Nøyaktig fire minutt er det magiske talet når 64-åringen køyrer gjennom Freifjordtunnelen på Nordmøre til og frå jobb. Ein dyster fartsstatistikk gjorde at Vegvesenet i fjor sommar sette opp fartsmålingar i tunnelen.
Pendlaren John-Georg Brandtzæg hadde ikkje lyst på bot.
Men så fekk han ein idé: han begynte å ta tida på kor lang tid han brukar mellom målepunkta i tunnelen. Deretter sørga han for at han aldri er ute av tunnelen før det har gått meir enn fire minutt.
Dette gjer at han ikkje køyrer for fort og får fartsbot.
– Når eg kjem til andre boksen skal det stå på null, helst då. Eller tida skal ha gått ut, det er det beste, då køyrer du under 80, seier han.
Han har etter kvart fått stålkontroll på avstand og tid, og har eit fast punkt midt i tunnelen der han sjekkar at det står att to minutt. Då skal han vere sikker.
Får hjelp frå mobilen
Den erfarne sjåføren vedgår at ideen om å bruke tidtaking ikkje er heilt hans, men at han las om det på Facebook.
Der hadde ein kjenning rekna ut at turen gjennom den vel fem kilometer lange tunnelen på Nordmøre ikkje burde gå raskare enn fire minutt, dersom ein skulle vere sikker på å ikkje bryte fartsgrensa.
Etter det har tidtaking i Freifjordtunnelen vore fast rutine for Brandtzæg.
Gjennom talestyring får han telefonen til å starte nedteljinga.
- Har du lyst å rekne ut sjølv kor lang tid du bør bruke for å vere sikker på å halde deg under fartsgrensa? Då kan du endeleg få bruk for formelen du truleg lærte både i mattetimen og då du tok førarkort: Tid = strekning delt på fart
Færre som trår på gassen
Det er nok ikkje alle som har tatt i bruk John-Georg Brandtzæg sin metode for å klare å halde styr på farta – men noko dramatisk har skjedd i tunnelen på Nordmøre det siste halvåret:
- Fartsmålingar frå hausten 2023 viste at nesten 60 prosent trykte for hard på gassen.
- Etter at Vegvesenet sette inn fotoboksar sokk talet til under 20 prosent.
– Den gjennomsnittsmålinga her har hatt ein veldig god effekt, seier seksjonssjef Hilde Halås Hasseløsæther i Statens vegvesen.
– Blir folk rett og slett litt skremt?
– Eg trur ikkje vi skal bruke omgrepet «skremt». Eg trur vi alle har eit ønske om å halde fartsgrensa, og så er ATK-boksane til hjelp for at vi skal ha litt større medvit, seier ho.
seksjonssjef Hilde Halås Hasseløsæther i Statens vegvesen er fornøgd med at farta har gått ned i tunnelen.
Foto: Eirik Haukenes / NRK
Syns du det er en god ide å bruke stoppeklokke for å unngå fartsbot?
Trygg Trafikk er skeptisk
Pressesjef Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk har aldri høyrt om bruk av stoppeklokke og nedteljing for å passe farta, og vedgår at han er skeptisk.
– Det enklaste er berre å forhalde seg til fartsgrensa, eg kan ikkje sjå at det er noko stort behov for å drive med utrekningar, seier han.
Han meiner det er enklare og tryggare å bruke cruisekontroll, dersom det er vanskeleg å halde rett fart gjennom tunnelen.
– Poenget er ikkje å køyre fort den eine delen og sakte den andre, men å halde ein jamn fart. Dermed utset seg ein ikkje seg sjølv eller andre for unødvendig risiko, seier han.
Pressesjef Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk ser ikkje heilt poenget med å ha tidtakar når ein køyrer tunnel.
Foto: Jonas Been Henriksen / NRKI tunnelar over heile landet er det gjennomsnittsmåling av fart, det viser oversikta til Statens vegvesen.
Avviser at metoden er trafikkfarleg
John-Georg Brandtzæg trur tvert om at du får jamnare fart ved å halde orden på tida. Han seier at mange køyrde alt for seint då fotoboksane blei sett opp i fjor sommar, i frykt for å få fartsbot. Problemet var så stort at det blei tema i lokalavisa. Det stadfestar også seksjonssjef Hilde Halås Hasseløsæther i Statens vegvesen.
Brandtzæg seier han ikkje treng anna enn å snakke til mobilen sin for å sette på stoppeklokka, og seier han har konkludert med at metoden ikkje er trafikkfarleg.
– Eg køyrer rolegare no enn før, og det trur eg fleire gjer også, seier han.
– Men kvifor brukar du ikkje berre cruisekontroll?
– Eg har ikkje vendt meg til det og så synst eg det er kjempegøy med den tidtakinga.
– Men du veit det er sikkert ein del folk som ristar på hovudet og synest du er ein tulling?
– Jajajajaja, det er heilt i orden, ler han.
Publisert 01.03.2025, kl. 06.32