Israelsk menneskerettsorganisasjon: – Vi må stoppe folkemordet no

9 hours ago 3


– Vi kalla rapporten for «Vårt folkemord» fordi det rett og slett er det vi har vore vitne til.

Det seier Shai Parnes som er talsperson for den israelske organisasjonen B'tselem til NRK.

– Vi må stoppe folkemordet no. Det er det einaste som betyr noko.

Måndag publiserte dei ein felles rapport saman med Physicians for Human Rights Israel.

For fyrste gong kallar dei sitt eige lands krigføring i Gaza for eit folkemord.

Talsperson for den israelske regjeringa David Mencer seier de sterkt avviser skuldingane.

Viser til offentlege kjelder og retorikk

Rapporten dokumenterer omfattande øydelegging i Gaza som svolt, fordriving og systematiske angrep på sivile.

Parnes seier at rapporten ikkje bygger på skjult informasjon, men på ei grundig gjennomgang av det som allereie er offentleg.

Palestinere mottar nødhjelp.

Video: Reuters

Organisasjonen viser til uttalar frå israelske toppolitikarar tidleg i krigen, som dei meiner bidrog til å legitimere overgrep mot palestinarar:

  • Statsminister Benjamin Netanyahu sa i ein tale til israelske soldatar: «Hugs kva Amalek gjorde mot deg». Ei bibelsk referanse til eit folk som i jødisk tradisjon symboliserer det ultimate vonde, og som Gud i Det gamle testamentet påbaud skulle utslettast. Dette har Netanyahu nekta for.
  • President Isaac Herzog sa heile befolkninga i Gaza er ansvarlege for 7. oktober.
  • Dåverande forsvarsminister Yoav Gallant, 9. oktober 2023 sa: «Full kringsetjing av Gaza. Ingen straum, ingen mat, ikkje vatn, ikkje drivstoff. Alt er stengt. Vi kjempar mot menneskelege dyr, og vi handlar deretter.»
  • Fleire israelske ministrar har nekta for at det finst svolt i Gaza, trass i at både FN og humanitære organisasjonar har slått fast at det er snakk om hungersnød.

Responsen frå det israelske samfunnet er så langt er uviss, ifølgje Parnes, som snakkar med NRK berre timar etter publiseringa.

På spørsmål om kva dei håpar rapporten skal føre til, svarar han:

– Vi håpar denne rapporten får det internasjonale samfunnet til å handle. Ofte reagerer verda først når det er for seint. I dette tilfellet må det ikkje skje.

– Dette er ikkje ein krig mot Hamas

Etter at Hamas angreip Israel 7. oktober 2023, drap rundt 1200 menneske og tok fleire gislar, gjekk Israel til krig mot Gaza.

Sidan då har den israelske offensiven øydelagt store delar av Gaza. Nesten 60.000 menneske er drepne, ifølgje helsemyndigheitene i Gaza.

Bygg ligger i ruiner.

Øyedeleggingar nord i Gaza, sett frå den israelske sida av grensa. Bildet er tatt 7. juli.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

Nesten heile befolkninga på over 2,2 millionar er drivne på flukt. FN og ei rekkje hjelpeorganisasjonar har åtvara om akutt hungersnød.

– Dette er ikkje ein krig mot Hamas. Dette er mord, seier han.

Han understrekar at terrorangrepet 7. oktober var ein forferdeleg dag.

– Hamas gjorde seg skuldig i brotsverk mot menneskeslekta.

Parnes meiner likevel at det ikkje kan rettferdiggjere Israels krigføring etterpå.

Meiner vestlege leiarar er medansvarlege

Parnes meiner at det internasjonale samfunnet har svikta dei 22 månadane krigen har gått føre seg.

Dei har brote si eiga forplikting til å verne menneskerettar.

Han er særleg kritisk til rolla vestlege leiarar har spelt.

Nokre vestlege leiarar har til og med støtta det som skjer.

I rapporten hevdar organisasjonen at vestlege land, særleg USA, har gitt Israel de facto immunitet frå ansvar.

Dei meiner denne støtta må ta slutt, og peikar på at det finst både juridiske og økonomiske verkemiddel som kunne vore tatt i bruk for å stanse Israel.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner det er opp til ein domstol å avgjere om det som skjer i Gaza kan kallast folkemord.

Samstundes oppmodar han verdssamfunnet til å leggje press på Israel for å sikre meir nødhjelp til Gaza.

Denne veka diskuterer verdas leiarar framtida til Palestina. Det skjer i New York, men utan USA og Israel som har nekta å delta.

Eide som er på plass i konferansen seier det er unison einigheit om at «dei grufulle handlingane i Gaza ikkje kan halde fram».

Vi er einige om at vi må gjere alt vi kan for at palestinarane skal få fridom i sitt eige land. Fleire og fleire land snakkar no tydeleg om behovet for å anerkjenne Palestina, og om fridom for det palestinske folket.

B’Tselem si vurdering kjem samtidig som Israel er under gransking av Den internasjonale domstolen (ICJ), etter ei sak reist av Sør-Afrika.

Også Amnesty International har brukt folkemordomgrepet. Dei meiner det finst klare bevis for at Israel brukar svolt som våpen i eit forsøk på å påføre folkemord mot palestinarane i Gaza.

Israelske styresmakter har kalla skuldingane antisemittiske og uakseptable.

– Korleis reagerer de på kritikk om at det å bruke ordet «folkemord» kan skade framtidige juridiske prosessar?

– Kven tenker på framtida? Vi må stoppe folkemordet no. Det er det einaste som betyr noko.

Publisert 29.07.2025, kl. 08.22 Oppdatert 29.07.2025, kl. 08.27

Read Entire Article