Jublar over snøen: – Dette er gull

5 months ago 29


– Vi har venta på dette. No håpar vi det kjem mykje, og meir enn meldt, seier Sanaker Lohne.

Etter ein snøfattig vinter så langt, daler endeleg snøen ned over nokre av dei største vinterdestinasjonane i landet.

– Dette her er gull, seier Gudrun Sanaker Lohne, destinasjonssjef ved Skistar i Trysil.

Gudrun Sandaker Lohne

Gudrun Sanaker Lohne, destinasjonssjef i Skistar Trysil håper på meir snø.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

Så langt i sesongen har dei berre kunne opne litt over halvparten av bakkane i skianlegget i Trysil. No ser det lysare ut.

– I dag er cirka 70 prosent av heisane og 45 prosent av bakkane opne. Så dette kjem godt med. Vi manglar snø i nokre av bakkane der vi ikkje har snøproduksjon.

– Så vi gler oss over dette, og eg vil ha meir snøkaos, seier destinasjonssjefen i Trysil.

Kasper Heier-Arnesen gler seg over snøfallet. Han har eitt råd til dei som ergrar seg over snøkaos: – Kjøp deg eitt par ski og nyt snøen, seier han.

FOTO: FRODE MESKAU / NRK

Snøkaos

Medan nokre gler seg over snøvêret, skaper det problem andre stader.

Uvêret har ført til innstillingar og forseinkingar i flytrafikken, toga og T-banen står. På vegane har det vore ei rekke uhell måndag.

To brøytebiler har nå havnet i grøfta i Grønningbakken.

To brøytebilar enda i grøfta i Risør måndag.

Foto: Torfinn Skåttet / Aust Agder Blad

Meteorologisk institutt har no utvida farevarselet for svært mykje snø på Austlandet, for snøvêret vil vare lengre.

– I utgangspunktet gjaldt farevarselet til klokka 12 tysdag, no blir det utvida til klokka 22 tysdag kveld, seier statsmeteorolog Ingrid Bentsen.

Og det er ikkje berre litt snø det er snakk om.

Måndag og tysdag er kan det komme opp mot 60 centimeter snø fleire stader.

Det er Agder og Telemark som får mest snø fram til måndag kveld. Då vil vêret flytte seg nordover mot Oslo og Innlandet.

Kva synest du om snøvêret?🎿❄️

Jublar over snøen

– No lavar det ned, og det skal det gjere i morgon òg.

Det er statusrapporten frå Beitostølen, ifølgje administrerande direktør ved Beitostølen resort, Atle Hovi.

– Her er det er jubel! Dette er kjærkomme. Det er jo dette vi lever av, snø.

Beitostølen alpinanlegg

I dag er fem av sju skiheisar opne på Beitostølen. No ser det ut til at dei kan opne dei to siste i løpet av veka, seier Hovi.

Foto: Frode Meskau / NRK

No er vinterdestinasjonen i Valdres fylt opp med danskar, svenskar og britar som vil oppleve den norske vinteren.

– Dei vil ha snø til å gå på ski, stå på ski og gjere vinteraktivitetar. Dei jublar no dei òg.

Det er ikkje berre i Trysil og Beitostølen det blir jubla over «snøkaoset»:

  • Atle Hovi

    Stine Bækkelien / NRK

    Beitostølen:

    – Det har vore utfordringar med lite snø tidlegare denne sesongen, så dette er veldig kjærkomme. No er fem av sju skiheisar opne, og kan få opna fleire i løpet av veka, seier Hovi.

    Snøen som har kome, og som det vil komme meir av, er ein veldig god start på året for han.

    – Dette er jo jubel for oss. Her er det ikkje noko snøkaos, seier han.

  • Unn Hovden, destinasjonssjef i Destinasjon Hovden.

    Privat

    Hovden:

    Dagleg leiar i Destinasjon Hovden, Unn Hovden, jublar også.

    – Det har vore ein litt variert start på vinteren, men no har vi fått skikkeleg påfyll, og det er veldig, veldig bra.

    Ho melder om gode forhold både for dei som vil stå på langrenn og i skibakken.

    – Jamt over er det kjempefine forhold no, seier Hovden.

    Men ho åtvarar om at det er mykje vind i området måndag.

  • Andreas Smith-Erichsen

    Skistar

    Hemsedal:

    – No ser det riktig så bra ut, seier Andreas Smith-Erichsen. Han er destinasjonssjef for Skistar Hemsedal.

    – Dette er kjærkomme og det blir riktig så fint ute no.

    Også i Hemsedal har det vore lite naturleg snø denne vinteren, så med litt ferskt pudder frå oven, melder han om gode forhold.

  • Espen Stensvold Rønning, marknadssjef Alpinco

    Erland Husom

    Kvitfjell og Hafjell:

    – Det er nok nokre som ergrar seg over snøen, men her jublar vi, seier Espen Stensvold Rønning.

    Han er marknadssjef i Alpinco som eig og driv både i Kvitfjell og Hafjell, men også Oppdal.

    Lite nedbør og høge temperaturar har gjort det vanskeleg å produsere mykje snø i Kvitfjell og Hafjell, men no ser det ut til å losne.

    – Eg har akkurat tatt ein tur, og no ser det veldig bra ut.

  • Espen Stensvold Rønning, marknadssjef Alpinco

    Erland Husom

    Oppdal:

    I Oppdal har dei derimot hatt gode forhold lenge, ifølgje Stensvold Rønning.

    – Der har det eigentleg vore snø heile sesongen. Der fekk vi snøfall tidleg, seier han.

    – Der er det fabelaktige forhold no.

  • Anna Bryn

    Privat / NRK

    Voss:

    – Etter ei mild jul har vi fått masse nysnø. I tillegg har vi produsert ville mengder snø den siste veka, så forholda her på Voss er fantastisk bra, seier Anna Bryn, dagleg leiar i Voss Resort Fjellheisar.

    Ho anslår at det har kome rundt ein halvmeter med naturleg snø i anlegget den siste veka.

    – Den snøen er veldig viktig for å få opna løyper og gjere forholda perfekte, seier ho.

Betydeleg snøskredfare

Får snøkaoset deg til å ville rømme til fjells, er det greitt å vere klar over at det er mykje vind og betydeleg snøskredfare fleire stader no.

Frå måndag er det betydeleg snøskredfare i Vest-Telemark, Jotunheimen, Indre Sogn, Hallingdal, Salten, Svartisen, Helgeland, Indre Fjordane, Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre, Voss, Hardanger, Heiane.

Det er også venta betydeleg snøskredfare i Ofoten frå tysdag.

Publisert 06.01.2025, kl. 16.10

Read Entire Article