Jobba gratis i eit heilt år: – Harde kår

15 hours ago 4


– Det blei trongt med pengar, så eg var nøydd til å spare opp ei god tid i førevegen, seier politistudenten Hedda Hjelmen.

Politistudentar har praksis i eit heilt år, som ein del av utdanninga. Då får dei ingen lønn for arbeidet, slik dei fekk før.

Å leve berre på lån og stipend på rundt 10.000 kroner i månaden gjer studiet økonomisk krevjande for studenten.

– Som student er det lite å rutte med, og det er vanleg. Men under praksis skulle ein kanskje fått ein andel av det ein arbeider for, fordi det er mykje å jobbe to jobbar og samtidig vere student og ta eksamenar.

Ho etterlyser ein del av grunnlønna under praksisen, som ville gjort det enklare for studentane.

– Under praksis skulle det ha vore noko betaling, for det blei harde kår.

Hedda Hjelmen

23-åringen frå Rogaland meiner det hadde vore enklare for politistudentane om dei fekk lønn under praksis.

Foto: privat

Krev ekstra stipend og auka støtte

Leiaren for Norsk Studentorganisasjon Sigve Næss Røtvold krev ei ekstra stipendordning frå Lånekassa som sikrar praksisstudentane økonomisk.

I tillegg ønsker Norsk Studentorganisasjon at studiestøtta aukar.

Sigve Næss Røtvold, leder Norsk studentorganisasjon

Sive Nøss Røtvold er leiar for Norsk Studentorganisasjon. Han starta vervet frå 1. juli.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Skjalg Bøhmer Vold / NSO

– Vi meiner det mest treffsikre tiltaket for å sikre at alle studentar har ein tilstrekkeleg økonomi er å auke studiestøtta og knyte den til 1,5G, seier leiaren.

Å knytte studiestøtta til 1,5G betyr 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda.

I kroner svarar til det 186.042 kroner etter dagens sats.

I dag er studiestøtta 166.859 kroner.

Får ikkje lov å ha jobb

Hjelmen er frå Jørpeland i Rogaland studerer på politihøgskulen i Stavern. Til hausten begynner ho på det tredje året av utdanninga.

Under heile praksisperioden var ho i Nærøysund, heilt nord i Trøndelag.

Hedda Hjelmen

Heilt nord i Trøndelag hadde Hjelmen praksis i eit heilt år.

Foto: privat

Om ein som politistudent skal ha deltidsjobb ved sida av praksis, må ein søke.

– Når ein jobbar som politi, kan ein fort hamne i rollekonfliktar. Spesielt om ein er i praksis på ein liten stad.

Avheng av økonomisk støtte

Når det er vanskeleg å tene pengar som politistudent, opplev Hjelmen at det er skilnad på korleis studentane klarer seg.

– Det er nok nokon som får litt støtte frå foreldre som greier seg utan jobb, seier ho.

– Politistudentar, som alle andre studentar, skal ikkje vere avhengig av sterk personleg økonomi eller eit økonomisk sikkerheitsnett for å kunne gjennomføre praksis, seier leiaren for Norsk Studentorganisasjon.

Forsking viser at studentar som har lønna praksis har det betre enn dei utan.

Dei opplev også meir verdifulle praksisopphald og blir fortare tilsett etter utdanning.

– Studiestøtta dekker ikkje alt det vi studentar skal betale i løpet av ein månad. Og vi veit at dårleg økonomi fører til bekymring og stress, som har negativ påverknad på læringsutbyttet, seier Næss Røtvold.

Fekk lønn før

Før fekk politistudentane lønn under studiet. Då var det tenesteskule, og ikkje høgare utdanning. Sidan 1992 har det vore ei høgskuleutdanning.

– Dette har vore både ei politisk ønska utvikling gjennom ei styrking av høgare utdanning for mange profesjonar, og ei forhandlingssak mellom utdanninga og etaten, seier prorektor for utdanning ved politihøgskulen, Kjell Eirik Mortensen.

– Praksisåret er ikkje ei tilsetjing, men ei rettleia, praktisk del av utdanninga.

 prorektor for utdanning, Kjell Eirik Mortensen.

Foto: Didrik Linnerud Arnesen / PHS

Han peikar på at fleire høgre utdanningar har lange praksisperiodar utan lønn, blant anna bachelorgrada til å bli sjukepleiar.

Medan ein journaliststudent for eksempel får lønn i sin praksisperiode.

– Det er mange politistudentar som har deltidsjobb ved sida av studiet, alle tre studieår, på lik line med andre studentar, og gjer ein god jobb innanfor mange ulike felt. Dette gir også erfaringar som kjem til nytte i vidare utføring av polititenesta, seier Mortensen.

Må prioritere vekk karakterar

Semesteret før praksis starta Hedda Hjelmen i deltidsjobb, som mange andre studentar gjer for at økonomien skal gå rundt.

– Men det gjer at eg må prioritere mellom å få toppkarakterar og å jobbe ved sida av. Eg opplever at mange som ikkje jobbar har meir tid til skule og får betre karakterar.

Tal frå Lånekassa viset at 86 prosent av fulltidsstudentar har jobb.

Har du jobba ved sidan av studier?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Hjelmen skal halde fram med deltidsjobben på sjukeheimen medan ho går siste året.

– Eg har høyrt at det er mykje skule det siste halvåret, men eg skal prøve å få jobba litt dette halvåret, så ser eg kva eg gjer til neste halvår.

Publisert 12.07.2025, kl. 16.10

Read Entire Article