Jonas Lovv var tydeleg spent før den viktige juryprøven onsdag kveld. Men ifølgje ESC-kommentatoren leverte han godt.
– Kjempebra juryprøve som sat som eit skot. Han sklei litt på scena, men gjorde det til ein del av koreografien, seier ESC-kommentator Jim Ødegård Pedersen.
Han trekker særleg fram formidlingsevna.
– Han og Norge skal sjølvsagt til finalen!
Artisten sjølv er godt nøgd.
– Det kunne vel eigentleg ikkje gått betre, seier Jonas Lovv til NRK etter prøven.
– Sklei du på scena, eller var det bevisst?
– Kan vi ikkje berre late som om det var koreografi, og så håper vi det ikkje skjer i morgon? Eg trur eg fekk litt overtenning, seier artisten.








English (US)