Ivar Dyrhaug om Morten Harket: – Du kan ha mange gode dagar med denne sjukdomen

2 days ago 10


– Du kan ha mange gode dagar med denne sjukdomen, seier Dyrhaug, som også valde å vere open då diagnosen kom.

Han byrja å merke symptom under innspelinga av Beat for Beat, då han sleit med å gjennomføre små dansetrinn.

– Viktig å vere open

Beat for Beat-programleiaren og låtskrivaren stod fram offentleg med sjukdomen i 2022.

Sidan då har han vore open og delt erfaringar i fleire intervju og dokumentarar, mellom anna då han reiste til Italia.

Der prøvde han og Gerhard Helskog eksperimentell behandling med vitamin B1.

Dyrhaug er trygg på at Morten Harket (65) står støtt i det å stå fram med sjukdomen.

– Eg har ingen problem med å akseptere diagnosen, sa Harket i ei pressemelding tidlegare onsdag.

For Dyrhaug er det eit viktig poeng.

– Det er veldig viktig at du er open når du har det, og viser dei andre som har det, at dette går bra, seier den pensjonerte programleiaren.

Ivar Dyrhaug i studio.

Ivar Dyrhaug var onsdag gjest i Dagsrevyen.

Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

Har fått same operasjon

At Morten Harket også har vald å vere open, er leiaren i Noregs Parkinsonforbund, Edgard Valmanis, svært glad for.

Valmanis har sjølv levd med diagnosen i mange år, og har også nyleg tatt same hjerneoperasjonen som Harket.

Deep Brain Stimulation heiter operasjonsmetoden der pasienten får operert inn elektrodar på høgre og venstre side av hjernen.

Dette har ført til færre symptom for Harket, og mange av dei andre som har fått denne behandlinga.

Edgar Valdmanis

Edgar Valdmanis er forbundsleiar i Norsk Parkinsonforbund.

Foto: parkinson.no

Vil ha meir forsking

Men for dei aller fleste er kvardagen prega av medisinar med verkestoffet levodopa.

– Det blei tatt patent på denne medisinen i 1967, sidan den tid har det ikkje kome ei einaste pille som kan erstatte denne, fortel Valmanis.

Han håpar at openheita til kjende folk kan vere med på å få enda meir forsking på parkinson.

– Sjukdomen blir av mange framleis rekna som ein gamalmannssjukdom, men vi har medlemer ned til 30-åra, seier forbundsleiaren.

Morten Harket har fått parkinson-diagnose, og tidligere programleder Ivar Dyrhaug tror han kan fortsette å lage musikk til tross for sykdommen.

Ikkje lyst til å synge

Morten Harket har i mange tiår vore kjend for si mektige stemme.

I pressemeldinga tysdag la han ikkje skjul på at det er store utfordringar no.

– Eg har ikkje lyst til å synge, og det er eit teikn for meg. Spørsmålet er om eg kan uttrykke meg med stemma. Eg veit ikkje om den vil la seg handtere lengre fram i tid.

For Ivar Dyrhaug er det viktig no at Morten Harket no finn ut av korleis livet skal vere framover.

– Eg trur han kjem til å finne kunstnariske uttrykk, uansett om han ikkje klarer å halde den klokkeklare stemma.

Morten Harket, frontfigur i a-ha

Morten Harket har vald å vere heilt open om parkinsondiagnosen.

Foto: Stian Andersen / a-ha.com

Publisert 04.06.2025, kl. 20.18

Read Entire Article