Nesten like mange fedrar får fødselsdepresjon, som det mødrer gjer, sier forsker Agnes Bohne ved UiT Norges arktiske universitet.
Likevel er det eit fåtal av pappaer som oppsøker hjelp.
Martin Bjercke er ein av få fedrar, som gjorde akkurat det.
– Eg mista meg sjølv når eg blei far. Gleda var borte og alt blei tungt, seier Bjercke.
Tida før sonen kom til, kjente dei kommande forelderen på glede og spenning
Men sjølve fødselen blei dramatisk - livet til både mor og son sto i fare.
Det blei ein utløysande faktor for at Bjercke gjekk inn i ein fødselsdepresjon.
– Eg begynte å tenke på kva om det ikkje hadde gått bra. Alt blei veldig mørkt.
– Enorm lette
Det var ingen tvil om at den kommande sonen var ein kraftkar.
Undersøkingar viste at han var stor, men framleis innanfor normalen.
Men fødselen blei alt anna enn enkel.
Sonen ville ikkje ned i fødekanalen.
– Det viste seg at han ikkje berre var stor, han var enorm, seier Bjercke og ler lett.
Sonen vog over 5,5 kg.
– Det var ein enorm lette då alt gjekk bra.
Likevel har mørke tankar følgt Bjercke.
– Hadde vi ikkje hatt eit så godt apparat rundt oss, trur eg ikkje Alexandra og Alf hadde vore her i dag.
Frå superpappa – til deprimert
Etter fødselen var ein periode med delte følelsar.
– Vi var enormt lykkeleg!
– Men det var også veldig tøft, seier pappa Martin.
Fødselen var ei enorm påkjenning for Alexandra Marie Backström.
– Ho blei sengeliggande, og eg måtte nok ta ein del meir ansvar enn normalt.
Martin blei til dels både mor og far.
Den nybakte pappaen gjekk inn i krisemodus, og alt handla om å få kvardagen til å gå rundt.
Redselen etter den dramatiske fødselen, blei ikkje handtert.
– Det var først når Alexandra blei betre og vi kom inn i kvardagstralten, at eg tillèt meg å kjenne på dei vonde følelsane.
Då small det.
Pappafølelsen
Gilbert Borgen sleit også med fødselsdepresjon.
– Derfor laga eg nettsida blipappa.no. I håp om å nå ut til dei pappaene som treng hjelp, seier Borgen.
Borgen huskar godt første gong han kjente pappa-hjartet brenne.
– Som far, blei eg ikkje så godt involvert av helsetenesta.
Men då jordmora rakk ultralyd bilde til Gilbert, sa ho:
– Og så kan pappa halde dette.
– Eg blei litt sat ut, og det var eigentleg først då eg tenkte at «oi, eg skal jo faktisk bli pappa», seier Gilbert.
Forskar Agnes Bohne trur dette er eit stort problem i helsetenesta.
– Slik systemet er i dag, ser vi ikkje heilskapleg på familien. Det er separate tenester for mor, barn og far.
Ho jobbar ved UiT Noregs arktiske universitet, og er psykolog og PhD-stipendiat i prosjektet «God start for Små i Nord».
Fødselsdepresjon er noko ho har forska mykje på.
Bohne trur fedrar ikkje blir følgt opp, på lik linje med mor og barn.
– Far forten, nei faktisk. Heile familien forten at far er ein like stor del av familien, som det mor er, seier Bohne.
Då Borgen blei pappa, blei ikkje alt som han hadde tenkt.
– I den alderen barna er så liten, er det vanskeleg å vite kva ein kan bidra med som far, seier han.
– «Kva gjer eg her», tenkte eg til tider. Eg var heilt ubudd på kor lite eg kunne gjere for ungen den første tida.
– La oss vere ærleg
Agnes Bohne påpeikar at menn ofte har færre av dei klassiske symptoma.
– Det kan gjere at ein ikkje veit at dei har ein depresjon, seier psykologen.
Å vere nedstemt er eit hovudtrekk ved depresjon.
– Eit viktig poeng er at det betyr ikkje at ein sit å græt. Mangel på glede er meir rett å forklare kva det å vere nedstemt er.
– Men korleis kan nokon som ikkje har født, få fødselsdepresjon?
– Fødselsdepresjon er ein heilt vanleg depresjon. Det som er spesielt, er at depresjon oppstår under svangerskap eller etter fødselen, svarer Bohne.
Sjølv om fødande mor har mykje meir hormon som påverkar ho, kan også fedrar og medmødrer få fødselsdepresjon.
– La oss vere ærleg, belastninga ved å få barn, er enorm. Det vil ikkje berre vere glede ved å få barn.
Utløysande årsaker kan mellom anna vere, forventningsbrot, sosioøkonomisk belastning eller at din partnar strever.
Bohne påpeiker at svært få menn oppsøker hjelp.
Ho trur det kan vere ein kombinasjon av at menn ofte har utypiske symptom og at det er tabubelagt.
– I tillegg ser vi at menn generelt er veldig dårleg på å oppsøke hjelp, konkluderer Bohne.
Snakk om det!
Martin Bjercke er ein av få menn som søkte hjelp.
– Eg skjønte eigentleg ganske raskt at dette var meir enn eit par dårlege dagar.
På Helsestasjonen anbefalte dei han å ringe rask psykisk helse.
– Eg kom i kontakt med ein hyggeleg psykolog som laga eit opplegg til meg.
– Mitt beste tips er å snakke om det, seier Bjercke.
No er Bjercke pappa til to.
– Det var mykje jobb også andre gong, men eg var mykje meir førebudd.
– I ettertid er eg takksam for erfaringa eg fekk, det har gjort meg sterkare.
Bjerke fortalde den nærmaste kompisgjengen om fødselsdepresjon.
– Responsen var enorm!
– Det gjorde at vi opna opp og er blitt mykje tettare, seier Bjercke.
Han nikkar bekreftande mens han tenker seg litt om.
– Eg tenker det må vere heilt innanfor å ha det tungt psykisk, også for menn.
Hei!
Har du tips til meg om denne saka?
Eller kanskje til ein anna sak?
Send meg gjerne ein e-post då!
Publisert 27.02.2025, kl. 21.12