Nyhendebyrået Reuters melder at Israels forsvarsminister Israel Katz har beordra forsvaret (IDF) til å hindre at ein naudhjelpsbåt når Gaza.
Klimaaktivisten Greta Thunberg er saman med elleve andre på veg på Gazastripa i seglbåten «Madleen».
No er dei litt under 300 km frå Gaza.
Thunberg har engasjert seg i saka mot Israel si krigføring i Gaza. Her er ho avbilda i Italia for ei veke sidan, før ferda til Gaza starta.
Foto: Salvatore Cavalli / AP / NTBDet er aktivistorganisasjonen Freedom Flotilla Coalition (FFC) som står bak.
På søndag skreiv dei på Instagram at dei opplever problem med kommunikasjonsverktøya sine. Problema meiner dei er målretta frå Israel.
Tidlegare angrep
FFC blei utsett for eit angrep under ei tidlegare reise til Gaza med naudhjelp. Då var dei i internasjonalt farvatn utanfor Malta.
Ingen har sagt at dei stod bak angrepet, men FFC sjølve meiner Israel stod bak.
Publisert 08.06.2025, kl. 13.55 Oppdatert 08.06.2025, kl. 14.19