– Ein tredjedel av skulen vår var sjuk samtidig. Det var veldig mange smitta, seier Ane Sandnes-Tonning.
15-åringen måtte vere heime frå skulen førre veke, då ho kjende at halsen blei sår, hovudet verka og feberen steig.
Ane (15) måtte vere heime frå skulen då ho blei smitta av viruset.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRKTiandeklassingen er framleis hås i stemma, og hostar mykje.
– Eg har høyrd at mange har kjend på dei same symptoma som meg. Alle på skulen går framleis og hostar, seier ho.
– Meir influensasmitte denne sesongen enn i fjor
Og ho er ikkje aleine.
Det har ikkje vore like mange influensasmitta sidan før pandemien. Og talet er aukande.
– Vi antar at smittetoppen nærmar seg, men vi har blitt overraska før. Vi må nesten vente og sjå, seier overlege i folkehelseinstituttet, Trine Hessevik Paulsen.
Ferske tal frå Folkehelseinstituttet (FHI) viser at andel prøver med påvist influensa ligg på 27 prosent.
– Det er store mørketal. Mange får ikkje påvist influensa hos legen. Vi reknar med at 5 til 10 prosent av befolkninga smittast i løpet av influensasesongen.
Har du vore sjuk med influensa i vinter?
Overlegen er likevel klar på at årets influensasesong er innafor det som reknast som normalt og forventa.
– Influensa kjem til å sirkulere rundt oss i mange veker til. Så det er ikkje for seint å vaksinere seg, seier overlegen.
100 av 300 elevar sjuke
Nokon som har merka den aukande smittetrenden, er Førde ungdomsskule der Ane Sandnes-Tonning går.
– Eg har vore rektor her i ein del år, og vi har aldri hatt så mange elevar vekke utanom i koronaperioden, opplyser rektor Hallgeir Hamre.
Det blir mykje te og kakao under sjukdomsforløpet.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRKUngdomsskulen opplevde rekordhøge fråværstal i slutten av januar.
– Vi er ein skule med vel 300 elevar. Vanlegvis ligg vi på ti til 15 elevar vekke på vinteren, men no bikka det 100.
– Lytt til kroppen
Til dei med luftvegssymptom har kommuneoverlege i Sunnfjord nokon nyttige råd.
– Dei fleste av oss blei gode på smittevern under koronapandemien, og det er akkurat dei same tinga som beskytta oss mot koronavirus som kan beskytte oss mot influensavirus, seier Bård Flattun Lilleeng.
Ifølge kommuneoverlegen er det viktigaste rådet å lytte til kroppen.
– Er det nødvendig å oppsøke lege?
– Dei aller fleste treng ikkje å oppsøke lege, men vi har nokon risikogrupper. Små barn og eldre menneske over 65 år kan rådføre seg med lege under sjukdomsforløpet.
Det er viktig å få i seg nok væske om du har feber.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRKAne forsøker å «ha det gøy» medan ho er sjuk.
– Eg plar å sitte i sofaen med ein film på TV-en, helst med eit pledd over meg. Kanskje eg også lagar meg ein kopp med te eller kakao for å varme halsen.
Publisert 06.02.2025, kl. 23.06