Julie (29) hamna midt i dramaet: – Det var berre heilt kaos

2 hours ago 3


Torsdag føremiddag var Davidsen på veg til matbutikken. Midt i handlinga høyrde ho plutseleg fleire sirener.

– Då eg gjekk ut av butikken, var det berre heilt kaos, fortel Davidsen, som bur og jobbar i München.

Krysset der ein personbil køyrde inn i ei folkemengda ligg berre tre minutt gange frå leilegheita hennar.

Då NRK ringer, har Davidsen nettopp kome inn døra til leilegheita, som ligg i den same gata som hendinga.

– Det er framleis masse sirener, politibilar og sjukebilar som køyrer rundt i området.

Julie Davidsen ble vitnet til kaoset i München.

Norske Julie Davidsen (29) bur berre tre minutt gange frå krysset der ein bil køyrde inn i ei folkemengde torsdag morgon.

Foto: Privat / Privat

– Det var litt skummelt

Så langt er 28 menneske bekrefta skadde, og hendinga har sett ein skikkeleg støkk i nordmannen.

– Eg har i alle fall ikkje lyst til å gå mot store folkemengder lenger, og den neste veka kjem eg nok til å velje vegar der det er færre folk, fortel Davidsen og legg til:

– Ein begynner jo å tenke over dei små vala ein kan ta.

Privat bilde fra bilangrepet i Munchen.

Då Julie Davidsen gjekk ut av matbutikken blei ho møtt av eit reint kaos.

Foto: Privat / Privat

Fredag til søndag denne veka blir Den internasjonale sikkerheitskonferansen arrangert i München, der mellom anna statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg skal delta.

– Dei begynte å sette opp sperringar til sikkerheitskonferansen allereie i går. Det har også køyrt mykje politi rundt om i byen, så eg har jo tenkt at det kunne vere litt høgare risiko akkurat denne helga.

– Men eg blei likevel veldig overraska over at eit slikt angrep skjedde i den gata eg bur i. Det var litt skummelt, seier Davidsen.

Publisert 13.02.2025, kl. 15.21

Read Entire Article