Isbjørnjakt er totalforbode i Noreg – likevel finst det ein millionmarknad bak lukka dører

6 days ago 19


I suvenirbutikken på Bryggen i Bergen handlar turistane luer og troll. Men i eit separat rom i nærleiken av butikken, endrar utvalet seg radikalt.

Isbjørnen har vore totalfreda i Noreg sidan 1973, og arten har status som sårbar. Likevel tillèt norsk lov kjøp og sal av skinn importert frå utlandet.

Trehusbebyggelsen på Bryggen i Bergen i sol april 2026. Biler, turister, trafikanter og handlende i vårværet.

POPULÆRT: Trehusrekkja på Bryggen i Bergen er blant dei best besøkte turistattraksjonane i Noreg. Kjetil Sørensen AS held til midt i bilete.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

I nærleiken av butikken, skjult for vanlege kundar, ligg det eigaren omtalar som eit av verdas største private lager av isbjørnskinn med utstoppa hovud.

– Eg likar ikkje å visa dette fram. Det er litt for vulgært for meinigmann. Eg kallar dei kaffifolk, dei som ikkje er vande til å sjå slikt, seier butikkinnehavar Kjetil Sørensen.

Eit nesten tre meter langt isbjørnskinn ligg utslått over eit bord framfor han. Sørensen anslår verdien berre i dette rommet til fleire millionar kroner.

– Det er litt «touchy», dette her, vedgår den mangeårige kjøpmannen, som fortel at det skjulte rommet handlar om tryggleik og eksklusivitet.

Kjøpmann Kjetil Sørensen foran hyllene med utstoppede isbjørnskinn i det han omtaler som et "secret room" i nærheten av butikken hans på Bryggen i Bergen.

KRITISK: Kjetil Sørensen har drive fleire suvenirbutikkar på Vestlandet. Han er kritisk til at dokumentarskaparane gjorde skjulte opptak i butikken hans på Bryggen.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Press mot handel av isbjørnskinn

Isbjørnane hos Sørensen kjem frå Canada. Dette er i dag det einaste landet i verda som tillèt eksport av nyskotne isbjørnskinn. Sjølv garanterer kanadiske styresmakter at jakta er berekraftig.

I ein rapport frå 2020, bestilt av Miljødirektoratet, konkluderte Vitenskapskomiteen for mat og miljø med noko anna: Bestandsnedgang og datamangel gjer det usikkert om den kanadiske jakta faktisk er berekraftig.

Likevel vel norske myndigheiter å tillata importen. Dei har lit til kanadiske myndigheiter, sjølv om deira eige fagorgan er skeptiske.

I mange år var Noreg det landet i verda som importerte nest flest isbjørnskinn, berre slått av Kina, som importerte desidert flest.

No kjem presset på endring frå fleire kantar.

En isbjørn står på et islagt område med snø og is i bakgrunnen. Isbjørnen har kommet nærme fartøyet Kronprins Haakon på en ekspedisjon under Framstredettoktet i 2023.

FREDA: Sjølv om isbjørnen blei totalfreda internasjonalt i 1973, har urbefolkninga i Grønland, Canada og Alaska framleis løyve til ei avgrensa jakt.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

Skjult kamera i butikk på Bryggen

I den internasjonale dokumentarfilmen Trade Secret, som har mottatt fleire prisar, er bodskapen at internasjonal handel med isbjørn må ta slutt.

Dokumentaren kritiserer Noreg for to gongar å ha stemt mot eit forbod mot internasjonal handel.

I filmen blir det også sådd tvil om at alt salet av skinn frå butikken til Sørensen er lovleg.

Butikken på Bryggen fekk i 2022 besøk av ein dyrevernsaktivist som gav ut seg for å vera ein kjøpevillig kinesisk turist.

Med skjult kamera filma aktivisten ein telefonsamtale med ei tilsett i butikken. Dette opptaket er ein sentral del av dokumentaren.

Skjermbilde fra dokumentarfilmen Trade Secret. Skjermdump som viser et skjult opptak fra en butikkhylle som huser flere titals isbjørnskinn.

«Some of the bears that were hunted illegally, and traded secretly, do not have documentation», seier ein medarbeidar i butikken i eit opptak gjort i 2022. I dag avviser butikkeigaren at dei har seld eller oppbevart ulovlege isbjørnskinn.

Foto: Untitled Film Works/Trade Secret

I opptaket seier den tilsette at nokre av bjørnane er jakta ulovleg, og at kundar kan kjøpa skinna, leggja dei i bilen og berre køyra av garde, slik at det ikkje blir noko problem med import og eksport.

– Eg reagerer på bruken av skjult kamera og ulovleg filming, seier butikkeigaren til NRK.

Både Kjetil Sørensen og den tilsette avviser påstandane i filmen. Den tilsette meiner samtalen er teken ut av kontekst og feil omsett. Snakket om skinn «utan papir» som kundar kunne ta rett i bilen, gjaldt ifølgje henne eit par gamle, lovlege isbjørnskinn selde til norske hyttekundar. Sørensen støttar forklaringa, og meiner filmskaparane bevisst gjer han til syndebukk.

Filmskapar Abraham Joffe avviser at opptaket er feil omsett, og skriv i ein e-post at det er gjort uavhengige verifiseringar av omsetjingar i filmen.

– Filmen presenterer opptak av hendingar og samtalar slik dei vart dokumenterte under undersøkinga.

I dag har ikkje norske myndigheiter nokon god mogelegheit til å ettergå skuldingar om ulovlege skinn fordi dei ikkje sporar dei enkelte skinna.

Nærbilde av et utstoppet isbjørnhode på et varelager et sted i Bergen sentrum. På det kanadiske dyret henger en lapp med logoen til suvenirbutikken Kjetil Sørensen AS med påskiften "A touch of Scandinavia".

KANADISK: På det kanadiske dyret heng ein lapp med logoen til suvenirbutikken: «A touch of Scandinavia».

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Bytta ut merkelappar med sine eigne

Sørensen opplyser at han sjølv har fjerna dei kanadiske merka for å gi inntrykk av at rovdyra stamma frå Svalbard.

Målet var å overtyda kjøpesterke kinesiske kundar til å handla.

– Eg tok av nokre av merkelappane og prøvde å gøyma dei under skinna, sånn at heller våre eigne lappar viste. Eg ville ikkje at dei kinesiske kundane skulle sjå at isbjørnane var frå Canada, fortel Sørensen.

En kjøpmann viser frem de originale kanadiske merkene som er festet til et utstoppet isbjørnhode på eit isbjørnskinn. Skinnene ligger på rekke og rad på hyller i et lokale i tilknyting til butikken hans.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

– Me må berre tru på Canada

At ein norsk aktør klipper av opphavsmerka er fullt lovleg.

Samtidig illustrerer det eit paradoks i den norske handteringa av isbjørn:

For sjølv om den uavhengige vitskapskomiteen (VKM) er kritisk til at den internasjonale handelen held fram, blir det ikkje stilt krav om fysisk sporing etter at skinna har kryssa grensa.

Dag Vongraven

ISBJØRNEKSPERT: Dag Vongraven er blant dei mest anerkjente isbjørnforskarane i verda.

Seniorrådgivar Dag Vongraven ved Norsk Polarinstitutt er ein av verdas fremste isbjørnekspertar.

Han meiner Noreg bør stansa importen av isbjørnskinn fram til eit betre kontrollsystem er på plass.

– Systemet er basert på at Canada sjølv seier at skinnet er lovleg. Då kan ikkje Noreg seia noko anna utan å leggja seg bort i deira indre saker, seier Vongraven.

Et isbjørnskinn med intakt hode ligger utstilt på en butikkhylle.

ISBJØRN: Alle isbjørnskinna i Sørensens eige er kanadiske. Dei fleste er 10-15 år gamle, opplyser han.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Han peikar på at Noreg i praksis er låst av internasjonale avtalar, noko som gjer isbjørnhandelen til eit spørsmål om utanrikspolitikk.

Sjølv ville han ikkje stolt på at eit skinn i butikken faktisk stammar frå berekraftig jakt, så lenge det ikkje finst synlege teikn på at den originale merkinga er urørt.

– Ein kjøpar i Noreg har uansett ingen moglegheit til å spora kvar skinnet kom frå. Me må berre tru på Canada, poengterer han.

Miljødirektoratet legg seg heller ikkje borti denne type villeiing.

– Dersom ein seljar ønsker å gi inntrykk av at eit eksemplar stammar frå eit anna land til sine kundar, er ikkje dette noko me regulerer, svarar seksjonsleiar Inger Mari Eggen i Miljødirektoratet og legg til:

I utgangspunktet er det ikkje mogleg å vera 100 prosent sikker på nøyaktig kva eksemplar som skal seljast vidare.

Kjøpmann står med hendene i kors foran en hylle med utstoppede isbjørnhoder og -skinn i et butikklokale i Bergen.

AGENDA: Sørensen meiner filmskaparane bak dokumentarfilmen Trade Secret har ein agenda mot pelsbransjen.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

– Har ikkje nokre kjensler for det lenger

Omgitt av pels og utstoppa rovdyrhovud er ikkje Kjetil Sørensen spesielt prega av dokumentar-skuldingar.

Etter over 30 år i ein omstridd bransje, kjenner 66-åringen ikkje på noko moralsk dilemma ved å tena gode pengar på ein sårbar dyreart.

– Eg har jobba med dette i så mange år at eg ikkje har nokre kjensler for det lenger. Så lenge det er lovleg, og eg har papir på det.

Han har ikkje importert fleire skinn sidan 2022, og har ikkje hastverk med å selja ut lageret han har no.

Med tanke på at presset for å stansa den internasjonale handelen aukar, har Sørensen eit pragmatisk syn på framtida til varelageret sitt.

– Den dagen det blir totalt eksportforbod, så doblar prisen seg på dei skinna eg allereie har. Eg har ikkje noko hastverk med å selja. Dette er min pensjon, slår han fast.

Publisert 26.04.2026, kl. 22.11

Read Entire Article