Insekt tek over søpla di: – Dine eigne avla husdyr

7 hours ago 4


– Altså, dette er jo ikkje noko ein har fått i hus frå butikken. Dette er dine eigne avla husdyr, seier naturfaglærar og biolog Ivar Lien.

For då NRK sin reporter var ute å kastet matsøpla, fekk ho ein ubehageleg oppleving. Larver overalt.

Det er spyflugelarver. Og dei er på jakt etter ein plass å bu, og legge egg. Eit nytt barndomsheim for den neste generasjonen.

– Flugemamma har ein heilt super luktesans. Så ho lukter seg fram til eit egna oppvekststad til sine små, seier Lien.

Same bransje?

Ifølge naturfaglæraren spelar desse insekta ei viktig rolle. Me burde eigentleg vera glad for at dei er i søpla vår.

en mann som sitter i en blomsteråker

Naturfaglærar og biolog Ivar Lien meiner me bør tenke annleis om insekt.

Foto: Privat

– Dei har ein viktig funksjon i naturen for å resirkulere næringsstoff. Som er viktige ressursar i naturen. Så dei er eigentleg i same bransje som deg, når dei hamnar i matavfallet ditt.

Lien oppfordrar til å tenke annleis om insekt i søpla.

– Me biologar er veldig fan av at ein ikkje skal seie «æsj, så ekkelt». Men heller bytte det ut med «interessant»!

Raskare utvikling

Å ha larver i matavfallet er heilt vanleg, og sommaren gir ideelle forhold for larvene. Når temperaturen stig, går både bakterievekst og utviklinga til insekt raskare.

– Alt går fortare når temperaturen er høg, seier biologen.

Og for dei som likar å fiske, kan desse larvene kome til nytte.

– Skal du på fisketur, så har du mykje betre agn enn meitemark!

Vask, spyl, snu

Hjå renovasjonsselskapet for Drammensregionen kjenner dei godt til problemet.

– Det er noko fleire opplev i varme periodar. No som det er så varmt, så blir matavfallet brote raskare ned, seier kommunikasjonsrådgivar Mari Brenden.

Spyflue

Det fyrste du ser er kvite larver i søpla. Det er spyflugelarver (også kalla maggot). Etter ei rask utvikling, blir desse larvene til vaksne spyfluger.

Foto: Rune Aae

Ho rår folk til å knyte posane godt igjen og vaske dunkane.

– Hell oppi litt varmt vatn med grønsåpe eller salmiakk. Spyl med hageslangen og set dunken på hovudet.

Et opp maten din!

– Det viktigaste ein kan gjere for å unngå dette, er å ete opp maten sin. Sørg for å halde både bøtter og dunkar tørre og reine, seier Lien.

Det er og fleire som frys ned matavfallet sitt. Kanskje har du ete ein stor rekemiddag?

– Rekeskalet luktar litt ekstra, særleg når varmen står godt på. Det er fleire som legg rekeskala i frysaren, og legg det ut når det er hentedag. Då slepp ein den ekstra lukta, seier Brenden.

Publisert 22.07.2025, kl. 22.42

Read Entire Article