– Eg var skeptisk og nervøs til å flytte. Men nokon måtte ha mot til å gjere det, seier Vetle Bergsvik Thorn til NRK.
Klokka har passert ni om morgonen.
Fem unge menn har møtt opp for dagens første treningsøkt – i symjehallen.
Vetle Bergsvik Thorn (26), Sebastian Wernersen (23), Eirik Berling Grande (19), Felix Almløf (19) og Petter Ellingsbø (24) har ein ting til felles:
Dei er på landslaget i triatlon og har alle flytta til Drammen.
PÅ TRENING: Vetle Bergsvik Thorn (til venstre, Eirik Berling Grande og Sebastian Wernersen før dei skal ut på dagens symjeøkt.
Foto: Jørn André Lien / NRKGav byane ein score
Bakgrunnen er at staden kan by på unike treningsforhold for idretten som kombinerer symjing, sykling og løping.
Bergen har i mange år vore triatlon-metropolen. No er det altså Drammen som er den nye basen for det norske landslaget fram mot OL i Los Angeles i 2028.
SJEF: Nikolai Aamaas er utviklingsansvarleg i Norges Triatlonforbund.
Foto: Norges Triatlonforbund– Vi var ute etter ein ny base. Utøvarane hadde eit ønske om å samlokalisere. Og trene meir saman som har vore ein del av suksessoppskrifta tidlegare, seier Nikolai Aamaas, utviklingsansvarleg i Norges Triatlonforbund.
– I den prosessen blei fleire byar vurdert. Og då «scora» Drammen høgast, legg han til.
Han fortel at byen har eit veldig bra symjeanlegg, som har både 50 meters basseng inne og ute. Det er også ein løpebane rett på utsida av symjehallen.
– Vi har nærleiken til marka og gode landevegar for sykling. Men likevel kort veg til Oslo og Olympiatoppen. Og direktetog til Gardermoen, seier Aamaas.
– Uroleg
Dei fem utøvarane trenar mellom 1100–1200 timar i året.
Eldstemann Vetle Bergsvik Thorn blei nummer 17 i OL i Paris i 2024. Thorn hadde større forhåpningar, men «hadde ikkje dagen», som han seier.
No har han flytta frå familie og venner i Bergen.
OL-HÅP: Vetle Bergsvik Thorn blei nummer 17 i OL i Paris i fjor. Verken han eller Kristian Blummenfelt (bak) hadde sin beste dag.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBEtter å ha teke med flyttelasset frå vestlandet, køyrt over Hardangervidda og nedover Hallingdal, kom han til byen ein kald og grå marsdag i år.
Han lurte på kva han hadde gjort no.
– Ein er alltid uroleg for at det ikkje blir slik ein har tenkt. «Oh, shit», plutseleg hadde eg berre flytta liksom, seier han.
Ofrar studiar
Tvilen blei straks borte.
OFRA BERGEN: Vetle Bergsvik Thorn flytta frå Bergen til Drammen i vinter. Så langt har han ikkje angra. Dessutan er det meir sol i byen.
Foto: Jørn Lien / NRK– Så langt er eg veldig fornøgd. Det har vore lite å klage over. Sommaren var ekstremt bra og treningsfasilitetane er gode. Eg trivast veldig godt her, seier Thorn.
– Kva var utfordringa med å flytte hit?
– Eg får jo ikkje sett familien min. Og det er litt uvant. Så er det jo eit stykke å køyre dersom eg skal heim. Men bortsett frå det har det berre vore meir positivt enn negativt så langt, seier Thorn, som bur saman med kjærasten i byen.
Eirik Berling Grande flytta ikkje like langt. Han er oppvaksen på Røa i Oslo. Men når kompisane starta på studiar i Trondheim eller Bergen i haust, sette han seg på toget til Drammen i august.
– Eg reiste hit for å trene. Men eg ser ikkje på det som eit offer. Studiar kjem nok ein eller annan gang. No er eg villig til å satse både mot OL i 2028 og 2032, seier Grande.
– Tøft å kvalifisere seg til OL
Han bur i kollektiv saman med lagkameratane Sebastian Wernersen og Felix Almløf.
– Det blir litt guttastemning. Og det er gøy. Det er ganske enkelt å bu saman når ein har same rutinar og livsstil. Men det blir litt lekeslåssing inn i mellom, smiler Wernersen, som er nyslått U23-europameister.
EUROPAMEISTER: Sebastian Wernersen er fersk U23-europameister. Her er han avbilda i 2022.
Foto: Martin Meissner / AP / NTBPlanen er at gjengen skal vere samla i byen fram til 2028.
– Det er tøft å kvalifisere seg til OL, og det å ta medalje er endå tøffare. Då er det viktig å hente marginar der ein klarer, seier Thorn og legg til:
– Alle som er her ønskjer å kome til Los Angeles eller Brisbane i 2032. Då er ein ei gruppe som trenar mot det same målet, alle veit kvifor dei er her. Og alle har noko å bidra med i gruppa.
– Betre enn Blummenfelt
Akkurat no ligg gjengen på rundt tre økter kvar dag. Og mellom 25–27 treningstimar i veka.
– Det blir mykje trening, seier Almløf.
– Kva er målet ditt?
– Eg har lyst til å bli verdas beste triatlet. Og bli nemnt som ein av «the all time greats». Eg har lyst til å vinne OL i 2032, seier Almløf.
Han seier med eit smil at han skal bli betre enn Kristian Blummenfelt – Noregs råaste triatlet gjennom tidene med blant anna OL-gull frå Tokyo i 2021.
– Han er eit stort forbilde. Eg vil no dei same måla som han, om ikkje meir, seier talentet.
SYKLING I DRAMMEN: Vetle Bergsvik Thorn er fremst og eldst og «sjefen» i gjengen. Eirik Berling Grande (frå venstre) og Sebastian Wernersen følgjer på.
Foto: Jørn Lien / NRKIkkje lenger ein stygg by
Han sjølv flytta frå Nittedal etter å ha budd på guterommet. Petter Ellingsbø er frå Hamar. Medan Sebastian Wernersen flytta frå Tønsberg
– Her har vi alle føresetnader for å gjere det bra. Vi kan springe i Finnemarka. Vi kan sykle rundt Tyrifjorden og sykle ned mot Vestfold. Vi har bakken opp mot Konnerud og den veldig fine løpebanen her på Marienlyst, seier Eirik Berling Grande.
Petter Ellingsbø fortel at han har vakse opp med spørsmålet: «kva skal ein eigentleg gjere i Drammen»?
– Men eg er blitt meir glad i byen. Eg har ikkje fått testa utelivet og restaurantane, men vi får sjå når sesongen er over om vi får sjekka ut det andre Drammen har å by på, smiler han.
Etter symjeøkta ventar ein såkalla moderat løpetur. På ettermiddagen ventar eit par timar på sykkelsetet på landevegane i Buskerud.
– I Oslo tek det alt for lang tid før vi er ut på landevegen. Det kan bli litt kjedeleg å sykle inn og ut av Maridalen og Sørkedalen heile tida. Her kjem vi rett ut på landevegen, seier Grande.
OFRAR STUDIAR: Medan kompisane har reist til studiar i Bergen eller Trondheim, har Eirik Berling Grande det best i Drammensbadet.
Foto: Jørn Lien / NRKDrammen var ein gang i tida med i kåringa som Noregs styggaste by. Det fnys dei av.
– Eg og har fått høyre at Drammen var eit «høl». Sånn er det ikkje lenger, seier Felix Almløf.
– Drammen er undervurdert. Vi kosar oss her, seier Sebastian Wernersen.
Publisert 04.10.2025, kl. 10.45