– Eg skjønte ikkje heilt kva det betydde. Eg ville berre tilbake til kvardagen og bli som alle andre.
Ingrid Djupskås fekk livet snudd opp ned som åtteåring. Ein fot førte Ingrid inn i ein spiral med livsendrande avgjersler og tunge beskjedar.
Ei rastlaus Ingrid Djupskås på sjukehus under kreftbehandlinga.
Foto: PrivatI ein stor kald hall utanfor Oslo møter NRK Ingrid. Inne i hallen legg to stykk ned ein avgjerande sluttspurt.
Stein etter stein vert sendt 40 meter langs bakken, i ein behageleg fart, mot ein blink som ligg fryst under isen.
Frå rullestolen plasserer Ingrid Djupskås steinane så godt ho kan nærmast den kvite vesle prikken langt der borte.
– Eg vil sei at vi er på «track». Det nærmar seg no.
Meir om det seinare.
Ingrid tydeleg misfornøgd med ein av steinane under treninga.
Foto: Johan Edward Bull / NRKEin skade som ikkje slepp taket
Då Ingrid var åtte år fekk ho kraftige smerter i beinet. Ho klarte ikkje å rekke ut beinet og det vart funnen ein svulst. Ho hadde fått ewings sarkom, ein type beinkreft.
For å bli frisk var einaste utveg amputasjon av høgre hofte. Samtidig måtte ho gjennom tolv cellegiftkurar.
Sjølv om kreften slapp taket eit år seinare, vart kvardagen aldri det same.
Utan eit hofteledd vart lårbeinet sett opp i korsryggen. Det var utfordrande å bevege seg normalt.
Etter kvart fann ho gleda i idretten. Først med boccia. Men då ho fylte 15 år, trengde ho større fysiske utfordringar.
– Mamma «heiv» meg i bassenget og sa: «Kanskje det er på tide gjere noko anna enn å ligge på sofaen».
Ein gneiste vart tent. Ho ville bli ein av Noregs beste parasvømmarar.
Men bassenget vart også ein fristad.
– Eg fann ein plass der ingen såg at eg hadde eit handikap. Eg kunne gøyme meg. Eg var som alle andre. Ein stad der eg høyrde heime.
Skulle til Paralympics
Svømminga vart altoppslukande. Ho trente 30 timar i veka og kjempa seg mot noregstoppen. Det store målet var Paralympics i London 2012.
– Det var det eg hadde kjempa for dei siste seks åra.
Foreldra hadde allereie kjøpt billettar. Ho hadde klart tidskravet. Fire utøvarar skulle bli tatt ut.
Tilbake til då Ingrid var i noregstoppen i parasvømming. Det store målet var Paralympics i London 2012.
Foto: Patrick da Silva Sæther/NRKIngrid vart rangert som nummer fem, og måtte sjå konkurransane frå tribunen i London.
Ho vart både sur og irritert over at sjansen glapp. Eit tungt slag for drammensaren.
– Eg la Paralympics-draumen på hylla. Det var min sjanse.
Den store treningsmengda sleit på kroppen. Ho fekk mellom 40 og 50 epilepsianfall om dagen, og beinet vart verre for kvar dag som gjekk.
I 2014 måtte ho gi seg med svømminga for å unngå å trene seg i stykk.
Bad om amputasjon
Den plutselege treningsstoppen vart ei ny vending for Ingrid.
– Når aktivitetsnivået går såpass ned legg ein på seg. Smerta i beinet vart enda verre.
Ho såg på det høgre beinet som ein overflødig del av kroppen, ho kunne ikkje gjere noko produktivt med den. Til slutt klarte ho ikkje gå til butikken.
Endeleg fekk ho lov til å gjere det ho hadde tenkt på i fleire år. Amputere heile beinet.
Rullestol vart det einaste alternativet, men Ingrid følte seg mykje friare.
Her står Ingrid få veker etter beinamputasjonen, for å øve på å gå og hoppe.
Foto: Privat– Du kan ikkje meine det
– Ho har alltid vore ei skikkeleg tøff jente som har visst kva ho ville, seier mor Line Djupskås.
Ho fortel om ein barndom prega av tunge avgjerder men også sprudlande energi.
Sjølv nektar ho for at dottera vart «kasta» i ut i bassenget, men at det var ei gjensidig søken etter idrettar med stort aktivitetsnivå.
Då Ingrid skulle amputere heile foten, prega det også familien.
– Eg tenkte heile vegen «du kan ikkje meine det». Det var brutalt og det er jo ingen retrett.
Mor Line Djupskås har støtta vala Ingrid har gjort gjennom oppveksten, sjølv om ho først var skeptisk til den siste amputasjonen.
Foto: PrivatEtter ein grundig prosess med samtalar, sjukehus, legar og psykolog vart det avklart.
– Ho var veldig bestemt. Og det var klokt, for no har ho det mykje betre.
Og reisa mot toppen i ein ny idrett imponerer ei stolt mor.
– Eg veit ikkje om det har hjelpt å ikkje bli tatt ut den gangen i 2012, men eg unner ho det verkeleg.
Ein trenar som fører vegen
Ingrid var ivrig etter å komme seg tilbake til idrettsmiljøet. Gjennom ein e-post dukka paracurling opp, med landslagstrenar Peter Dahlman i spissen.
– Eg hadde nok ikkje spelt curling visst ikkje eg hadde hatt Peter.
Trener Dahlman er ikkje overraska at Ingrid har klart å omstille seg til ein ny idrett.
– Ho er målretta og fullfører det ho startar på.
Peter Dahlman har vore trenar for det norske landslaget i paracurling i 11 år.
Foto: Johan Edward Bull / NRKI startperioden måtte dei lære seg å kjenne kvarandre, for dei hadde i utgangspunktet to ulike treningsmetodar. Han frå curlingmiljøet og Ingrid frå svømminga.
– Det vart til slutt eit veldig godt samarbeid der vi møttest på midten, fortel Dahlman.
Siste innspurt
Vi er tilbake i den kalde hallen. Det er éin stein igjen av spelet, og den ligge like framfor Ingrid. Visst ikkje ho treff godt, tapar ho mot trenaren.
Ho tek seg tid til å rette litt på rullestolen, eit par centimeter til venstre. Ho festar den gule, nesten tjue kilo tunge steinen til staven.
Ørsmå detaljar er forskjellen på vinn eller tap i curlingsporten.
Foto: Johan Edward Bull / NRKI ein roleg, men bestemt bevegelse skyver ho den frå seg. No kan ho berre vente.
Den siste gule steinen sneiar ein av dei raude og legge seg på den kvite prikken i midten.
Ingrid smiler, ho slår Dahlman og vinn den interna konkurransen i curlinghallen på Snarøya.
Dei siste fem åra har ho tatt steg for steg mot noregstoppen.
– Ein treng ikkje vere i topp fysisk form i denne idretten. Men eg har jobba ganske hardt for å komme hit. Det er eg ganske stolt av.
Ingrid Djupskås og Peter Dahlman trenar ofte saman aleine i curlinghallen på Snarøya.
Foto: Johan Edward Bull / NRKGjennom gode resultat tidlegare er Noreg kvalifisert til Paralympics i Italia i mars.
Og 36 år gamle Ingrid Djupskås er ein av fem som er tatt ut i troppen, 14 år etter at London-draumen gjekk i grus.
– For ein gang skyld er det mitt namn som står på den uttakslista.
No tar ho ein dag om gangen og gler seg til turen til Italia.
– Vi ønsker jo å vere blant dei fire siste i semifinalespel. Men eg vil ikkje «jinxe» det heller, seier Ingrid medan ho ler.
Publisert 11.01.2026, kl. 08.00

















English (US)