Det har vore skadeverk på Venezuelas ambassade i Oslo, stadfestar politiet.
Kriminalteknikarar undersøker no staden, og politiet er i dialog med dei tilsette ved ambassaden.
PST opplyser at dei er orienterte om hendinga.
– PST avventar politiet sine innleiande undersøkingar, seier seniorrådgivar Eirik Veum.