Finsk politi har tatt seg inn på eit tankskip i Finskebukta, etter brotet på ein undersjøisk kraftkabel onsdag.
Skipet heiter «Eagle S», ifølge Aftonbladet, og var på veg frå St. Petersburg til Egypt. Det siglar under flagget til Cookøyene, som er ei øygruppe i Stillehavet.
Tidlegare i dag blei det oppdaga tre nye kabelbrot i same området, ifølge det estiske nyheitsbyrået EER.
Det skal vere snakk om kommunikasjonskablar.
Ifølge finsk politi blir saka etterforska som grovt hærverk.
– Skipet ligg no i finsk farvatn. Det er flyforbod i området, seier politiinspektør Ilkka Koskimäki.
Publisert 26.12.2024, kl. 13.23