Rektoren fortel vidare at dei ikkje har merka mykje til prisendringane. Dei har heller ikkje tenkt å sette opp prisen eller avgrense kaffibruken til dei tilsette. Sjølv om dei brukar ein tredjedel meir på kaffi.

en person med langt hår

Rektor ved Bodø vidaregåande skole Nina Røvik tykkjer kaffi til dei tilsette er viktig.

Foto: Ine-Sofie Bruhaug / NRK

Lærarane betalar ein fast pengesum kvar månad for dei edle dropane. Kontingenten har ikkje endra seg mykje for lærarane dei siste åra. Dei meiner det er ein viktig del av arbeidsdagen.

Benny Arntsen er lærar i elektrofaget på Bodø vidaregåande skole. Han nyt ein kopp te i matpausen men drikk fleire koppar kaffi, både på jobb og på fritida.

Han tykkjer kaffiprisane i matbutikken har blitt veldig dyre.

– Kva tenkjer du er rett pris på 250 gram kaffi i butikken?

– Eg tykkjer rett pris for 250 gram er kring 20kr. Når eg finn tilbod kjøper eg heile kaffibønner som eg kvernar heime til morgonkaffien, dei har blitt veldig dyre, seier Arntsen.

Kaffi uansett pris

– Eg vil kjøpe kaffi i butikken uansett vil eg tru. Men no må eg kanskje tenkje på at eg ikkje lagar meir kaffi eg treng, sidan det er blitt så dyrt, seier Benny Arntsen, lærar ved Bodø vidaregåande skole.

Rektor ved skulen fortel at dei har tatt omsyn til at ikkje kald kaffi skal gå i vasken etter ein arbeidsdag.

– Me har hatt litt fokus på kaffisvinn. Etter lunsj tar du med deg ei halv kanne på avdelinga eller på eit møte, i staden for å fylle heil kanne. Så me har vi vore inne på å redusere forbruket, fortel rektor Røvik.

et bord med en bolle og en bolle med mat på

Noko varmt i koppen i lunsjpausen på Bodø vidaregåande.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Publisert 11.05.2025, kl. 07.49

Read Entire Article