Det melder Times of Israel og fleire israelske medium.
Israel Katz set dette i samanheng med president Donald Trump sine uttalar om at USA bør ta over Gazastripa. Det stiller Katz seg positiv til.
Forsvarsministeren meiner at ei ordning for utvandring vil kunne løyse delar av konflikten i regionen.
Han opplyser at militæret skal lage ein plan der palestinarar som ønskjer det, kan emigrere til land som seier seg villige til å ta dei imot.
Han nemner spesifikt Noreg, Spania og Irland som aktuelle mottakarland.
Desse landa har alle anerkjent Palestina som stat, og Katz meiner at det gjer det hyklersk dersom dei ikkje tek imot palestinske flyktningar.
Han hevdar vidare at desse landa har kome med falske skuldingar mot Israels krigføring.
Difor meiner Katz at dei bør ta ansvar ved å ta imot palestinarar som ønskjer å forlate Gazastripa.
Trump vil at USA tar over Gaza – møter sterke reaksjonar
USAs president Donald Trump sa tysdag at han ønskjer at USA tek over Gaza og at palestinarane flyttar ut. Det har skapt sterke reaksjonar, òg frå FN.
– Det var veldig overraskande, men vi må sjå kva dette konkret betyr, sa FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi til nyheitsbyrået AFP.
Utanriksminister Espen Barth Eide uttala til NRK at Noreg meiner Gaza framleis skal vere ein del av ein framtidig palestinsk stat.
– Verdssamfunnet har lenge sett både Vestbreidda og Gaza som palestinsk, seier han, og kallar Trumps utspel «eit klart avvik» frå USAs Midtausten-politikk.
NRK har bede UD om kommentar til den israelske forsvarsministeren sine nye uttalar, men har ikkje fått svar endå.
Publisert 06.02.2025, kl. 08.04 Oppdatert 06.02.2025, kl. 08.24