Ja, du ser rett: No kan robotar gjere kung-fu

2 days ago 3


Etter ein målretta spurt mot springbrettet, hoppar robotane opp og tek ein salto.

Dei landar på begge beina. På berre nokre millisekund finn dei balansen.

– Vi har aldri før sett slik atletisk åtferd i eit så stort omfang, for ikkje å snakke om motet til å vise det offentleg.

Professor ved institutt for teknisk kybernetikk på NTNU, Konstantinos Alexis, innrømmer at han blir imponert av gårsdagens framsyning.

Nytt år, ny teknologi

I kjend spektakulær stil gjekk den årlege nyttårsgallaen av stabelen måndag kveld. I over fire timar viste den kinesiske kringkastaren fram det dei hadde å by på av diablotriks, barnekor, hærsoldatar på hest og, ikkje minst, det nyaste innan robotakrobatikk.

Bildet viser en scene fra et danseshow hvor flere barn og roboter opptrer sammen. Deltakerne er kledd i fargerike kostymer, med noen i gult og rødt, mens robotene har metalliske overflater. Bakgrunnen har et fargerikt landskapsmotiv som gir kontekst til forestillingen. Bevegelsene uttrykker samspill og koreografi mellom barna og robotene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Saman på scena i går, hadde robotane med seg born som gjorde kampsport med dei.

Foto: CCTV

Millionar av sjåarar både i og utanfor Kina har tradisjon for å sjå den årlege sendinga på den kinesiske nyttårskvelden.

I fjor lét mange seg imponere av dansen der robotane veiva med lommetørkle i takt.

– Då dansa robotane med sakte, enkle og meir rufsete rørsler, seier robotikkprofessor Alexis.

  • en mann i dress som ser i kamera (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Konstantinos Alexis

    • Professor ved Institutt for teknisk kybernetikk, NTNU

I år er valsen ein annan.

– Framstega på desse områda går fortare og fortare. Det er ikkje magi, men teknologien er blitt mykje meir moden. Neste år kan vi vente oss at rørslene blir betydeleg meir komplekse enn dei allereie var i år, seier Alexis.

I fleire av innslaga på nyttårsgallaen samarbeidde robotar og menneske for å gje god underhaldning til dei millionar av sjåarane som følgde den fire timar lange sendinga.

Bak dei imponerande saltoane og kule triksa ligg ei stor satsing på kunstig intelligens og menneskeliknande robotar.

Meir enn berre kule triks

Alexis fortel at innan robotikk skil ein mellom ulike typar intelligens.

Robotane til selskapet Unitree imponerte med atletiske manøvrar som overgår det mange menneske kan. Likevel er det lenge før robotane overgår menneske på andre stadium.

– Det ein enno ikkje ser er at robotane forstår kontekst og reagerer på omverda slik menneske gjer. Der har robotane framleis mykje å lære, forklarer robotprofessoren.

Ein robothund ligger på rygg i bunnen av en trapp. Mange mennesker står bak et rekkverk og ser på robothunden, med mobiltelefoner i hånden for å ta bilder. De er ute og det er godt vær. Det er tydelig at oppmerksomheten er rettet mot robothunden. (Bildebeskrivelsen er laget ved hjelpe av en KI-tjeneste)

Det gjekk gale for denne robothunden ved eit tempel i Beijing på nyttårsdagen. Den fall under ei framføring.

Foto: Maxim Shemetov / Reuters / NTB

Alexis legg til at innslaget på nyttårsgallaen i går var nøye programmert. Som utøvande artistar har robotane gått gjennom rutinen mange gonger, så ein er sikre på at ingenting skulle gå gale.

På sikt er målet at robotane kan bidra på nye måtar i produksjon, og å hjelpe til med oppgåver som ein assistent i heimen. Då må dei kunne reagere smartare.

Faktisk billege

Det var dei nyoppstarta selskapa Unitree Robotics, Galbot, Noetix og MagicLab som bidrog med robotar i fleire innslag på scena. Det er likevel kampsport-innslaget til Unitree som får mest merksemd.

Mange mennesker er samlet i et rom for å observere og ta bilder av tre roboter på en scene. Deltakerne ser interesserte ut, mange holder mobiltelefonene sine oppe. Det er en stor plakat med teksten "Links All" og "Future Calls" i bakgrunnen. Omgivelsene tyder på at dette er en teknologiutstilling eller messe. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MagicLab er eitt av mange unge selskap som satsar tungt på robotar som liknar og ter seg som menneske og dyr. Her frå ei robotmesse i sørlege Kina i fjor vår.

Foto: JADE GAO / AFP / NTB

Allereie no ligg Unitree sine robotar ute til sals. Prislappen for éin robot ligg på rundt 130.000 norske kroner.

– Det er veldig billig gjeve at teknologien er såpass ny. I tillegg gjer det dei meir tilgjengelege så ein raskt kan få eit fellesskap rundt desse robotane, seier Alexis.

Interessert i å følge med på det som skjer i verda? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen her:

Publisert 17.02.2026, kl. 21.17

Read Entire Article