Ingeborg fryktar masseturismen i Trollstigen kan ta livet av ungane

7 hours ago 2


Den spektakulære vegstrekninga Trollstigen har blitt ein turistmagnet. Over ein million menneske besøkjer årleg det ikoniske området, der vegen slyngjer seg som ein buktande orm.

Ingeborg Sletta står ikkje på sidelinja og heiar. Ho tviheld på ungane sine på 5 og 7 år.

– Vi må passe på ungane veldig, dei kan ikkje nærme seg vegen. Det er forbod mot å gå til postkassa vår, seier ho medan tårene trillar og bilane susar forbi i 80-sona bak henne.

Tobarnsmora bur i eit klyngetun på Sogge i Rauma, rett før oppstiginga til Trollstigen.

Samla nabolaget i protest

Tobarnsmora har vore uroleg for trafikken i fleire år. Etter å ha budd borte i 15–20 år, flytta ho heim for tre år sidan.

Då hadde trafikken auka endå meir, og ho bestemte seg for å gjere noko.

Nyleg sende tobarnsmora brev til fylkeskommunen, kommunen og Nasjonale turistvegar.

en mann og en kvinne som står ved hus på Sogge i Rauma

Både Ingeborg Sletta og Odin Falch bur langs vegen. Dei meiner det hastar å få ned farta.

Foto: Remi Sagen / NRK

Saman med familiane i dei 15 husa langs vegen ber ho om at den smale vegen blir utvida, at fartsgrensa på heile strekninga blir redusert og at det blir bygd gang- og sykkelveg.

Odin Falch er ein av dei som har signert. Han trur at ein del bilar passerer i opp mot 100 km/t i 50-sona fordi huset der han bur.

– Eg har fleire gonger opplevd å måtte fysisk ta tak i barnevogna og hoppe ut i grøfta fordi eg held på å bli påkøyrt, seier han.

Har ikkje pengar til betre veg

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som eig vegen. Der er det tomt for pengar.

Politikarane vedtok nyleg ein investeringsplan for samferdselsprosjekt dei neste åra, og strekninga på Sogge er ikkje med der.

Området mellom Sogge bru og Trollstigen.

– Det er veldig mange område vi ønskjer å få gjort noko med, men det er rett og slett ikkje pengar til å gjere alle dei tiltaka vi har lyst til, seier seksjonsleiar John Hauger.

– Forstår du at dei som bur der er livredde for ungane sine?

– Eg har ingen problem med å forstår det. Det er ein prekær situasjon i sommarsesongen, mange bubilturistar og svært stor trafikk, seier han.

Hauger seier fylkeskommunen vil gjere fartsmålingar på strekninga etter sommarferien. Det kan resultere i nedsett fart i turistsesongen.

Trafikkskilt ved Sogge i Rauma som viser at femtigrensa tar slutt. En bil kjører på veien, og rundt veien er det grønne gress-sletter.

Foto: Remi Sagen / NRK

Håper dei framleis kan bu ved vegen

Trollstigen er del av turistsatsinga Nasjonale turistvegar, i regi av Statens vegvesen.

Området er marknadsført som: «...ei køyreoppleving langs ein tradisjonsrik turistveg i dramatisk vestlandsnatur med høge fjell og djupe fjordar, som lokkar både bil- og båtturistar».

Turistsatsinga har ikkje ført til mindre trafikk.

Familiane som bur langs vegen meiner det er eit paradoks at Vegvesenet og fylkeskommunen brukar millionsummar på bygging og sikring i Trollstigen - og ingenting på trafikktrygging.

Seksjonsleiar Silje Myhre Amundsen skriv i eit brev til naboane at dei forstår problema, men at det er fylkeskommunen som har ansvaret for vegen.

Naboane håper at det skjer noko før det er for seint.

Dei køyrer så veldig fort, og gjer så stygge forbikøyringar, så det å trille ei vogn langs vegen her vil eg nesten seie ikkje går an, seier Ingeborg Sletta.

– Kva håper du skal skje?

– Vi må no kunne bu her, elles blir det ikkje eit lokalsamfunn som er levande. Det må vere mogleg å ha turistar samtidig som det blir lagt til rette for oss som bur her året rundt, seier ho.

Publisert 28.07.2025, kl. 05.31

Read Entire Article