Israel ordrar militæret til å hindre Greta Thunbergs naudhjelpsbåt frå å nå Gaza

5 hours ago 4


Nyhendebyrået Reuters melder at Israels forsvarsminister Israel Katz har ordra forsvaret (IDF) til å hindre at naudhjelpsbåt når Gaza.

Klimaaktivisten Greta Thunberg er saman med fleire andre på veg på Gazastripa i ein seglbåt.

Dei er litt under 300 km frå Gaza nå.

Det er organisasjonen Freedom Flotilla Coalition (FFC) som står bak.

På søndag skreiv dei på Instagram at dei opplever problem med kommunikasjonsverktøya sine. Problema meiner dei er målretta frå Israel.

Publisert 08.06.2025, kl. 13.55 Oppdatert 08.06.2025, kl. 14.02

Read Entire Article