Ikkje sikkert når Dovrebanen opnar

3 hours ago 4


Natt til tysdag blei Otta bru stengd.

– Den har flytta på seg ti centimeter. Det er alvorleg nok til at vi stenger trafikken.

Jernbanebru Otta

ISOPPHOPING: Elva vaks ei vekes tid før Bane Nor stengde Otta bru natt til tysdag.

Foto: Even Lusæter / NRK

Det seier Philippe Olivier frå Bane Nor. Han er strekningsansvarleg i Innlandet.

Nå jobbar dei for å stabilisere brua, men lite tydar på at strekninga på Dovrebanen vil opne med det fyrste.

Jerbanebru-Otta

TILGANG: Bane Nor avlastar elva med å lage sideelvar og lage veg til fundamentet på brua.

Foto: Even Lusæter / NRK

Strekningsansvarleg seier dei gjer det dei kan for at brua skal bli ståande.

– Eg meiner vi gjer riktige tiltak nå for at brua ikkje skal kollapse. Vi skal unngå det!

Men allereie for over eitt år sidan sa Bane Nor sjølv at tryggleiken mot ei brukollaps er låg.

Prøvde å sikre brua

Etter ekstremvêret Hans skreiv Bane Nor til NVE at brua ikkje var godt nok rusta til å stå i mot ein 200-årsflaum.

I mars 2024 skulle dei sikre både elva og brua.

Jernbanebru-Otta-siste

TILTAK: Bane Nor sikra elva og fundamentet til brua i mars 2024. Men tysdag skuva elva på Otta bru.

Foto: Even Lusæter / NRK

Nå innrømmer Bane Nor at dei ikkje tok god nok høgde for opphoping av is.

– Løysninga som blei skissert då vart godkjent av alle dei involverte, seier strekningsansvarleg.

– Sjølvsagt må vi lære av det som har skjedd nå.

Phillipe Olivier, strekningsansvarleg i Bane Nor

LÆRDOM: Strekningsansvarleg i Bane Nor seier dei skal gå igjennom kva som gjekk gale etter at dei er ferdig med å sikre brua.

Foto: Even Lusæter / NRK

Strekningsansvarleg i Bane Nor meiner samstundes at det er for tidleg å slå fast, at arbeidet i mars har skulda for skyvinga av brua.

– Vi må ta den analysen seinare. Nå fokuserer vi på å stabilisere brua, seier Olivier.

– Skal man gå og surmule?

Toget mellom Dombås og Vinstra kan bli innstilt lenge.

På togstasjonen i Vinstra bytter togpassasjerane på veg til Trondheim over til buss.

Svein Øyen

BYTTER: Svein Øyen skal til Mosjøen. Han må gå av toget for å ta buss i Vinstra og i Trondheim på vegen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Svein Øyen er på veg til Mosjøen.

Byttet til buss i Vinstra blir ein av to buss for tog han må ta i dag.

– Eg har nokre avtalar, men det er greitt berre eg kjem meg fram. Skal man gå og surmule for det her, spør Svein retorisk.

Erik Hancke

MØTE: Erik Hancke trur han rekk møtet sitt i Trondheim.

Foto: Even Lusæter / NRK

Også Erik Hancke, som skal rekke eit møte i Trondheim, tek byttet til buss med knusande ro.

– Det er helt greitt, det må ein godta, seier Erik.

Vinstra-bussfortog

ENDESTOPP: På Vinstra stoppar SJ-toget til Trondheim. Herfrå må passasjerane bytte til buss fram til Dombås.

Foto: Even Lusæter / NRK

SJ Noreg har persontrafikken over Otta bru.

– Det er ei trafikkert strekning. Vi ser alvorleg på alle stengingar av banestrekningar vi trafikkerer, seier Henrik Forseth, pressevakt i SJ Noreg.

Godstoga på Dovrebanen må køyre om Rørosbanen, ifølge Bane Nor.

Phillipe Olivier kan ikkje gje noko lovnad om når strekninga opnar igjen.

– Det er umogeleg å si nå kor lang tid det tar før vi kan opne strekninga. Vi må vurdere skadane og kva slags tiltak vi må gjere for at toget skal kunne gå igjen, seier han.

Bane Nor kjem med ny vurdering torsdag 30. januar.

Publisert 22.01.2025, kl. 20.51 Oppdatert 22.01.2025, kl. 21.06

Read Entire Article